Introduksjonsveke i Dar Es Salaam

Introduksjonsveka i Dar Es Salaam er for lengst over, men føler kanskje den er vesentleg å fortelje om. Den gjekk føre seg ved Institute of Social Work (ISW) som er ein del av universitet i Dar. Der hadde Miss Leah og vår gode ven og studentguide, Hassan ansvar for oss. Vi hadde ei fantastisk flott veke og vart varta opp som kongar kvar einaste dag. Ting tok ofte laaaang tid og vi fekk verkeleg oppleve korleis det var å leve etter african time. Ganske smooth, men litt i overkant nokre gonger. Tenker eg tek veka dag for dag og kanskje litt i korte trekk slik at innlegget ikkje vert aaaltfor langt.

Før eg startar vil eg berre sei: Framtidige utvekslingsstundentar, gled dykk til denne veka! Den er fantastisk! Vi hadde nok ikkje overlevd i Dar Es Salaam utan den!

Måndag 02.01

Vart henta av Hassan. Han hadde leigd ein dalla-dalla (lokal buss). Reiste til ambassaden for å registrere oss. Der fekk vi helse på bilete av vår kjære Konge og Dronning.

Det første som møtte oss på norsk i Tanzania var utfyllingsskjema på ambassaden… og det var på nynorsk. Hjarte!

Deretter fekk vi fiksa oss simkort før vi reiste til ISW. Der skulle vi møte Miss Leah. Det tok si tid. Vi åt lunsj i kantina medan vi venta. Det var kjempegodt. Venta eit par timar. Her er Opsal og Hassan. Gladlaksar!

Så kom Miss Leah. Hadde ein liten introduksjon. Etterpå tok Hassan oss med for å sjå på solonedgangen og ete god mat.

I Tanzania nyttar dei tanzanianske shilling. Har hatt store innkjøringsproblem i den kursen. 1 NOK=264 TSH. Gratulerer! Tok ut 200,000 tsh, fekk alt i 5000-lappar. Score!

Tysdag 03.01

Forelesing om Tanzanias velferdsordning. Veldig spanande. Etter lunsj, skaffa oss moden slik at vi vart tilgjengelege. Vi gjekk også tur til ein marknad. Fikk sjå korleis dei laga alt dei selgde. Det var varmt og vi var veldig svette, men det var kjekt.

Etterpå reiste vi til ei strand og tilbragte resten av dagen der. Her i Tanzania et dei middag klokka 20.00. Vi spurde på hotellet om vi kunne bestille middag klokka 17.00. Det var greit, men dei sa det ville ta litt tid. Vi følte jo at vi allereie var på african time, så kvifor ikkje berre vente litt. Såå vi venta.. og venta.. og venta.. nokre fekk maten etter 2,5 time, dei siste fekk maten sin akkurat 3 timar etter vi bestilte! Hurra for african time! Vi hadde det jo fint, så kom myggen på besøk.

Onsdag 04.01

Forelesing på ISW. Miss Leah fortalde oss om HIV og AIDS i Tanzania. Dette var veldig interessant og vi lærte mykje. Blant anna at i Tanzania er det vanleg å ha sex 4-5 gonger dagleg!! Etter lunsj lærte vi om korleis det er å leve med disability og kva som vert sett på som impairement, disability og handicap. Dette var veldig nyttig og vi lærte mykje.

Lunsjen var like god denne dagen. Etterpå reiste vi til eit dagsenter for born. Det var ei dame som dreiv senteren og ho fortalde oss mykje spanande. I Tanzania har kvinnene berre tre månadar med permisjon etter dei har fødd. Etter omvisninga og drikkinga av brus i bakgården fekk vi lov til å leike med borna. Dei var veldig søte, nesten til å ete opp! Trur kanskje ikkje det finst ein einaste unge her som ikkje er søt!

Etter endt skuledag reiste nokon på kino medan nokon reiste tilbake til Passionist Father for å slappe av. Bra dag!

Torsdag 05.01

Vi vart henta tidleg. Leigde ein dalla-dalla. Reiste til Mtoni special school. Der var det ferie, så det var ikkje så spanande.

Fann ein del ungar i gata istaden for. Dei vart glade for å sjå oss, så vi ga dei ballongar.

Tok ei ferje. Den var stor og full, ikkje som Lavik-Oppadal-full, men OVERFULL!

Kjørte ganske langt. Fann ein dyrepark. Venta lenge før vi gjekk inn, uvisst kvifor, sikkert berre for å vere sikker på at vi går på african time.

Det var mange fine dyr der! Heldigvis var dei fleste inngjerda. Lurer på kva skade desse ville gjort dersom dei ikkje var i bur…

Denne derimot var visst ikkje så farleg, så den fekk gå fritt.

Gudvangen vart forresten klora av ein apekatt…i bur. Han var klåfingra og angreip heilt utan forvarsel.

Det gjekk ganske fint. Hellte på antibac med ein gong (sidan det var det næraste eg kom pyrisept) og la på eit par plaster sidan vi er så flinke helsearbeidarar. Var eigentleg ganske nøgd heilt til…

hypokonderane Standal og Vika kom med sine bekymringar om rabies og hepatittar og herpes og alt som var… då vart det andre bollar.

Etter å ha leika i dyrehagen reiste vi til eit hotell der vi sola oss.

Fredag 06.01

Vi besøkte ein gamal village for å sjå korleis dei budde før i tida, og for så vidt no også. Deretter måtte Gudvangen krypa til korset og reise til sjukehuset. Heldigvis var Hassan ein engel og fylgde med heile vegen inn til sjukesenga. Der var det nesten som på reklamen over skumle sjukehus der det kjem folk inn og seier uforståelege ting og går att, berre at det var eit flott sjukehus og at dei var flinke. Vart behandla av fire forskjellege personar på den tida eg var der. Ei som tok imot meg og målte blodtrykk, ho gjekk forresten berre, så eg vart sitjande der med pumpa på armen. Kunne for så vidt sjå at blodtrykket var perfekt, så det gjekk bra. Ein lege kom for å høyre kva problemet var. Prøvde så best eg kunne å forklare at eg vart klora av ein ape, men at eg følte meg fin og at såret var lite og såg bra ut, men at eg ville forsikre meg om at ikkje hadde vorte smitta av rabies eller noko anna rart. Han lo litt då han såg såret, men forsto problemet… trur eg. Ei dame kom og tok blodprøve. Ei anna sto og såg på meg… lenge. Spurde ho kva eg venta på. Så kom ei dame med tablettar til meg. Eg spurde kva det var.. «painkillers», men sjølv om eg prøvde å forklare at eg ikkje hadde noko pain, så måtte eg ta imot. Etter å ha venta litt til tok ho fram to sprøyter. Lur som eg var, hadde eg med meg vaksinasjonskortet. Frykta at den eine var stivkrampa (som eg allereie hadde pint meg gjennom i Noreg). Prøvde å forklare at eg hadde tatt den, viste til og med i kortet mitt, men til inge nytte. Godt eg ikkje har sprøyteskrekk (EG HAR DET), men Hassan holdt meg i handa. Fekk også rabiesvaksine. Tenkte at no var eg vel ferdig, men fekk beskjed om å vente. Kva venta vi på? Joda, vi venta på resultatet av blodprøven. Som sjølvsagt viste at eg var frisk som ein fisk. Sååå…då hadde eg ikkje trengt å pine meg gjennom dei to vaksinene. Hurra!

På veg tilbake til dei andre stoppa vi og åt på Subway, NAM! Så såg vi presidenten.

Beklager lite bilete her, men opplasteren på sida her/internetten min er ikkje heilt på mi side i dag!

Om kvelden hadde vi avskjedsfest før vi vart splitta. Her er heile gjengen med vernepleiarar, fysioar og radiografar og Hassan sjølvsagt. Smil.

Laurdag 07.01

Moshi-gjengen reiste dit. Vi andre reiste til Bongoyo. Ei øy. Dit tok vi båt. Så bada vi, sola oss, spelte beach og kosa oss glugg ihjel. Nokre av oss var blitt forstoppa, så vi måtte iherdig prøve å forklare dette på eit apotek. Scora og fekk tak i duphalac. Det funka.

Om kvelden gjekk dei 6 siste vernepleiarane og dei 2 fysioane på ein beachbar for å kose seg. Nokon var litt solbrente og Standal følte seg plutseleg ikkje så ginger lengre.Score.

Gudvangen og Opsal klar for morro i Morogoro.

Gudvangen prøvde å bestille «plane fries». Gjekk ikkje så bra… endte opp med plane RICE! Jaja, mat er mat.. var godt!

 

 

Sundag 08.01

Klar for avreise til Morogoro saman med fysioane Norman og Kjosaas. Turen starta faktisk litt kritisk med eit par tima i solsteiken, utan skugge..

i påvente av ein buss som ALLE skulle presse seg inn på samstundes… sjølv om det var nummererte seter. Det gjekk fint, men vi hra veldig svett og det var ikkje berre svette som sat att på svetteduken etter ÉIN tørk i ansiktet.

Bussturen var kjekk med skrikande barn, selgarar som konstant skulle tilby noko både inne og utanfor vindauget, folk som gjekk fram og tilbake og sola som steikte. sjølvsagt var det ingen air condition, men det gjekk bra og vi koste oss til ein viss grad.

Etter bortimot fire timar var vi endeleg framme! Fann oss ein taxi og kom glade fram til praksisplassen.

Fekk oss eit rom og var godt nøgde. Eg har kaøysenga og Opsal har den fine.

HUH, dette vart langt! Får håpe det var verd å lese.

-Gudvangen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *