Om FoU prosjektet

Informasjon om kunstprosjektet mellom

Kunstprosjektet «mellom» er ei a/r/tografisk undersøking av samskaping i estetiske læreprosessar i eit fagfellesskap. Med mål om å etablera og styrka eit fagfellesskap i kunst og handverksfaget, samt utforske og utvikle kunstfagdidaktikken, inviterte me inn kunst og handverkslærarar i frå ungdomsskulen til å delta i kunstprosjektet som medskaparar. Me hadde alle eit ønskje om å utvikle eigen utøvande praksis gjennom felles skapande prosessar.

Med in situ som impuls, tresnitt som teknikk og samskaping i verkstaden som prosessmetode – erfarte me at dei tre a/r/tografiske identitetane kunstnar, forskar og lærar naturleg vart vevd saman (Irwin & Springgay, 2006, 2009). Med eit trippelperspektiv på undersøkingane er me no komen i gang med å styrke forskaridentiteten vår ved å sjå funna i lys av både didaktisk og estetisk teori.

Utstillinga/installasjonen var ein del av sideprogrammet under HIT (Haugesund Internasjonale Tresnitt) – og AVTRYKK-festivalen 2019.

https://www.hitfestival.no/sideprogram-1

 

Kven er me?

Katrine Borgenvik er kunstnar og grafikar, samt høgskulelektor i kunst og handverk. Charlotte Tvedte er òg høgskulelektor i kunst og handverk, og har lang erfaring med kunst- og kulturformidling og utvikling av tverrfaglege kunstprosjekt i skulen. Saman arbeidar me til dagleg på Høgskulen på Vestlandet, kampus Stord.

Me inviterte kunst og handverkslærarar på ungdomstrinnet i Haugesund kommune til å delta i  prosjektet som medskaparar. Fem kunst og handverkslærarar ønskte å delta; Aleksander Aursland, Sara Mari Aaholm, Sonja Bjordal, Tone Louise Leirvik og Signe Norbotten. Saman representerar dei tre ulike ungdomsskular og har lang erfaring i frå praksisfeltet.

Målet med å invitere lærarar med inn i prosjektet som medskaparar, har vore å etablera og styrka eit fagfellesskap i kunst og handverksfaget – der ein saman kan utvikle og utforske fagdidaktikken.

 

Til toppen