Update

Forelesningar, gruppearbeid, innleveringar, testar og eksamenar. Det har vert sju intense veker, og ekstreme mengder skulearbeid. Skule frå åtte om morgonen til fem om ettermiddagen. I tillegg har vi ”on-line lectures” med nytt lærestoff som skal gjennomgåast etter undervisningstid, og som vi blir testa i neste dag. Det er ikkje til å legge skjul på at fortvilinga og ”koffeinpromilla” har vert høg i det siste, og eg forstår ikkje heilt korleis eg har klart å komme meg gjennom alt til no.

 

Heldigvis er den mest intense perioden over, ettersom vi stort sett har komt gjennom det meste av pensumet i det største faget vi har; ”Neuroloigcal Patient Mangement”. Her har vi lært om ulike sjukdommar og skadar som omhandlar nervesystemet – Parkinsons, MS, ALS, hjerneslag og ryggmargsskadar, og korleis vi skal behandle desse. Faget har ein stor teoridel, i tillegg til lab der vi får testa ut ulike praktiske oppgåver. Vi har også hatt mykje besøk av pasientar i undervisninga og vore på besøk på sjukehuset for å møte pasientar som fortel korleis dei opplever og handterar sjukdommen sin. Denne veka hadde vi også besøk av ein lovande, beskjeden og sjarmerande gut, Desmond, som viste fram protesa si og fortalde om målet hans om å delta i Paralympics i Rio de Janeiro i 2016. Her er ein liten filmsnytt som fortel litt om han og kvardagen hans:

http://www.youtube.com/watch?v=kgsagEG2uFg

Innimellom all studeringa har vi også gjort andre ting. Blant anna har vi arrangert eit 5 KM løp til inntekt for eit prosjekt som til dømes hjelper militærveteranar med skader frå arbeidet i felten…

 

…sett Duke sitt volleyballag knuse Maryland…

…deltatt i ei ”flagfootball” turnering til inntekt for fotballspelaren, Blair Holiday, etter hovudskaden han pådrog seg i sommar då han hamna i koma etter ei vannskiulykke…

… som det eine laget i klassen min vant!

Deltatt på World Beer Festival…

… og laga amerikanske vafler til frukost 🙂

Go Duke!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *