Still going strong

Vi er inne i veke 12 av semesteret , og det er kun ei og ei halv veke igjen før Thanksgiving break. Store menger pensum er gjennomgått, og læringskurva stiger fortsatt! For tida jobbar vi med  eit prosjekt som vert kalla Movement Matters. Dette går ut på at vi blir delt inn i grupper på fire, der kvar gruppe blir tildelt ein frivillig pasient med ein nevrologisk sjukdom. Denne deltakaren skal vi undersøke, evaluere og behandle to gonger i veka, i totalt fem veker. Her får vi testa ut og nytta kunnskapane vi har opparbeida oss, og hittil har dette vert utruleg lærerikt og spanande. Spesielt kjekt er det når vi ser positive resultat av det arbeidet vi gjer med pasienten vår.

Elles har eg også vore med på ”ekte” Halloweenfeiring. Og her blir det ikkje spart på kruttet når det gjeld gjennomføring! Husa i nabolaget var dekorert med massive spindelvev og svære figurar med lysande auger, utstyrt med innebygd lydanlegg som spreier creepy lydar. Andre hadde laga oppgangen til huset om til ein kyrkjegård, der skjellett låg halvvegs nedgravd i jorda og røykmaskin som spreidde røyk langs gravsteinane for å lage ekstra skummel stemning. Eit hav av ungar gjekk ”Trick or Treat” frå dør til dør utkledd som Supermann, Batman og Hulken.

«Pumpkin carving» høyrer også med, og her lagar vi kvar vår for å pynte oppgangen vår til Halloween:

Her er det fantastiske Team 7 utkledd som Harlem Globetrotters (basketballag) for Halloween. Ein av dei få dagane det ikkje er påkrevd med dresskode for undervisninga på skulen. Hurra!

Den amerikanske fotball sesongen er også vel i gang, og sjølv om Brannsupporterane kan vere høglytte og elleville, kan du gange dette med ti i forhold til det engasjementet som speglar den amerikanske fotballen! Folk byrjar oppladninga til kampane fleire timar før kampstart med ”tailgating”. Dette går ut på at folk samlast på parkeringsplassane og arealet utanfor stadion, setter opp store partytelt, og ordnar til med grill og beer-pong. Studentorganisasjonen stiller med gratis mat og øl til alle studentane som møter opp, og arrangerar ”flip-cup” konkurransar. Inne på stadion får vi utlevert duskar og tekstar til kamprop, det blir avfyrt fyrverkeri og nasjonalsangen blir sunge med handa over hjartet. Korpset spelar storslaget samtidig som dei bevegar seg i formasjonar, og cheerleadarane hoppar og spretter langs sidene. Og ikkje rekn med å få kvile beina i løp av kampen – her står vi gjennom alle omgangane!

”Running” er også veldig populært her borte, og  det blir stadig arrangert ulike løp. Eg har sjølv gjennomført mitt første 5 km løp, meeen det skal seiast at det var eit såkalla ”fun run” litt utanom det vanlege. Her blei vi dynka med maling og fargepulver for kvar kilometer vi fullførte, og blei dermed sjåande ut som nokon galne fargeklattar når vi kom over målstreken.

Elles har høsten her vert utruleg fin, med fargesprakane tre overalt. Her er ein timelapse film laga av ein student ved Duke som viser både litt av campus og området rundt:

 

Her er eg på veg til skulen ein tidleg morgon:

 Go Obama!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *