Nipetanoh!

Vekene har gått fort sidan vi forlot Noreg i dunjakker.  Mykje har skjedd, og vi har mykje på hjartet. Her er ei oppsummering frå første veka.

Karibu sana Zanzibar!

CIMG3399

Nyota Beach Bungalows på Matamwe.

Nyttårsfeiringa tok vi på Nyota Beach Bungalows på østkysten av øya Zanzibar, som er ein 2 timers båttur frå Dar es Salaam. Med oss var Mathilde, Inger Helene og Mari’s bror, Ola.

Første dagen gjekk med til soving på solsenger og ein snorkletur til Mnemba, ei øy med eit hotell der ein betalar 1200 dollar natta. Vi valde å ikkje bu der. Trass i det, såg vi mange spennande fiskar. Høgdepunkta var Doris, butterflyfish, slangefisk og mange andre fargerike fiskar.

Nedturen var at det var mange korallpartiklar i sjøen som svei kvar gong dei traff oss. Silje fekk etter dette godt med raude flekkar på både armar og bein som først forsvann etter ein tidagerskur på allergitablettar. Resten av kvelden gjekk med til å lære swahili, lære å spele bao og til å sjå på stjernene med ein kald Kilimanjaroøl i handa!

IMG_0654

Nyota bydde på ein eigen bungalowrestaurant med mykje god mat og ikkje minst god frukt.

På nyttårsafta tok vi ein tur til Stone Town der vi stod ein time i minibankkø(Another Terrible Mistake(ATM), som ei lokal kalte det). Ellers vandra vi i gatene der som kryr av marked og folkeliv, før vi reiste attende til vår kvite strand på østkysten. Ein joggetur kombinert med fotball med lokale på stranda vart gjennomført før vi tok nyttårsmiddagen og reiste nord på øye til Kendwa Rocks. Her vart det arrangert ei stor nyttårsfeiring med stort sett berre turistar og fullt fyrverkeri – Hurra! Godt nyttår!

CIMG3481

Jambo Dar Es Salaam!

Rett over nyttår tok vi båten attende til Dar og la oss inn på Econolodge, eit hostel midt i bykjernen. Her møtte vi Henrik, Lars Peder, Eivind, Elisabeth og Shandell. Her vart vi buande i to netter før vi flytta over til Passionists Father.  Det som var høgdepunkt frå området i bykjernen var digg, billig mat på barbequehjørnet og Chef’s Pride!

CIMG3524

Middag på «Golden Fork» med dei lokale studentane i introveka.

Frå 2.januar til 4.januar hadde vi ei introveke saman med alle studentane som skal ha praksis i Afrika. Så vi var både radiografar, vernepleiarar og fysioterapeutar som var på eit lokalt universitet(ISW) og hadde dagleg undervisning der.

Madam Leah O’Mari var sjefen sjølv, og ho gav oss ei innføring om HIV/AIDS og tanzaniansk kultur. I tillegg hadde vi ein smilande og engasjert lærar ved navn Shingongo(som hadde tatt master i Noreg) som gav oss ei innføring i helsesystemet og den tanzanianske politikken. Samstundes hadde vi også denne veka studentguidar som hjalp oss med å bli litt kjent i byen.

Dei lokale studentane har vore veldig hjelpsame og imøtekommande. Blant anna har dei tatt oss med til Mwenge, eit lokalt marked med mykje spennande snadder. Dei har også gjort oss trygg på å bruke lokale framkomstmidlar, som vert kalla bajaji og dalla-dalla.

Dalla-dalla er minibussar som kostar 300 TSH(=1 krone) nesten kor som helst du skal i denne svære byen. Bajaji er små trehjulsmopedar som rommar opptil fem personar og myldrar rundt i gatene som sau i Viksdalen. Med dei kjem du deg fram overalt, dei snik forbi rushet og du får kjølt deg med vind i den steikande heten. Er du heldig har også sjåføren installert anlegg i bajajien slik at du får soundtrack til turen. Stas! Dette er stort sett dei to einaste framkomstmidla me bruka bortsett frå beina.

CIMG3530

Ola og Silje beundrar dalla-dallaen.

Mari opplever kor trangt og klamt det kan bli i ein dalla-dalla.

CIMG3555

Rasteplass for dei lokale heltane, Bajajiane.

Meir om dei siste vekene, og då spesielt den spennande jobben vår, kjem snart!

– Mari og Silje

0 kommentarer til «Nipetanoh!»

  1. Hei, Mari og Silje!

    Veldig bra å se at dere er vel på plass! Vi gleder oss til å følge med på bloggen de neste månedene.

    Kos dere i Dar!

    Hilsen alle oss på Internasjonalt kontor.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *