Ny veke, nytt besøk

To flotte jenter kom på helgebesøk. Hurra!

Første kveld var me i gamlebyen og smakte på lokale delikatesser.  Den oppkutta, lilla blekkspruten med seige sugekoppar fall ikkje heilt i smak hjå gjestene.

Uheldigvis for kredittkorta til underteikna, ville gjestene tilbringa laurdagen i handlegatene. Til lunsj åt me store mengder paella.

Sletne shopparar vart snikfotografert.

Kosar oss på byen.

Etter to timar med søvn, drog me i dyreparken på søndagen.

Den ivrige fotografen Maria tok ca. 1000 bileter av ymse dyr.

Caroline tok bilete av Maria.

 

Kamuflasje i dyrehagen.

 

Nokon har putta pengar på Caroline.

 

 

 

Sleten i pelsen.

Siste kvelden var me på italiensk restaurant, her er eit fint bilete av noko heilt anna.

Takk for besøket, jenter!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *