Support-unit besøk!

CIMG3659

Som vi har nemnd tidlegare består CCBRT-programmet av det sjukehuset vi jobbar på og fleire småavdelingar ute i dei ulike bydelane. Desse vert kalla for support-units. Det er eit veldig bra tilbod, fordi dei fattige slepp å reise heilt til sjukehuset for å få god hjelp. Her vert det nemleg satt opp faste dagar i veka, der fysioterapeutar, ergoterapeutar og opptrente «field workers» følger opp pasientar som har vore på sjukehuset, ute i bydelane. Då kjem foreldrene med born og får opplæring i korleis borna skal behandlast, samt blir det vurdert om nokre vidare tiltak skal gjerast.

IMG_0036

Her er den eine CCBRT-bussen som viser dei diagnosane som blir mest behandla ved sjukehuset; augesjukdommar, klumpfot, amputasjonar, vesicovaginal fistula, hareskår, beindisformitetar som ekstrem varus(hjulbeint) og brannskadar.

CCBRT har 11 support-units rundt om i byen og ein dag i forrige veke fekk vi vere med å besøke Mtoni-avdelinga og sjå korleis det fungerte i praksis. Her var det blant anna born med klumpfot, ulike typar CP, forsinka motorisk utvikling og Downs syndrom.

På tynne madrasser inne i eit stort klasserom satt det tett i tett med foreldre og born på sine utbretta sarongar(=sjal). Som ein kan skjøne resulterar dette i eit relativt høgt lydnivå, men likevel verka det som om dei tok livet med ro og ikkje lot seg irritere. På tur fekk dei snakke med field workers(som er opptrent på behandling innan dei ulike diagnosane) eller terapeutar som tok ei undersøking, gjorde nokon øvingar og visste foreldra kva dei burde gjere vidare. Plutseleg kunne heile rommet også slå til med ein felles barnesang for å få borna i betre humør. Dette var både varmt, klamt, lærerikt og moro.

Utanfor dette klasserommet hadde dei eit stort område med heimelaga rullatorar i passande høgde til born, samt eit område der follow-up av klumpfotpasientane fann plass. Klumpfot er ein av diagnosane som CCBRT sjukehuset er spesialisert på og i 2012 hadde dei 243 pasientar inne for behandling. Det er derfor viktig at dei følger opp pasientane i ettertid for å sjå at det går i riktig retning og vurdere om pasientane eventuelt må henvisast tilbake til sjukehuset. Den behandlinga som føregår på sjukehuset har vi allereie tatt del i fleire gongar, men det kjem det meir om i eit seinare innlegg!

IMG_0021

Gutt med hemiplegi som trenar med heimelaga rullator.

CIMG3687

Etter behandlinga for klumpfot vert borna sendt heim med desse skoa. Desse vert brukt for å halde føtta i riktig posisjon. Først vert dei brukt både dag og natt, men etterkvart som borna byrjar og gå og alt ser bra ut på follow-up så vert dei kun brukt om natta.

CIMG3676

 

CIMG3661

Sjarmtroll!

CIMG3684

Tutaonana!
– Silje & Mari

0 kommentarer til «Support-unit besøk!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *