Førde sentralsykehus, Radiologisk seksjon

Åpningstid: døgnåpent, 3 delt turnus
Studentansvarlig: Magni Håland Hommedal 57839398 eller  seksjonsleiar Reidun Brekke 57839616.

Radiologisk ekspedisjon 57839390
Personalrom 57839374

Ved sykdom gis beskjed på tlf 57839398

Hvem er vi?

Radiologisk avdeling ved Førde Sentralsjukehus  er sett saman av 30 radiografar, 1 hjelpepleiar, 7 overlegar og 7 LIS. Vi har også overlegar som arbeider på Nordfjordeid, og i Oslo med tyding av bilete for seksjonane i Førde og Nordfjordeid. I tillegg har me eigen kontorseksjon med sekretærar.

Hva gjør vi?

Helse Førde gjennomfører om lag 70.000 undersøkingar i året og FSS utfører om lag  45.000 av desse. Ved FSS har vi 3 lab’ar innan konvensjonell røntgen, 1 lab for intervensjon og angio, 2 CT maskiner, 2 MR maskiner, 1 gammakamera (nucleærmedisin) og 2 lab’ar til mammografi. Vi utfører dei mest vanlege undersøkingane innan konvensjonell røntgen, CT og MR, men også meir spesielle undersøkingar.  Vi har låg aktivitet innan angio- og intervensjon, men utfører ein del FNAC, biopsiar, tappingar og innlegging av dren på ultralyd. Mammografi er organisert under Bryst diagnostisk senter (BDS) og tar hand om all mammografiscreening, etterundersøkingar, prøvetaking, samt klinisk mammografi i Helse Førde. Vi har også eit smalt tilbod av undersøkingar ved nucleærmedisin.

Praktisk informasjon:

Sidan sjukehuset er eit akuttsjukehus med traumefunksjon arbeider radiografane 3-delt turnus. Dersom rettleiar tillèt det er det mogeleg å få ta del i vaktarbeid, primært seinvakt, då radiograf er åleine på nattevakt.

Dagvakt 08.00 – 15.00 Fullt bemanna
Seinvakt 15.00 – 22.30 To radiografar
Nattevakt 22.30 – 08.00 Ein radiograf – tilgang på bakvakt

Du får så utdelt passord, studentkort, nyklar og garderobeskap. I tillegg vert det ei omvising på avdelinga, gjennomgang av brannvern og signering av teieplikt, samt gjennomføring av obligatoriske kurs dersom dette ikkje er utført på forhand.

Uniform:
Du finn kvite klede i garderoben. Desse skal skiftast kvar dag. Smykker, klokker, ringar o.l. er ikkje ein del av uniformen. Håret skal vere i strikk eller liknande. Ein skal ikkje nytte parfyme av omsyn til pasientar og kollegaer.

Rettleiar:
I utgangspunktet skal du få tildelt rettleiar før du kjem. Du vert informert på skulen om kven dette er. Avdelinga tilstreber så langt det lar seg gjere at studenten får gå med sin rettleiar, men grunna vaktarbeid og rullering på andre modalitetar må du til tider gå med andre radiografar. På avdelinga jobbar radiografane tett og hjelper kvarandre, så du som student skal ikkje føle deg åleine. Det er alltid lov til å spørje dersom du lurar på noko.

I lag med rettleiar skal de verta betre kjent den fyrste dagen i praksis og legge ein plan for praksisperioden. Her skal dykk leggje vekt på utvikling, kva ein vil fokusere på i denne perioden, studiedagar, rettleiing og liknande, så hugs å tenke litt igjennom dette før du kjem.

 

De mest vanlige CT undersøkelser er:

 

De mest vanlige MR undersøkelser er:

 

Avdelingen har disse rommene:

Generell røntgen:

  • Lab 1: Siemens Axiom Luminos (2012). Fulldigitalisert apparat med tilhøyrande trådlaus detektor. Apparatet kan endrast frå vassrett posisjon til loddrett posisjon, der bord og rtg. røyr heng saman. I tillegg har ein eit takfesta rtg. røyr som ein kan bruke i heile rommet eller mot veggbucky. Ein har også gjennomlysningmoglegheit her. Lab 1 vert mykje brukt til rtg. av columna, bekken/hofter og traume/skade grunna stor detektor og større avstand frå rtg.røyr til detektor samanlikna med dei andre maskinene.
  • Lab 2: GE Optima XR 200 AMX (2013). Her tar ein dei fleste undersøkingane innafor rtg. Her vert det også gjennomført scolioseopptak og beinlengdemåling. Her kan ein styre apparaturet ved hjelp av trådlaus kontroll til forhåndsinnstilte posisjonar.
  • Lab 3: GE Optima XR 200 AMX (2014). I utgangspunktet er dette det laboratoriet som ein nyttar til rtg. thorax (både inneliggande og polikliniske). I tillegg brukar ein det som ØH – lab for å avlaste lab 1. Her kan ein styre apparaturet ved hjelp av trådlaus kontroll til forhåndsinnstilte posisjonar.
  • Gjennomlysing:Lab 4: Siemens Artis Zee (2013). Dedikert gjennomlysningslab. Her brukar ein å gjennomføre alt frå enkle intervensjonar til meir kompliserte angioprosedyrer. Rtg. ØVD, ERCP, myelografi og innlegging av pyelostomi vert også gjennomført her. I tillegg er apparaturet gunstig for proteseknær og gjev også gode bilete for rtg. columna mtp traume/skade.

CT:

  • Lab 5: Toshiba Aquilion CX 64 (2010). 64 – snitt CT maskin. Her utfører ein alle typar undersøkingar. I tillegg vert det utført CT-colografi.
  • GE Revolution EVO (2016). 64 – snitt CT maskin. Her utfører ein alle typar undersøkingar. Dersom pasient har proteser/metall velger ein ofte denne maskina grunna utmerka metallartefaktreduksjonsalgoritmer.

MR:

  • Lab7: Phillips Intera (1997). 1,5 T. Her utfører ein i hovudsak caput, knær, skulder og rygg.
  • Lab 8: Phillips Ingenia (2016) 1,5 T. Her utfører ein alle undersøkingar

I tillegg har me to ultralydapparat, nucleærmedisinsk avdeling og brystdiagnostisk senter
Du som student kjem til å nytte Siemens PACS og DIPS/RIS.

Pasienten

Vi har både polikliniske pasientar og mange inneliggende pasientar som er under utredning /behandling for alvorlige sykdomstilstander, men også pasientar som kjem som øyeblikkeleg hjelp. Alt vårt arbeid omfatter tett pasientkontakt. Dette krever mye av oss ansatte da våre pasienter er i en sårbar situasjon. Vi skal opptre korrekt og profesjonelt, vise empati, sympati og kunnskap slik at våre pasienter føler seg godt ivaretatt.

Før praksis

Hva forventer vi at du har forberedt deg på?

I praksis

Hva forventer vi av deg som student?

  • Levere statusrapport og vurderingsskjema til veileder første praksisdag.
  • Være forberedt til praksis
  • Vise initiativ og positivitet
  • Være lærevillig og veiledbar
  • Ha respekt for oss og våre pasienter
  • Moderat privat mobil og nettbruk

Linker

CT:

• https://blogg.hioa.no/victdel4/courses/ct-teknologi/
 http://www.ctisus.com/
• https://www.youtube.com/user/ctisus
• http://www.nrpa.no/filer/2e5ac2ed79.pdf

MR:

http://www.mrisafety.com/Default.asp

Lecture MRI dr Lipton

 

Generell røntgen:

Radiology masterclass