Helgekos 18-20 januar!

Fredag

På fredag var me med dei lokale studentane på eit beachparty. Dette vart holdt på eit hotell og var ein velkomstfest for dei nye studentane ved Institute of Social Work. Her fekk me endelig oppleve den lokale festkulturen. I forhold til heime der det stort sett berre er jenter på dansegulvet, var det her guttane som dominerte. Dei hadde til og med danserytme, og me hadde til tider vanskelig for og henge med. Brått kunne heile dansegulvet stå å danse samme dans, eller så havne me midt i ein dansebattle. Kurt oppsummert: varmt, klamt og tipptopp tommel opp!

Laurdag

Denne dagen bestemte me oss for og vere litt turistar. Turen gjekk til det nasjonale musèumet i Dar es Salaam. Framstillinga av musèumet var noko ustrukturert, men det var alikevel spanande og besøke. Høgdepunktene var kulturelle gjenstandar frå ulike stammar og tidsepokar, helleristningar på 32 millionar år, samt fossilar og fotspor frå menneskets forfedre.

CIMG3627

3,6 millionar gamle fotspor.

Søndag

På søndag tok me ei utflukt til Bagamoyo. Med oss hadde me ein amerikanar, tre radiografar og Julie, Kristoffer og Øyvind (tre vener av Ola). Turen tok omlag 1 time med Dalla-dalla og kosta oss 2000 Tsh (7 Nok). Langs vegen var det mykje liv. Silje satt som vanlig og følgde flittig med, medan Mari nytta anledningen til å ta seg ein høneblund.

IMG_0925

Bagamoyo er ein liten havneby nord for Dar es Salaam. Bagamoyo var frå 1886-1891 den opprinnelige hovudstaden i Tysk Austafrika. På den tida var dette ein av dei viktigaste handelspostane på kysten av Austafrika. På slutten av 1900-talet var Bagamoyo eit byttepunkt for elfenbein og slavehandel. Namnet Bagamoyo kjem frå swahili “Bwaga-Moyo”, som betyr “legg ned hjarte ditt”. Dette oppstod enten fordi slavefølgene frå innlandet nådde kysten her, eller fordi bærarane i elfenbeinshandelen til dei store sjøane endelig kunne få kvile.

IMG_0938

Her vart slavane sendt til Zanzibar.

IMG_0974

Me brukte dagen i Steinbyen. Her ligg bl.a det tyske fortet, som vart brukt til fengsel på slutten av 1800-talet. Det er ellers mykje flott og gammal arkitektur, fiskemarked, muslimske moskèar og kunstmarked. Dagen vart avslutta på “Travellers lounge” som er eit hotell som ligg nede på stranda. Her fekk me oss litt forfriskningar og bada, før me tok Dalla-dalla heim att. Me opplevde Bagamoyo som ein avslappa og fredeleg plass, som hadde mykje sjarm med seg.

IMG_0962

Det tyske fortet.

IMG_0980

– Mari og Silje

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *