Livet i Morogoro

Tenkte fortelle litt kva vi driv med. Sånn generelt. Får vel starte litt seriøst med noko fagleg (sidan vi tross alt har retningslinjer å gå etter) for så å gå over til det lille sosiale livet vi har her.

Vi er altså i praksis på Amani Centre i Morogoro. Vi bur på eit hostel som høyrer til senteret, det ligg rett over gata, så det er veldig greit sidan det vert ein del dødtid. Det kosta 15000 tsh i døgnet, altså cirka 56 NOK inkludert overnatting og tre måltid. Praksisdagane går med på å vere på day care, med fysioterapeuten, på heimebesøk og diverse anna.

På day care er det kjekt. Der startar vi klokka 9. Vi syng songar på swahili, eller, dei synger og vi klappar takta og smiler, vi drikk te og et brød, leikar, lærer, ser tv og kosar oss. Nokon av dei som jobbar der er lærarar medan andre er rike på erfaringar. Vi har vel ikkje komt 100% inni det enno, men er på god veg. Ein dag hoppa vi paradis og øvde på å telje på swahili. Eg veit faktisk ikkje om det var mest lærerikt for oss eller for ungane, men alle koste seg iallefall.

Mr. Festus er vår fysioterapeut. Han er veldig kjekk og grei og kan faget sitt svært godt. Der får vi lære mykje om ungar med cerebral parese, vi får vere med på heimebesøk og vi får vere med på behandling i fysiorommet. Det er ein del utstyr der, men ikkje som i Noreg. Ein del av det er gamalt, men det funkar fett. Det er heller ikkje spesiallaga til dei ulike pasientane, her delar ein på det ein har.

Heimebesøk finst i to formar her. Nokre gonger reiser vi saman med fysioen for å sjekke om alt står bra til med dei som er for dårlege til å kome seg til Amani, men som likavel treng fysioterapi. Andre gonger syklar vi rundt saman med communityworkeren, Mr. Siljali. Det er veldig kjekt, men vi får sjå mykje som trengst å reflekterast om i ettertid. Med Mr. Siljali har vi også litt språkproblemer så vi treng nok å lære litt meire. Det skal seiast at det ikkje står på viljen i å få kvarandre til å forstå og vi kosar oss stort.

Nokre av dei vi reiser på heimebesøk har det veldig vanskeleg. Nokre av ungane er blitt så tunge at foreldra ikkje lengre klarer å bære dei til senteret. Andre er blitt så vaksne at dei føler dei ikkje treng å kome dit lengre. Likevel held dei fram med å besøke dei for å sjå om dei kan hjelpe med noko og om alt er bra med dei. Vi plar ha med oss såpe, sukker eller mjøl. Då vert dei veldig glad.

Matvanane her i Afrika er noko anna enn dei vi er van med heimefrå. Gudvangen, som har som ein fast regel å ikkje la det gå meir enn 4 timar mellom kvart måltid, MAKS, slit til tider litt. Eg trur eg kan kalle meg ein matmons og då er det hardt når ein plutseleg må klare seg 5 og 6 timar mellom kvar gong ein får noko i skrotten. Frukosten består i omelett, pannekaker eller egg saman med loffskiver. Vi har spandert på oss sjølve litt nutella sjølvsagt og det gjer jo saken betre. Dette et vi klokka 0800, etter morgonbønna. Etter 5 timar utan mat er klokka blitt ett og det er klart for ein etterlengta lunsj. Normalt hadde Gudvangen allereie hatt tre måltid på denne tida, men slik er det ikkje her. Då er det ris, poteter eller/spaghetti saman med salat og bønner i saus. Middagen er ikkje før klokka sju, og då er det igrunn same valga som til lunsj. Så er måltida over for dagen.

På ettermiddagane gjer vi veldig lite. Vi har kjøpt oss syklar som vi er veldig stolte av. Ganske ofte syklar vi til byen for å shoppe ting som solkrem, sjokolade, chips, myggspray, duphalac, klede eller diverse anna. Det er like spanande kvar gong å sjå om vi kjem fram eller ikkje. No skal det seiast at alle vegar fører fram her i Morogoro, uansett.

 

Ihelgene henger vi med våre fysiavener frå Møllendalsvegen.

Dei bur litt langt vekke, men ikkje langt nok til at vi ikkje finn fram med syklane våre. Sidan vi bur i innlandet er det ingen strender her, men det er to hotell her som har badebasseng. Vi foretrekk Oasis hotel. Der kostar det berre 4000tsh  for ein heil dag. Altså cirka 16kr. For 40 kroner får du eit fantastisk godt og STORT måltid som held resten av dagen for min kropp. Ellers har vi funne ei dame som kan massere. Ho heiter kanskje Agnes og jobbar på Acropol hotel.

Vi har også gått opp Uluguru Mountain.Veldig flott tur, anbefalast. Vi slo fylgje med Halida som jobabr på Amani. Fekk sjå nokre små landsbyar oppi fjella, smake på diverse ting og bade i waterfallsa. Det var awesome!

Vi kan vel ikkje kalle oss lommekjende i Morogoro heilt enno, men vi er på god veg.

-Gudvangen

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *