Studentar i frontlinja

Av Anne-Grethe Naustdal, prodedekan for utdanning, fakultet for helse- og sosialvitskap, HVL

Covid-19 sette bråstopp for all ordinær praksis for helse- og sosialfagstudentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Situasjonen ute i helse- og sosialtenestene er krevjande. Karantenereglar. Smittevernomsyn. Omsorgsoppgåver i heimen. Praksisplassane til mange studentar er stengd og omorganisert. Rettleiingsoppdraget for studentar vert utfordra.

Samtidig er det behov for at mange av våre studentar bidreg til å løyse behovet for helse- og sosialfagleg personell ute i tenestene. I lys av dette må praksisstudiane omorganiserast. Vårt mål er at ingen studentar skal bli forsinka i studiet på grunn av pandemien. Nyutdanna helse- og sosialpersonell er det sårt behov for. Vi har ingen å miste. Men høgskulen har eit særleg ansvar. Vi må sjå til at studentane når sine læringsutbytte og at utdanninga har rett kvalitet. Slik utdannar vi dyktige profesjonsutøvarar. Fleire omsyn skal balanserast i ei krevjande tid.

38 praksisstudiar og nær 5000 studentar

Alle våre bachelorprogram og ein del av våre master- program har praksis ute i arbeidslivet som stor del av sitt utdanningsprogram. 38 ulike praksisstudiar var alt undervegs eller skulle starte opp då faren for Covid-19 endra alt . For å få oversikt over dei av våre nær 5000 studentar som har praksis denne våren, sendte vi ut kartleggingsskjema. Opplysningane herifrå nyttar vi for å utvikle alternative løysingar for planlagd praksis for alle studentane. Ikkje alt arbeid kan innpassast i den einskilde student sitt studieprogram. Her søkjer vi å legge alternative løysingar der ein både kan gjennomføre skulearbeid og bidra i etablert relevant arbeidsforhold.

Digital undervisning og kommunikasjon

Med stengde campus er all undervisning digital. Dei siste vekene er det sett i gang undervisning og kommunikasjon i samtid mellom studentar og lærerar med verktøyet Zoom. Dei fleste er godt i gang med dette. Vi vil no fokusere meir på asynkron undervisning: korte videoforelesingar med diskusjonsforum og samarbeidande læring på nett.

Tiltaka vert sett i gang for at våre studentar skal kunne bidra i frontlinja under virussitusjonen og samstundes halde progresjonen i studiane. Studentane kan då fylgje undervisninga på tider som høver i forhold til arbeid. Det må vere litt gi og ta frå både studentar og tilsette for å komme i mål, men saman kan vi få dette til.

Eit alternativ til vanleg praksis

Fleire studentar går med andre ord ut i arbeid/alternativ praksis i ulike helse- og sosialtenester midt opp i ein krevjande korona-pandemi. Vi er medvitne om at det kan bli tøffe møter for den ferske og uerfarne studenten. Men slike møter kan også vere enormt lærerike.

For at studentar skal vere litt betre førebudd for profesjonelt arbeid vil vi tilby digitale korte kurs i viktig grunnlag for god praksis. Eksempel er etikk, teieplikt, sentralt lovverk, den profesjonelle rolla, smittevern, legemiddelrekning og legemiddelhandtering.

Nasjonal samskaping og innsats

I heile universitets- og høgskulesektoren vert det no arbeidd med alternative undervisningsformer og og ekstraordinære tiltak. Nasjonal samskaping og deling av læringsressursar legg eit nytt grunnlag for læring i teori og praksis lagt denne våren. Tida er knapp, store organisasjonar må snu seg raskt. Midt opp i ei internasjonal krise som rammar heile landet og kvar og ein av oss, vert det lagt ned ein stor og målretta innsats.

Å ruste framtidas helse- og sosialfagarbeidarar

Eg tenkjer mykje på våre unge, flotte helse- og sosialfaglege studentane no om dagen. Sentralt i deira val av utdanning står det å ville bli ein profesjonell hjelpar for menneske i sårbare situasjonar. Våre studentar vert rusta for dette i alle studiar og i all praksis. Men no møter dei ei helsekrise knapt nokon hadde sett føre seg.

Eg er trygg på at våre studentar kan gi viktige bidrag til både einskildmenneske og institusjonar. Dei vil hauste lærdommar dei vil dra store vekslar på både som profesjonutøvarar og menneske. Vi ved Høgskulen på Vestlandet skal gjere det som står i vår makt med å støtte og rettleie våre studentar i denne perioden.

Open utdanning

Det har lenge vore arbeidd med å dele forsking gjennom open publisering og open tilgang til publisert forsking.  På same måte jobbar Universitets- og høgskulesektoren nasjonalt med å dele læringsressursar fritt med alle aktørar i sektoren – altså open utdanning. Dette vil sikre at vi kan jobbe smartare og betre for å sikre god kvalitet på læringsressursar, som vi alle veit er svært arbeidskrevjande å utvikle og lage. Deling av læringsressursar vil gje både fagtilsette og studentar tilgang til eit utval av læringsressursar som kan nyttast og tilpassast lokalt.

Nasjonal delingskultur

UHR-Helse og sosial som er ei nasjonal fagstrategisk eining for helse- og sosialfaga har gjennom 2019 hatt open utdanning som hovudtema. Det er eit stort behov for ein nasjonal delingskultur på utdanningsfeltet vårt. Dei helse- og sosialfaglege leiarane er samstemte i å satse på deling. Vi er alt i gang med deling knytt til nasjonal praksisrettleiarutdanning. Eit anna framifrå døme er  LOVU-prosjektet styrt av Universitetet i Sørøst-Norge. Prosjektet siktar mot nasjonal deling  knytt til felles læringsutbytte i Forskrift om felles rammeplan.

LOVU-prosjektet vart presentert for Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap sine tilsette og studenttillitsvalde denne veka. Her fekk vi høyre om utvikling av ein lærings- og vurderingsbank for dei felles læringsutbytta for helse- og sosialfaga. Høgskuletilsette over heile landet vil samlast til eit større arbeidsseminar i Drammen i april. Det blir særs spennande å sjå resultatet av denne store satsinga som DIKU har gitt midlar til. Det er god grunn til satsing. Den store omlegginga for helse- og sosialfaglege utdanningar på alle nivå gjennom RETHOS-prosjektet gir behov for betre utnytting av kompetanse og ressursar nasjonalt gjennom deling.

Utdanningskvalitet på dagsorden

Digitale læringsressursar på tvers

Vi har fleire plattformar for deling både nasjonalt og lokalt. Gjennom Canvas Commons er det no nasjonalt delt ein innhaldsrik ressursbank for undervisningsopplegg for sektoren sinne praksisrettleiarar. Her finn de «Ressursbank for praksisveilederutdanning for helse- og sosialfaglige utdanninger»

DLR er ein nasjonal plattform for digitale læringsressursar. Plattforma gjer det enkelt å nytte dei same læringsressursane fleire stadar, på tvers av emne, program, system og institusjonar. Høgskulen på Vestlandet er ein av dei institusjonane som har kjøpt seg inn i dette systemet. Fakultet for helse- og sosialvitskap arbeider målretta med å legge inn læringsressursar her. Det er fyrst når sektoren aktivt tar i bruk plattformane for deling at vi haustar av ein reell delingskultur. Ved aktiv bruk og kloke tilpassingar i møte med studentane, kan vi ved ein slik arbeidsmåte verkeleg løfte utdanningskvaliteten lokalt og nasjonalt. Grunnlaget vil vere at tilsette i universitets- og høgskulesektoren vert med på samskaping av digitale læringsressursar.

Frå ei fjellbygd til ei annan – På utveksling i det skotske høglandet.

Forfattar av innlegget er Sigrid Skjerdal

Vi har kryssa havet og skillelinja på vegen i ein Ford Transit Connect, 2005-modell. Utvekslinga til Skottland byrja med ei utvikling i køyrekunnskapar, på dei breie motorvegane i Tyskland og Nederland. I Amsterdam venta Englandsbåten på oss, og tok oss til Newcastle. Inn på ferja på venstre side, og ut att på høgre. Eller vent, omvendt! Det høyres kanskje ikkje slik ut, men det gjekk overraskande bra å halde seg på den andre sida av vegen. Til og med gjennom dei sju (!) rundkøyringane vi måtte forsere for å komme oss ut av Newcastle og vidare inn den britiske landsbygda.

Continue reading “Frå ei fjellbygd til ei annan – På utveksling i det skotske høglandet.”

Utdanningskvalitet – krev kontinuerleg fokus

Krava til kvalifikasjonar og kompetanse til kandidatane vi utdannar er høge, både frå oss sjølv, frå Kunnskapsdepartementet, frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning og frå sektorane vi utdannar til, altså arbeidslivet. Utdanning og forsking av høg kvalitet er rett og slett avgjerande for å møte endringane samfunnet vårt står overfor. For å lykkast må vi ikkje berre ha gode fagtilsette, men også ein administrasjon med kapasitet og kompetanse til å støtte opp under utdanning og forsking. Continue reading “Utdanningskvalitet – krev kontinuerleg fokus”

Skikka for yrket?

Erfaringar frå arbeidet som skikkaansvarleg ved HiSF 2006-2015

Av Anne-Grethe Naustdal

 

Skikkavurdering  er eit viktig virkemiddel for å sikre at utdanningsinstitusjonar utekseminerar kandidatar som innfrir forventningar samfunnet stiller til profesjonelle yrkesutøvarar. Å vurdere om ein student er skikka til yrket vedkommande utdannar seg til,  omfattar ei vurdering av både faglege og personlege føresetnadar. Forskrifta om skikkethetsvurdering har klare kriterium ein skal vurdere etter. Samstundes er det naudsynt å utøve skjønn i vurderingane.  Å utøve skjønn i høve studentane sine personlege eigenskapar i høve dei kriteria yrkesprofesjonen krev,  er eit ansvar utdannings-institusjonane er pålagt og som må utførast på best mogleg måte av omsyn til alle involverte partar. Formålet med innføringa av skikkavurderinga er omsynet til «den svake part»; ein ynskjer å hindre at born, elevar, pasientar og brukarar av ulike velferdstenester skal møte yrkesutøvarar som ikkje er skikka for det arbeidsområdet dei vil utdanne seg til. Det er også ei bjørneteneste å la studentar utdanne seg til eit yrke dei med stor grad av sikkerheit ikkje vil fungere i.

Continue reading “Skikka for yrket?”

Styrking av internasjonalt perspektiv i utdanning

Skrive av Christian Vik, Mari Husabø og Anne-Grethe Naustdal

“Meir enn nokosinne er kunnskapen global. Dette skal i sterkare grad avspegle arbeidet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vi skal styrke den internasjonale aktiviteten, auke kvaliteten i arbeidet og vere ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid. Internasjonalisering skal vere ein integrert del av verksemda til høgskulen.”

Continue reading “Styrking av internasjonalt perspektiv i utdanning”