Bustad, besøk og bacheloroppgåve

Spanjolane har informert oss om at me har busett oss i Valencias svar på the Bronx, noko me sjølvsagt er svært nøgde med.

What’s the deal, yo!?
Spansk byggeteknikk hjå naboen.

Eit bilete av stova vår. Me har somregel like klede på oss.

Gangen.

Fredagskos med Anatomiá de Grey y Cinco Hermanos på tv’en. Dei spanske glosene kjem sakte men sikkert v.hj.a lett lesning i spanske Vogue.

Terassen vår.

Her ser dykk butikken ”Europris gone wild” som ligg i kjellaren i blokka vår. Her finn du alt som trengs for å vera streetsmart (oversikt over innkjøp kjem ved ein seinare anledning, følg med!)

Her er eit bilete i ”Jardines del Real.” Ein nydeleg park ca. 15 minuttars gange frå leilegheita.

Kvar er Caroline? (Ragnhild øver seg på fotografering.)

 

Lunsj på Mercado de Colón i shoppingstrøket. Dei fleste handlegatene er samla i området rundt Colón, her finn du alt fra kjedebutikkar til svindyr design.

 

Me gjer ein god innsats i å bruka opp alle sparepengane våre.

Janne Kristin kom på besøk tirsdagskveld. Me feira med tapas og raudvin.

Onsdagen gjekk med til shopping. Her har me ein kunstpause med eit glas raudvin.

Nok eit avbrekk frå ein hard shoppingdag.

Dagens quote frå Janne Kristin: ”Det e ikkje rart dei kalle shopping ein sport!”

På jakt etter engelsk lektyre fann me norsk litteratur på salg.

På kvelden luska me rundt i gatene i gamlebyen.

Me fann til slutt ein plass der me kunne ta eit avbrekk frå luskinga.

Etterpå luska me oss heim.

Sidan gjesten vår er over gjennomsnittet interessert i matlaging, tok vi ho med til Mercado Central. I følgje vår elska guidebok frå Lonely Planet er dette eit av dei største innandørs matmarknadane i Europa. Dei to underteikna byggingeniørane har vore her ein gong før, men då fekk dei prestasjonsangst og snudde i døra.

Dagens innkjøp på marknaden.

Me hadde lunsj på vår favorittrestaurant i gamlebyen. Her ser dykk to vanlige spanske lunsjretter. Caroline har for øvrig Paella i munnen, derav det stive smilet.

Ein buss og eit rådhus.

På kvelden laga me tapas av råvarene frå marknaden. Janne Kristin fann sin favoritt-cava (spansk sprudlevin) til ca 10 kroner på Mercadona’n.

 

Etterpå gjekk turen til Superclub. Ein hip spansk nattklubb.

Morgonen etter stressa Janne Kristin og Caroline avgarde for å utforska ”Ciudad de las Artes y las Ciencias” (The city of arts and science), medan Ragnhild var heime og sov. Parken er Valencias mest kjente turistattraksjon, utforma av byens store son – arkitekten Santiago Calatrava.

I parken finn du Oceanogràfic, Europas største akvarium, som Ragnhild ved ein tidlegare anledning vitja. Her ser dykk litt nervøse Janne Kristin ståande i den 70 meter lange haitunnelen.

Etter nokre dagar i saman med oss var Janne Kristin klar for heimreise.

Me vil med dette nytta anledninga til å takka så hjertelegast for besøket, og for at du lærte oss å regulera varmen på gasskomfyren.

Helga gjekk med til trening og museumsbesøk. Her er Caroline utanfor IVAM, ”Instituto Valenciano de Arte Moderno”. Her fekk me med oss fire ulike utstillingar, nokon betre enn andre.

Ulovleg fotografering av ymse kunstverk.

Til slutt vil me poengtera at me no har byrja å jobba med bacheloroppgåva.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *