Av Ole Martin Hitland, Eireen Finden og Ingvild Hollekve
Nett som deg har personar med utviklingshemming rett til avgjere kor dei skal bu. Difor er det underleg at kommunane i Sogn byggjer tilpassa bustader i stor skala utan å spørje dei som skal bu der.
«Eg likar å leva mitt eige liv», sa Ida Flæthe Solheim til Sogn Avis sist veke. Ida er 28 år gamal og har Downs syndrom, men har likevel valt å bu for seg sjølv i eit vanleg husvære. Ho får hjelp til å førebu måltid, men gjer det meste sjølv – slik ho har bestemt at ho vil ha det.
Foto: Sogn avis 28.03.2018
For dei fleste av oss er det opplagt å ta avgjersler sjølv. For personar med nedsett funksjonsevne, er det ikkje alltid like opplagt å ta avgjersler og leva sjølvstendig. Mange treng hjelp med å ta avgjersler, og må ta i mot hjelp frå offentlege tenester. Slike forhold gjer det vanskelegare å bestemma over eige liv.
I dag ser vi at fleire kommunar i Sogn legg planar om store bufellesskap. I Sogn Avis 19.03 kunne vi lesa om utbygging av kommunale bustadar i Luster kommune. Sogndal kommune er i ferd med å gjera det same. Spørsmålet vi finn det nødvendig å stille, er om kommunane er på feil spor.
I dei kommunale bustadane for utviklingshemma i Sogndal bur det i dag om lag 10 leigetakarar med ulike funksjonsnedsetjingar. Det bur også personar der som treng kommunal bustad av andre grunnar. Kommunestyret vedtok i desember tilrettelegging av nye kommunale omsorgsbustader i det same området. Bustadane skal vera for dei økonomiplanen omtalar som «pasientar» – menneske som treng kommunal bustad.
I økonomiplanen heiter det at «Området mellom Stedjevegen 27c og Dyreklinikken er eigna til utbygging av 10 omsorgsbustader». Det vert også sagt at det er nødvendig å planlegga og bygga fleire bustader for menneske med utviklingshemming. Dersom kommunen set planane sine ut i livet, kan det bety at så mange som 25 personar med varierande hjelpebehov blir samla på ein stad.
Korleis rimar dette med idealet om å inkludera menneske med utviklingshemming i samfunnet? Det er ingen tvil om at det vil setja eit spesielt preg på bustadområdet viss så mange personar med store hjelpebehov er samla på eit lite geografisk område. Stedjevegen sitt preg som «institusjonsområde» for menneske med nedsett funksjonsevne vert endå sterkare enn i dag.
«Omsorgsgettoar» får bebuarane til å delta mindre i vanlege aktivitetar. Vi veit òg at å vera med på slike vanlege daglege aktivitetar saman med andre spelar i stor grad inn på helsa vår. Det har no gått 30 år sidan store institusjonar for menneske med utviklingshemming vart avvikla her til lands. Nedlegginga fann stad etter at ein avdekte dårlege levekår og mangelfulle hjelpetiltak. På institusjonen Granlia i Balestrand, som mange vil hugse, budde det mot slutten omlag 30 personar med utviklingshemming. Dei som budde på institusjonen flytta til eigne bustadar der dei sjølve ynskte å bu.
Idealet som vaks fram i 1980-åra, var at menneske med utviklingshemming skulle bu i mest mogeleg vanlege bustader og få nødvendige tenester der. Men sjølv om dei fleste fekk nye måtar å bu på då institusjonane forsvann, bur mange med utviklingshemming framleis annleis enn folk flest. Særleg dei siste åra har utviklinga gått frå mindre grupper i retning av større bufellesskap– ei retning som verkar lite gjennomtenkt og lovar dårleg for integrering i samfunnet.
Sogndal kommune har framleis ikkje sett spaden i jorda. Dei har framleis sjansen til å vurdera andre buområde enn Stedjevegen, og vil gjera klokt i å sjå på andre alternativ som kan gje større valfridom for dei som treng bustad. Helst bør kommunen no rådføra seg særleg grundig med dei utbygginga skal tena. Alternativa til det planlagde kan vera mangt: å leiga offentleg eller privat eller å eiga sitt eige husvære, slik Ida gjer. Kommunen bør òg merka seg at det er føreslått å unngå å bygga fleire enn 6 einingar samlokalisert for at ein skal få tilskot frå husbanken i offentlege prosjekt (NOU 2016:17).
Folkevalde i kommunane har eit stort ansvar for å føra ein politikk som ikkje stemplar menneske med hjelpebehov ytterlegare. Store bufellesskap skapar institusjonsomsorg, og det går ut over individuelle behov. Forsking har heller ikkje greidd å påvise innsparingar, snarare tvert i mot: Fagmiljø og tenester vert betre med mindre einingar. Erfaring viser elles at naboar og andre innbyggarar òg tek godt imot små bueiningar for personar med utviklingshemming.
Det vil bety mykje for personar med nedsett funksjonsevne om politikarane og administrasjonen i Sogndal kommune verkeleg støttar opp om og legg til rette for retten deira til å bestemma kor dei skal bu i åra som kjem. Det er fleire enn Ida Flæthe Solheim som ønskjer å leva sitt eige liv.
Innlegget er fyrst publisert i Sogn Avis 28.03.2018
Hitland, Finden og Hollekve er høgskulelektorar/vernepleiarar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking ved Høgskulen på Vestlandet.