Materialitet, teknologi og berekraft

Materialitet og teknologi er grensesnittet mellom menneske og natur. Materialitet og teknologi ber i seg historiske samband til ein kulturs handverkstradisjonar, og framtids-utfordringar inn i ein digital alder.

Det klassisk sambandet techne – ars knyttar også teknologi og materialitet til kunstfeltet og skapande (arbeids)prosessar, til produktutvikling, design og entreprenørskap, og til forbruk og overforbruk. I ein kulturs materialitet og teknologi ligg difor problemstillingar både av miljømessig, historisk, estetikkfagleg og innovativ karakter.

Materialitet i ein digital alder er kjernespørsmål både i lærarutdanninga og feltet vi utdannar for. Det angår skapande prosessar, materialkjensle og kunnskapsutvikling i alle slags medier og område innanfor design, kunst, arkitektur og visuell kommunikasjon, det angår organisering av undervisning, verkstadlæring, ressursbruk i eit totalt berekraftperspektiv.

Forskargruppa Materialitet, teknologi, berekraft (Materiality, Technologu and Sustainability – MaTecSus) vil bygge samarbeid med ulike fagmiljø, særleg innanfor GLU og retta mot fagområda kunst, arkitektur og design i profesjonsutdanningar.

Gruppa ynskjer å jobbe med eit berekraftperspektiv. Gjennom forskingsområdet Materialitet, teknologi, berekraft vil forskargruppa bidra med kritisk blikk på korleis fagfeltet utviklar seg inn i ein digital tidsalder.

Forskargruppa skal både kvalifisere deltakarane til å bli gode rettleiarar på masterprosjekt, gje masterstudentar eit breiare forskarmiljø å arbeide i, og arbeide fram forskingspublikasjonar og KU-publikasjonar. Forskargruppa skal bidra til kompetanseheving og konsolidering av fagmiljøa på storcampus HVL, i samarbeid med eksterne forskarar.