Første møte med CCBRT Disability Hospital

Etter introveka byrja praksisen vår på CCBRT disability hospital. Her skal vi jobbe stort sett under heile opphaldet vårt. Det har vore hardt å stå opp når vekkarklokka ringer 05.45 kvar morgon, men det er utruleg kva ein klarar å venne seg til!  Arbeidsdagen vår varar så fram til 15-16 alt etter kor mange pasientar det er.

IMG_0906

Dei første dagane blei berre brukt til å observere, då det er mykje nytt å sette seg inn i.  Etter vi blei litt kjent med dei ulike diagnosane, så har våre kjekke kollegaer berre slengt oss ut i arbeid. Så då sitt vi der med eit lite born som smilar og ser på oss med store auger, eller som eventuelt skrik i frykt pga eit uvant syn – nemleg ein mzungo(=kviting).

Ei utfordring har vi også med språket, i og med at både born og foreldre ofte ikkje snakkar noko anna enn swahili. Men dette har resultert i at vi stadig vekk lærer nye nyttige ord og at vi får trent oss på å kommunisere med kreativt kroppsspråk. Ellers fungerar også dei lokale fysioterapautane som tolkar. Så språkproblemet har ført til ekstra «bonding» og moro med både pasientar og kollegaer.

IMG_0896

Kva er CCBRT disability hospital?
CCBRT står for Comprehensive Community Based Rehabilitation in Tanzania. Det er ein organisasjon som vart etablert i 1994 med mål om å nå ut til og hjelpe personar med funksjonshemming. Dette har utvikla seg til eit «disability hospital» her i Dar es Salaam, samt fleire små avdelingar rundt i dei ulike bydelane og i Moshi.

Per i dag er CCBRT den største leverandøren på funksjonshemming- og rehabiliteringstilbod. Sjukehuset og dei ulike avdelingane sine tilbod har ført til at dei funksjonshemma lettare kan bli inkludert i samfunnet. Noko dei bruker for og oppnå dette er CBR, Community based rehabilitation. Dette er retningslinjer frå verdens helseorganisasjon som blant anna går ut på å spre kunnskap og gje opplæring til pasienten, foreldre og samfunnet, tilrettelegge lokaler og å gje medisinsk hjelp.

Vil du vite meir; sjå ein film, lese pasienthistorier eller sjå nokre bilete frå sjukehuset/CBR-arbeidet kan du finne det her:
http://www.ccbrt.or.tz/

CIMG3604

Ventebenken. Her sitt pasientane på rekke og rad i varmen og ventar på å få komme inn.

Så langt har vi berre tatt del i arbeidet på sjukehuset. Her finn du kirugar, radiografar, augelegar, sjukepleierar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. Sjukehuset har også ei eiga avdeling der dei lagar ortoser og tilpassar ulike hjelpemiddel til kvar enkelt pasient.

CIMG3606

Zulekha og Mary, to av fysioterapautane som sjefar over oss.

CIMG3603

Godfrey, som er ein ergoterapaut som vi samarbeidar med, og Rojas, nok ein fysioterapeut. Dette er behandlingsrommet for pasientane som benyttar seg av det offentlege tilbodet.

Sjukehuset har sju fysioterapeutar, fem frå Tanzania, ei frå Tyskland og ei frå Holland. Fysioterapiavdelinga består av ein privat klinikk og ein offentlig klinikk, dette fordi det skal vere eit tilbod for alle. Dei private får meir lukka

CIMG3602

Silje, Zulekha, Aikande, Mary(alle fysioterapeuter) og Sarah(resepsjonisten) i den andre halvdelen av rommet som blir brukt til pasientar som benyttar seg av det offentlege tilbodet.

I laupet av desse to vekene har vi møtt mange pasientar med ulike diagnosar. Vi merkar allereie at dette har skapt mange sterke inntrykk, noko vi kjem til å snakke meir om i seinare innlegg!

Baadaye!
-Silje & Mari

0 kommentarer til «Første møte med CCBRT Disability Hospital»

  1. Non-verbal kommunikasjon er vel 70-80%, så har de nokre ord i tillegg, så er det vel nesten fullkomment ;-). Spanande å følgje bloggen, ventar spent på neste innlegg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *