Kom, bli med meg på utveksling til Tanzania!

Hei alle lesarar!

Startar med ein liten introduksjon av meg sjølv og mi utveksling til Tanzania.

Marita er mitt namn. Eg er ei jente frå Sogn som no går tredje og siste år på vernepleie ved HIB. Eg har valt å reise på utveksling til Tanzania, nærare sagt Morogoro. Der skal eg ha min siste praksisperiode, før eg forhåpentlegvis kan kalla meg vernepleiar. Eg skal, saman med Bjarte Opsal, jobbe på ein institusjon for born med psykisk utviklingshemming. Senteret heiter Amani Centre og ligg som sagt i Morogoro, cirka tre timar frå Dar Es Salaam.

Det er nok fleire grunnar til at eg har tatt dette valet med utveksling. Eg syns det er svært spanande med nye utfordringar, ein ny og ukjend kultur, kjekke folk å reise med, ein god erfaring å ta med seg vidare og at det vil vere spanande å prøve noko anna enn Bergen kommune sidan eg først har sjansen.

I starten av søkeprosessen til utvekslinga var det ein del kluss både her og der, og eg hadde eigentleg bestemt meg for å ikkje reise. Prosessen fram mot avreise har vore litt opp og ned, men eg er veldig glad for at eg ikkje trakk meg.

Den 28. desember starta eg mi ferd ut i den store vide verda. Sjølve praksisperioden min starta ikkje før 2. januar, men saman med sju medstudentar fann eg ut at det ville vere lurt å starte turen med nyttårsfeiring på Zanzibar. Der nytta vi tida til å kjenne litt på den afrikanske kulturen, bli van med den intense varmen, prøve oss på swahilien og berre slappe av og lade opp til våre nye eventyr. Vi fekk også selskap av fem radiografstudentar frå HIB, noko vi sat stor pris på. Det har vel igrunn ingen fagleg innhald, men slenger likevel med nokre bileter som viser kor flott vi hadde det (i tilfelle framtidige utvekslingsstudentar treng litt tips og motivasjon for å reise).

Vi budde på Dolphin Bay Resort i ein by som heiter Kizimkazi heilt på sørspissen av øya. Var eit fantastisk hotell der vi budde i ein stor villa. Mannen som eigde hotellet var dansk, så det var mange europearar der. Vil verkeleg anbefal dette hotellet. Det var litt dyrt, men overkommelig for berre nokre få netter og delt på 8 stk. Dette var villaen vår!

Her er heile vernepleiargjengen som reiser (minus to som ikkje landa i Dar Es Salaam før 2. januar.)

Bak f.v.: Cecilie Storm, Rebecka Husvik, Kjersti Skeie Sunde, Nathalie Regin Vika, Ane Vinjerui, Bjarte Opsal, meg sjølv og Ingvill Standal. Fantastisk gjeng!

Etter nokre dagar på Zanzibar reiste vi vidare til Dar Es Salaam for å tilbringe ei veke der ved Institute of Social Work (ISW). Der møtte vi også dei to siste vernepleiarane og to fysiostudentar. Saman var vi altså 17 studentar frå HIB som tilbragte ei veke saman. Trur nesten det må verte eit eige innlegg om den veka, for der er det slutt på tørrpraten og starten på det faglege.

Stay tuned!

– Gudvangen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.