Kysthospitalet Hagavik

Opningstid: 08.00-15.30 kvardager
Telefon: 56 56 59 60
Studentansvarleg: Beate Bjørtuft (beate.bjortuft@helse-bergen.no)

Oppmøte første dag er kl. 09.00. Gå inn hovudinngangen og finn røntgenavdelinga i 2. etasje.

Om Kysthospitalet i Hagevik (KiH)

Kysthospitalet i Hagevik er eit over 100 år gammalt sjukehus som etter 1. januar 2002 vart ein del av Helse Bergen helseføretak.

KiH er ein del av Ortopedisk klinikk, og har status som spesialsjukehus innan elektiv ortopedisk kirurgi som:

Protesekirurgi i hofter, knær og skuldrer
Ryggkirurgi
Artroskopisk kirurgi
Føter
Sjukehuset har mellom anna fire operasjonsstuer, to sengepostar, ein poliklinikk, laboratoriet, fysioterapiavdeling og radiologisk avdeling.

KiH er definert som forskings- og undervisingsavdeling under Universitetet i Bergen, med ansvar for utdanning av legar, radiografar, fysioterapeutar og sjukepleiepersonell innan spesialitetane sine.

Radiologisk avdeling ved KiH

Her arbeider 6 radiografar, 3 sekretærar samt ein leiar. Vi har arbeidstid frå kl. 08.00-15.30 kvar dag. Det er også faste dagar med kveldspoliklinikk der 1-2 radiografar arbeider frå kl. 12.00-19.30.

Det er PC tilgjengeleg ved ledig kapasitet, så lenge du har eige passord til Helse Bergen.

Laboratorie

Lab 1: Røntgen med gjennomlysing (Siemens)
Lab 2: Konvensjonell røntgen (Samsung)
CT lab: 64-snitt CT (Philips)

Vi er knytt til SECTRA sitt RIS/PACS.

Garderobe/klede

Garderoben ligg i underetasjen på sjukehuset, og det er også der studentar hentar tøy.
Skap vil bli tildelt første dag i praksis. Eigen hengelås kan nyttas.
Garderoben krev nøkkelkort. Du får utdelt nøkkelkort i resepsjonen første dagen du kjem.

Kantine

Sjukehuset har ei flott kantine der du får kjøpt alt frå frukt til varm mat. Kantina tar bankkort. Vi har lunsj ein gong mellom kl. 11 og 12.

Hybel

Kysthospitalet har hyblar som kan leigast, desse kostar 1500 kr. per mnd. inkl. strøm. Hyblane ligg 50 meter frå sjukehuset. Hyblane er ca. 15 kvm og du deler dusj og kjøkken med dei andre bebuarane.

Se egen side for mer info.
Ver venleg og ta kontakt i god tid om du ynskjer hybel!

Kontaktinformasjon: ring resepsjonen på 56 56 58 10, og spør etter hybelansvarleg.

Transport

Ta Buss 600 frå Bergen Busstasjon, perrong L. Gå av ved Tøsdalskiftet, og ta Buss 602 eller 607 vidare til Hagavik.​

 

Velkommen til oss!

 

Endret 10. mars 2020/ha