Cause this is Africa..

Må berre legge inn litt om korleis Afrika er, sånn generelt berre for å setje litt perspektiv på saker og ting.

Du veit du er i Afrika..

..når det første du møter når du går ut døra er ei høne, ei geit, ei ku, eit esel eller ein salamander.

…når du skal ta dagens første skive og det kryper MINST 20 maur på den og du iherdig prøver å spørre kjøkkendama om det er normalt, men ho berre ler og viser korleis du berre skal dunke skiva litt mot bordkanten for å få vekk eit par av dei.

…når du er konstant forstoppa på tross av fysisk aktivitet og overdose av vatn.

…når det berre er av- og påfunksjon i dusjen, ikkje varmt-kaldt.

…når det kjenst som lottotrekning om det er vatn kvar gong du skal trekke ned i doen, dusje eller vaske henda.

…når du som oftast må dusje ved å helle ei heil bøtte over hovudet medan det blæs inn gjennom gitteret over deg fordi det ikkje er noko vindauge der.

…når du må vaske kleda for hand ute med eit vanleg såpestykke i kaldt vatn.

…når du tørkar deg i ansiktet og kluten er meir skitten enn om du hadde tørka deg under skoa heime i Noreg.

…når du sjekkar om du har fått svettemerke i rumpa kvar gong du reiser deg frå ein stol.

…når du syklar rundt på ein sykkel som er heilt lik den du berre har sett på bilete at oldefar brukte i sin ungdom og du i tillegg syns den er DØDSKUL.

…når mannen på dalladallaen (bussen) må løfte av heile døra for at du skal komme deg inn.

…når du sitter feilvendt i dalladallaen og alle dei 30 stk som er trykt inn i den stirrar deg RETT i auga sjølv om dei ser at du ser dei.

…når du joggar i gatene og ikkje treng bekymre deg for beinhinnebetennelse eller andre belastningsskader fordi ingen vegar har asfalt.

…når du joggar rundt omkring og folk ler og hermar av deg fordi du er kvit OG fordi du joggar.

…når du våknar av bønnerop, etterfulgt av hundar, som toppa seg med hanen og dei store, store høgtalarane som finst på kvart hushjørne.

…når du konstant har MINST 15 myggstikk som klør og halvparten av dei er innan ein omkrins på 6 cm.

…når det du lengtar mest etter er å komme tilbake til myggnettingen.

…når du har blitt så vant til dei søte salamandarane på rommet at din einaste reaksjon er: «Åå, nå er Findus her att.»

…når alle vegar fører fram dit du skal, UANSETT!

…når det verka som verdas mest naturlege ting å tisse og spy på seg.

…når folk ler av deg kvar gong du prøver å dukke unna eit enormt, flygande vesen.

…når det er verdas mest festlege ting at du svarar nokon etter at dei har ropt «mzungu», «good morning» eller «mambo».

…når du prøver å leike litt med ball og plutseleg har fått 90 ungar som står og kikkar på deg.

…når to kvitingar som drikk vatn er dagens happening på den lokale skulen.

…når du går i ei viderosjappe og dei har Prison break på DVD og det finst sesong 1 ,2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9 OG 10, sjølv om dei ikkje finst.

…når ein heilt sesong av ein serie kostar 12 NOK.

…når du må putte alt spiseleg i plastposar og knyte godt att for at ikkje mauren skal finne den.

…når svetten ikkje vil slutte å renne uansett om du sit musestille i to timar.

…når du sovnar som ein stein klokka 2100 kvar kveld og er lys vaken klokka 0600 kvar morgon.

…når det næraste du kjem sex er den 10-åringen som stakk handa si i rumpa di og smilte fint medan han spurde etter pengar.

…når du har ete meir bønner iløpet av tre dagar enn du har gjort dei 23 åra du har levd i Noreg.

…når heile lunsj/middagsmenyen består i tre (litt) forskjellige rettar.

…når det er 50-50 om du kjem fram til rett person sjølv om du har ringt riktig telefonnummer.

…når du får gå forbi 40 stk i bankkø, berre fordi du er kvit.

…når du vert behandla som ein kjendis, berre fordi du er kvit.

…når du dusjar deg i myggspray til alle døgnets tider for så å finne ut at det ikkje hjalp.

…når bussystemet fungerar betre enn i Bergen på tross av at sjølve bussane aldri hadde vorte EU-godkjende.

…når du faktisk ikkje bryr deg om du et innsekt.

…når ein kan bade i kva som helst, utan at nokon bryr seg.

…når du må helsar på alle du møter.

..når du alltid blir møtt med «mambo» «habari» (altså spørsmål om korleis det går) og du UANSETT om du er kjempeobstipert, svetten renn, skuldrene er knallraude av sola og du er så trøtt at du såvidt klarer stå på beina må svare at det går strålandes!

…når alle bærer kofferten sin på hovudet istaden for å nytte hjula.

…når du sitter på dalladallaen med ei stor afrikarumpe og ei svett armhole 3 cm frå ansiktet i tillegg til at du har fått eit lite, ukjend born på fanget.

…når du står og har ein seriøs samtale med ein person og han stikker heile fingen opp i nasa, som om det er verdas mest naturlege ting.

…når du bestiller «plane fries», men ender opp med plane RICE!

…når du lengtar etter snø og slaps.

…når det mjuke knekkebrødet tok tok med deg frå Noreg smakar himmelsk berre fordi du veit at du får i deg næring.

…når det du er mest nøgd med etter ein dag på markedet er den knallblå grilldressbuksa du kjøpte for 50 NOK

…når det kulaste diskoteket i byen ser ut som ungdomsklubben du hang på da du var 12 år og du faktisk likar det.

…når du føler at du er med i «der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og du finner ut at du trivst utruleg godt.

Rett og slett, det er fantastisk. YOU GOTTA LOVE IT!

 

-Gudvangen

 

0 kommentarer til «Cause this is Africa..»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *