Stord sjukehus – Radiologisk avdeling

Stord Sjukehus

 

Opningstid:

Døgnopen drift. Vakttider: Dagvakt 07:35-15:05, kveldsvakt 15:00-22:30 og nattevakt 22:25-07:40.

Studentansvarlig: Thomas Sandstå, mail: thomas.sandsta@helse-fonna.no

Telefonnummer til avdeling:

Funksjonsleiar: 53491160, vakttelefon: 53491099

 

Kven er vi?

På radiologisk avdeling ved Stord sjukehus jobbar det radiolog (det er fem radiologar som jobbar stafett, då er det ein radiolog her om gongen som har vakt 24/7 i ei veke, nokre gongar to veker), 16 radiografar og ca. 5 sekretærar/helsesekretærar. Nokre radiografar går kun dagvakter og nokre går i vaktordning. Vi har ei CT-maskin (GE), ei MR-maskin (Siemens), eit ultralydapparat (Philips), eit gjennomlysingsapparat (Philips), ein konvensjonell røntgenlab med detektor (Carestream), eit mobilt røntgenapparat med detektor (Carestream) og eit Agfa røntgensystem med biletplater som reserveløysing.

 

Kva gjer vi?

Dei fleste radiografane roterer på kva lab ein er på. Vi utfører forskjellige undersøkingar, nokre gongar saman med radiolog, til dømes innlegging av pyelostomi-/nefrostomikateter, drenasje av galle/abscess/plevravæske/ascitesvæske osb.

Vi utfører MR kun på dagtid og kun i vekedagar, elles er dei andre modalitetane i bruk døgnet rundt heile året.

På røntgen har vi drop-in måndag-torsdag kl. 09:00-11:00 og kl. 13:00-20:00. Då har pasientane fått røntgenhenvisning frå fastlegen og kan møte opp når det passar dei i dei gitte tidsromma. Vi har også pasientar som kjem som har fått tildelt time.

På CT har vi pasientar som kjem til time, men vi tar også inneliggande pasientar innimellom. Både rutineundersøkingar/utgreiingar og akutte undersøkingar. Vi er del av både traumeteam og slagteam.

 

Mest vanlege undersøkingar:

  • Skjelett
    • ØH, spørsmål om fraktur
    • Planlagt ortopedi, t.d. kneprotese eller hofteprotese
    • Beinlengdemåling
    • Scoliosemåling
    • Elles undersøkingar av polikliniske pasientar tilvist av t.d. fastlege
  • Ultralyd
    • Abdomen
    • Hals/thyroidea
    • Underekstremitetsvener
    • Testis
    • Barnehofter
    • Biopsiar
    • Drenasje
  • Mage-tarm og andre kontrastundersøkingar/intervensjonar
    • Pyelostomikateter, innleggelse og skifte
    • Pyelografi
    • Tynntarmspassasje
  • CT
    • Thorax
    • Abdomen/bekken
    • Angiografi av thorax (ved spørsmål om lungeemboli)
    • Caput
    • Traume
    • Slag
    • Colon
  • MR
    • Caput
    • Rygg
    • Skulder
    • Albue
    • Hånd/håndledd
    • Bekken
    • Hofte
    • Kne
    • Ankel/fot
    • MRCP
    • Lever
    • Pancreas
    • Tynntarm

 

Pasienten:

CT: Vi har både polikliniske pasientar og pasientar som er innlagte. Det er både rutineundersøkingar som til dømes kreftkontrollar eller kontroll av dei med ulike lungesjukdomar, samstundes som vi også har meir akutte undersøkingar som CT av pasientar med mistanke om slag, traumepasientar, pasientar med mistanke om lungeemboli osb.

MR: Her har vi også både polikliniske og innlagte pasientar. Vi har stor breidde innan undersøkingar. Medan vi tek ulike undersøkingar det meiste av veka, tek vi berre ortopediske pasientar på tysdagar.

Røntgen og gjennomlysing: På røntgen har vi drop-in frå 09:00-11:00 og 13:00-20:00 måndag-torsdag. Her kjem det polikliniske pasientar med tilvising frå til dømes fastlege. Utanom det har vi timesatte polikliniske pasientar, pasientar med spørsmål om fraktur som kjem som ØH, pasientar som skal til poliklinikken og inneliggande pasientar.

Mobilt røntgenapparat: Vi tar nokre gongar røntgen thorax enten på traumepasientar på traumerom eller klinisk dårlige pasientar på intensivavdeling. Kan elles eventuelt brukast til pasientar som skal ta røntgenbilete av småskjelett som til dømes hand og handledd.

Ultralyd: Her kjem det også både polikliniske pasientar og innlagte. Det er både rutineundersøkingar og litt meir hastande undersøkingar, då oftast på inneliggande pasientar. Til dømes ultralyd av underekstremitetsvener med spørsmål om DVT eller FAST på traumepasientar.

 

Før praksis:

Før praksis hos oss forventar vi at du:

  • Har førebudd deg på pensum
  • Har repetert førelesningar om aktuell modalitet
  • Har gjennomført e-læringskurs i Læringsportalen
  • Har sett gjennom og reflektert over læringsmål.
  • Har reflektert over korleis du lærer best og gjer deg klar til å vidareformidle dette til praksisrettleiar.

 

I praksis:

Vi forventar at du møter på avdelinga til avtalt tid fyrste praksisdag (kl. 09:00). Henvend deg gjerne i røntgenekspedisjonen. Statusrapport og vurderingsskjema skal leverast til rettleiar fyrste praksisdag.

Som student bør du vere førebudd til praksis, vise initiativ og engasjement. Hugs at du har også eit ansvar for å vere veiledbar, førebu deg på å ta i mot konstruktive tilbakemeldingar og å reflektere over dei. Det vil bidra til læring i praksisperioden.

Du skal ha respekt for både pasientar, pårørande og tilsette. Vi har mykje pasientkontakt og det er viktig at ein som student kan vise omsorg og gi god informasjon til pasienten. Sjå til dømes yrkesetiske retningslinjer for radiografar: https://www.radiograf.no/artikler/yrkesetiske-retningslinjer/436890

Vi ynskjer minst mogleg privat mobilbruk og nettbruk.

Bruk av ringar, klokker, smykker, øyredobbar og liknande er ikkje tillate. Vi forventar at du held deg til gode hygienerutinar.

Vi har relativt ofte pasientar hos oss som har alvorleg sjukdom eller som har vore utsett for traumar. Dersom du har behov for å snakke med rettleiar eller andre på avdelinga om opplevingar som du har vore med på, så ver ikkje redd for å seie i frå!

Vi ynskjer deg velkomen i praksis hos oss!

 

Linkar: