Helgekos vol.2

 

IMG_0039

Torsdag 24.januar

Dei to største fotballaga i Tanzania, Simba sports club og Yanga, er stasjonert i Dar es Salaam. Dar es Salaam national stadium, som er deira heimearena, rommar heile 60 000 tilskodarar. Denne dagen tok Simba imot eit Sør-Afrikansk lag, Black Leopards, og me reiste for å sjå denne store begivenheten med to lokale vener, Isaac og Oby. Framkomstmiddel for å komme seg der til var ein Dala-Dala, men med traffic jam, mykje svetting og med 15 minutt utan rørsle i trafikken, bestemte me oss for å hoppe av og ta vår jomfrutur på ein Piki-Piki. Dette er motorsykkeltaxiar som snik seg over fortau og mellom bilar og er det mest effektive framkomstmiddelet i rushtida. Det var ein luftig og spennande opplevelse og me kom oss heilskinna fram til stadion. Her kosa me oss med leikandes afrikansk fotball, diverre enda kampen i Sør-Afrika sitt favør.

IMG_0051

 

Fredag 25.januar

Denne dagen var ein muslimsk helligdag, og me valde difor og ta ei langhelg til Morogoro. Bussturen nordover tok omlag 3 timar. Dette gjekk fort då me fekk oss ei lita vennine på bussen som holdt oss med selskap.

IMG_0054

Mtoto – rafiki!

Då me kom fram til Morogoro sentrum skjekka me inn på Hotel Oasis. Deretter møtte me Mathilde, Inger Helene, Elisabeth , Åse og Ellen på turistkontoret. Her fekk me ordna oss ein guide til fjellturen som me hadde planlagt på laurdagen.

Etterpå åt me ein betre middag med jentene. Resten av kvelden vart brukt til billiardspeling på hotellet. Silje visste seg og vere litt av ein spelar, og gjestene kom på tur for og utfordre ho. Kvelden vart avslutta med og slå hoteleigaran i biljard, flott det!

 

CIMG3702

Silje godt nøgd med Morogoro; litt vind, flott natur og ikkje minst fjell i sikte!

IMG_0070

Laurdag 26.januar

Kl.06.30 møtte Guiden vår, Emanuell oss ved hotellet. Her frå gjekk turen vidare opp til Uluguru mountains, nærmare bestemt Lupanga peak. På veg opp gjekk me gjennom Kimbwe Village som låg høgt oppe i fjellsida. Det er fleire landsbyar oppe i desse fjellsidene, og folka som bur her høyrer til Luguru tribes, derav navnet Uluguru mountains. Vi fekk høyre mykje om denne stammen og noko som vi tykte var ein interessan detalj var at her var det kvinnene som hadde odel! Girl power! Foruten om flott natur såg me bla. apekattar, grashopper, kamelon, mange flotte fuglar og eksotiske frukttre på turen. Til bakgrunnsstøy hadde me skogens eigen musikk – safi sana!

Stien oppover var smal og bratt, noko som gjorde at både armar og bein måtte takast i bruk. Etter omlag 4 timar med heftig svetting (ny pers for Mari som vridde shortsen opptil fleire gongar) var me endelig framme på toppen som låg 2189 moh. Utsikta på toppen var ikkje mykje og skryte av, men kvikk lunchen som me hadde medbrakt frå Norge har aldri smakt betre.

Turen ned var minst like utfordane som vegen opp sidan stien var såpass bratt. Etter ein del nesten ulykker kom me oss heilskinna ned igjen. På veg gjennom landsbyen skimta Silje eit “Jack-fruit” tre, ei frukt ho lenge har sikla etter å få smake. Eigarane såg dei store augene hennar og inviterte oss bort til huset. Her blei frukta hogga ned frå treet og delt mellom oss og familien som budde der. Det var ei søt og god frukt som kjem til og bli eten fleire gongar. Vi vart igjen veldig positivt overraska over kor hyggeleg og imøtekommande Tanzanianarane er, her skal alt delast og alle er velkomne!

Når me kom tilbake til Morogoro sentrum unna me oss ein velfortjent is, før me åt indisk middag på hotellet. På kvelden traff me Mathilde, Inger Helene, Elisabeth og Luke på “Camel bar and lounge”. Her fekk me nyta eit par kalde til fotballkamp og livemusikk før kvelden kom sigande på.

CIMG3793

 

 

 

CIMG3794

 

Der var vi, 2189 moh, Lupanga peak!

 

IMG_0129

 

Piknik over skylaget. Siste stopp før siste etappe mot toppen. Lite visste vi om at dette kom til å vere den siste plassen vi fekk utsikt, for….

 

CIMG3746

 

….toppen såg slik ut. Og her var det ingen utsikt! Vi klatra opp i tårnet i håp om å sjå meir. Vi strekte hals som giraffar, og fekk såvidt eit glimt over tretoppane av ein annan fjelltopp i Uluguruflokken, men det var alt. Litt nedsig.

 

CIMG3766

 

Jungelen bydde på mange lydar, og desse gresshoppene står nok for ein stor del av dei!

 

CIMG3783

 

 

Kameleon kamuflert som eit råttent blad. Facinerande!

 

IMG_0173

 

 

Lærer seg å ete jack-fruit saman med dei lokale. Bruk av olje er viktig for å unngå å bli for klissete på fingrane.

 

CIMG3808

 

Leande bestemor syns det er stas å ta imot gjester og dele frukt! Om latter forlenger livet, så lev ho her herlige dama lenge!

 

CIMG3810

 

Ein artig kar kom innom med noko rart på hovudet. Det tok litt tid før vi skjønte at det var ein sprettert. Når vi spurte kvifor han hadde den på seg fekk vi som svar at «It’s for the birds». Kult.

Søndag 27.januar

Me vakna med verkande musklar og greide til slutt å stampe oss ned trappa på hotellet. Etter ein betre frukost var det klart for retur til Dar es Salaam. Helga gjekk veldig fort, men me sitt igjen med mange gode inntrykk av Morogoro!

Som ei fin avslutning på helga og som ein avskjed til Mari’s bror, Ola, tok vi oss ein tur på ein litt dyrare restaurant. Mediterraneo hotel  ligg rett på stranda, har månen som belysning, sjøbrisen som aircondition og gamle båtar som interiør(både vinskap og andre kreative løysningar). Dei  bydde på både steinovnsbakt pizza, spennande pastarettar og fersk fisk frå havet! Digg!

CIMG3824

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.