If you can’t climb it, run it

Den store maratondagen er komt og dæven så vi har gleda oss til det… i allefall Opsal!

Då vekkerklokka ringte klokka 0500 var vi ikkje akkurat heilt klare. I tillegg vakna vi av eit heilt insane lyn etterfult av eit kraftig tordenskrall som skremte ein bil slik at alarmen gjekk!

Til frokost køyrde vi loffskiver med lokal makrell i tomat. Smakte ok, men ikkje akkurat førstevalet så tidleg på morgonen

Fann oss ein taxi og Gudvangen var plutseleg veldig klar..

eller ikkje… det var ein spøk!

Framme på Moshi stadion. Sidan det regnar, vert starten utsett ein halv time. Altså skal Opsal starte klokka 0700 og dei tre andre ivrige får drøye det til 0730

Opsal er klar!

Gudvangen og Storm gjer sitt beste for å vere klar dei også.

Gudvangen med startnummer 2424.

Storm aka 1311

Åsså har vi jo radiografen då

Vaselinen er påsmurd og vi gledar oss.

Litt leik før start er ikkje feil

Lukke til Opsal!

Her skal fullmaraton starte.

Så er vi klare for 21 km med smerte.

Det starta ganske bra

Storm gjorde ein fantastisk innsats med å dra Gudvangen som ikkje var særleg villig til å bli dradd og drog heller imot! Storm prøvde det meste for å få opp motivasjonen, men la oss kalla ein spade for ein spade, det fungerte svært dårleg! Den første mila (!!!) gjekk det oppover, bortover, oppover, oppover,oppover, bortover. Gudvangen syns dette var heilt j@%$»! Det fantes jo ikkje nedoverbakka. Vi fekk vite av ein hyggeleg afrikanar at etter 1 mil skulle vi snu på ein topp og jogge nedover att. Etter å ha jogga cirka 5 kilometer møtte vi dei første som var på veg ned att. Snakk om motivasjon. Stakkar Storm prøvde å få Gudvangen til å jogge istaden for å gå. «Sjå på han gamle mannen der da, sjå kor fort han jogga!». Gudvangen lot seg absolutt ikkje lure med sitt ikkje-eksisterande konkurranseinstinkt og drepte motivasjonstalen med «ja, han er flink..». Eller som då vi såg ein med ein protesefot og Storm prøvde å sjarmere Gudvangen med at då måtte no ho klare det, så kom svaret «jammen han vert jo berre sliten i éin fot». Ikkje så kameratsleg sagt, men it’s a fact og hjernen var litt over middels overloaded!Trur kanskje det vart litt hatforhold ein liten time i dei lange bakkane.

Heldigvis var det drikkestasjonar med jamne mellomrom. Der sto det kjekke folk og ga oss vatn, cola og våte svampar. På ein av stasjonane hadde dei til og med to dusjar over vegen. Der fekk forresten både ipodane og kamera ein smell. Å jogge oppover desse bakkane var faktisk eit reint hel….. For Gudvangen som faktisk hatar å jogge og som ikkje klarer å motivere seg fordi det er så slitsom å bli sliten og fordi det verkar så meiningslaust, så var det langt over middels forferdeleg. Det gjorde det ikkje akkurat betre at det kom så mange spreke folk mot oss som allereie hadde snudd. Både spreke afrikanarar, spretne damer og eldre mzunguar var i kjempeform!

Endeleg på toppen og halvvegs fekk vi oss bollar og bananer i tillegg til cola og vatn. Det var etterlengta med tanke på at Gudvangens energinivå låg på minus 8. No skal det seiast at det ikkje akkurat var veldig lett å ete dette medan eg prøvde å halde fylgje med Storm som starta heimattespurten. Banana glei ikkje akkurat lett ned i magen for å sei det slik. Stakkars Opsal fekk aldri bananer, for vi hadde ete opp alt da han kom så langt. Dei som sprang fullmaraton sprang 21 km før dei starta på halvmaratonløypa som, ifylgje Opsal, var heilt idiotisk j…….

Gudvangen ga opp Storm.. eller omvendt. Usansett så fann Gudvangen seg mange ny vener på turen og endte til slutt opp med ei danskafrikansk dame som var veldig hyggeleg. No er det ikkje til å stikke under ein stol at Gudvangen sin hjerne ikkje er villig til å ta inn det danske språket, men med litt smiling, nikking og latter gjekk det veldig fint. Fekk med meg noko om at ho kom til Danmark for 20 år sidan iallefall.

Her er det berre 2 km att og Gudvangen er døden nær!

Endeleg i mål etter cirka 2 timar og 45 minutt. Er ganske nøgd med tanke på mitt utgangspunkt!

Hadde heldigvis vore oversmart og tatt med ein sjokolade. Fortent!

Vinjerui var ein av vore flotte heiarar.

Heile gjengen! Opsal kom i mål etter 4 timar og 53 minutt sånn cirka. Ikkje heilt nøgd, men med tanke på at løypa ikkje akkurat var flat, så må ein vere nøgd med å ha fullført eit heilt maraton!

Ein velfortent milkshake var ikkje feil.

Glade og stolte tilbake på hotellet!

Fekk oss t-skjorter. Storleiken var heldigvis XL. Trur nesten svigerfar skal få æren av å vaske den når eg kjem heim sidan han er ekspert på å krympe ting.

IF YOU CAN’T RUN IT, DRINK IT!

 

Gudvangen har også funne ut eit par ting ho visste frå før i dag.

– Konkurranseinstinktet = -12, altså ikkje-eksisterande

– Dette var det dummaste ho nokon sinne har gjort

– Dette skal aldri gjerast igjen

– Maraton = DØDEN NÆR!

– Motivasjon er no dritt

– HATAR Å JOGGE!

Bra dag, dette!

-Gudvangen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *