Av Gunnar Yttri
Innlegg ved Arbeidslivsseminar – samfunnsfag og humaniora i framtidas arbeidsliv, 5. mars 2020, Campus Sogndal, Høgskulen på Vestlandet
Kjære alle saman
Kva kan historie og sosiologi bidra med til samfunnsutviklinga?
På eit seminar som fokuserer arbeidslivet og der dagens studentar våre i sosiologi og historie er viktig målgruppe, ligg det nær å spissa spørsmålet: Kva typar arbeid vil våre kandidatar i historie og sosiologi kunna utføra i næraste framtid?
Det er ei spissing som tek innover seg at ein av dei sterkaste innverknadane historie og sosiologi har i det norske samfunnet, er at kandidatane tek kompetansen sin aktivt i bruk for å løysa oppgåver i ulike typar verksemder.
Det er også ei spissing som ikkje underkjenner historie og sosiologi som danningsfag, deira viktige rolle for demokrati-utvikling, eller deira verdi som kjelde til forståing av menneske og samfunn.
Mitt utgangspunkt er at det er mogleg å balansera å sameina mål om danning og demokrati, med arbeidslivsrelevans. Eller som det heiter ved Høgskulen på Vestlandet: Kunnskap som byggjer menneske og samfunn.
Historie – faget som studerer og skriv om fortida, frå dei eldste tider og fram til dagen i dag. Historie er forskingsfeltet som søker å skapa samanhengande forteljing om og analyse av hendingar og krefter med innverknad for menneska.
Sosiologi – faget som i stort og smått granskar og byggjer kunnskap om korleis menneske samhandlar, kva for drivkrefter som ligg bak, og kva for menneskelege konsekvensar denne samhandlinga får. Sosiologi kan omtalast som ei læra som sosiale system, anten det dreiar seg om sosiale relasjonar mellom få, eller om organisasjonar og heile samfunn.
Medan sosiologi-utdanninga legg særleg vekt på dei sosiale, kulturelle og materielle utfordringar som møter ungdom i dag, har spesialiseringa for mange av studentane som skriv bachelor-oppgåve ved historie-studiet i Sogndal vore lokale og regionale studiar.
Utdanningane i historie og sosiologi har det felles at dei ikkje berre gir grunnleggjande innføringar i dei to faga sin tradisjon og klassiske opphav, men også introduserer studentane for dagsaktuell kunnskap og ny forsking. Eit minst like viktig fellestrekk er at både historie og sosiologi gir studentane ei grundig skulering i vitskapleg metode, og å argumentera fagleg både skriftleg og munnleg.
Dermed vert våre kandidatar trena til å 1) kritisk vurdera det saklege grunnlaget for påstandar om historie og samfunn, og 2) sjølv byggja opp fagleg etterrettelege framstillingar om historie og samfunn.
Denne kritiske og konstruktive kompetansen føregår i stadig større grad med hjelp av digitale hjelpemiddel og moderne teknologi. Det er ein kritisk og konstruktiv kompetanse som synest ha fått særleg relevans i ei samtid prega av massive informasjonsstraumar og der påstandar om «fake news» vert framsette, med rette og urette, frå både store og småe makthavarar, og med nettstader som driv ideologisk propaganda under dekke av å være objektive nyhendeorgan, aktualiserer dette.
Tilbake til spørsmålet: Kva typar arbeid vil våre kandidatar i historie og sosiologi kunna utføra i næraste framtid?
Spørsmålet er kort, men svaret sprengjer ramma for denne innleiinga fullstendig. Eg bør avgrensa meg, men har likevel lyst til å gjera ein liten avstikkar. Mange av våre studentar i historie og sosiologi får dette spørsmålet frå familie og vener: Kva skal du eigentleg bruka denne utdanninga til? Kva skal du bli?
På eit vis ligg det ei slags negativ uvisse rundt desse utdanningane som er disiplinutdanningar. Kva er relevansen for arbeidslivet? Det er ikkje slik som profesjonsutdanningane eller dei høgare yrkesutdanningane. Eg vil tru det heller sjeldan at sjukepleiestudenten, grunnskulelærar-studenten eller sosionom-studenten får spørsmålet om framtidige yrkesval. For kandidatane frå historie- og sosiologi står det ikkje ein fullt rigga velferdsstat klar og ventar på dykkar arbeidskraft.
Bodskapen min til noverande og komande studentar i sosiologi og historie er at dette ikkje bør sjåast på som noka ulempe. Tvert om; det ligg ein stor fridom i yrkesval i desse utdanningane, ein fridom der dykkar personlege ønskje, verdiar, eigenskapar, og dykkar faglege ferdigheiter og dykkar skaparkraft kan utfalda seg. I førebuingane til dette innlegget fann eg døme på historie-kandidatar som arbeider i avanserte teknologi-selskap, sosiologi-kandidatar som arbeider med marknadsføring og kandidatar frå både sosiologi og historie som arbeider med personalutvikling, eller Human Resources, i store og mellomstore, industriføretak.
Både erfaringar til no og framtidsscenario gir grunn til optimisme for den som vil satsa på desse studiane med sikte på godt og interessant inntektsbringande arbeid.
Lat oss ta det grunnleggjande: Våre kandidatar si evne til å samla inn, analysera, vurdera og samanfatta informasjon frå eit stort spekter av kjelder er etterspurt både i offentleg og privat arbeidsliv. Sosiologar og historikar arbeider i ulike typar bedrifter og organisasjonar der evne til analyse av informasjon, strategisk tenking og sakleg formidling trengst. Våre kandidatar frå sosiologi vil ha særlege føresetnader for å planleggja og utvikla ulike tiltak for ungdom. Det viktige læraryrket, undervisning på ulike årstrinn, står ope for mange. For historikaren vil arbeid i ulike typar kultur-verksemder –, forlag, media, arkiv, museum – liggja nær.
Lat meg også få seia dette på vegne av min eigen arbeidsplass: Kjære studentar i historie og sosiologi! De må også vurdera Høgskulen på Vestlandet eller annan høgare utdannings- og forskingsinstitusjon som dykkar framtidige arbeidsstad. Både i utdanning, forsking og administrasjon treng sektoren for høgare utdanning og forsking gode kandidatar frå historie og sosiologi. Universitet og høgskular gir rammer for særs interessant arbeid og gir viktige bidrag til samtidig og framtidig samfunnsutvikling lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Merk likevel at spekteret i karrieremoglegheitene er mange og omfattande. Det første viktige grunnlag for dette er at kandidatar frå sosiologi og historie har eit heilt arsenal av kunnskapar og ferdigheiter som lett kan overførast. Omgrepet transferable knowledge and skills handlar om viktige, men enkle innsikter:
Det å setja seg grundig inn i eit fagområde øver evna til å setja seg tilsvarande grundig inn andre tema. Djupnelæring styrkar evna til å læra.
Det andre viktige grunnlaget for at sosiologar og historikarar vert etterspurde er at fleire verksemder opplever auka mangfald og endringstakt. Arbeidslivet må handtera globalisering, auka kompleksitet, omstilling og teknologiutvikling. I den gode sjølvstendige handteringa av det nye og uføresette er metodekompetanse, kritisk refleksjon, vitskapleg tenkemåte, analyse- og fortolkingsarbeid, og evne til skriftleg og munnleg framstilling av komplekse saksfelt, ein opplagt styrke.
Historie og sosiologi både kan og bør vera ressursar i å møta vår tids store utfordringar. Klimatisk, demografisk og teknologisk utvikling er i ferd med å endra menneskelege livsvilkår over heile verda.
Integrering, migrasjon og konfliktar
Dei store teknologiskifta
Klima, miljø og berekraft
Samtidige fenomen som klima og miljø, migrasjon, endringar i folkesetnaden og terror kan ikkje forståast fornuftig utan kritisk analyse av eit spekter av informasjonskjelder. Kritisk analyse av relevant informasjon gir grunnlag for klok handling.
Mange dagsaktuelle diskusjonar tek opp spørsmål som er nøye studert både innanfor historievitskapen og sosiologien, og som desse fagfelta vil engasjera seg i på 2020-talet. Gjennom vår utdanning, gjennom vår forsking og formidling, og vilje og evne til stadig å gjera betre arbeid, og ikkje minst ved å utdanna dyktige kandidatar for samtidas og framtidas arbeidsliv.
Takk for merksemda!
Litteratur
Kunnskapsdepartementet. (2019). Meld. St.4 (2018 – 2019). Melding til Stortinget. Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019 – 2028.
NOU 2019: 12 (2019). Lærekraftig utvikling. Livslang læring for omstilling og konkurranseevne.
Aktuelle nettstader: