CCBRT Community Rehabilitation Kilimanjaro, 25 februar-3 mars

Sidan CCBRT har ei avdeling i Moshi, valde me og besøke den ei veke for og sjå korleis ting fungerte der. Avdelinga starta opp i 1996 og har i dag 45 ansatte. Det er ikkje eit sjukehus slik som i Dar es Salaam, men eit community rehabilitation program der barn med funksjonshemmingar under 18 år får behandling. Sidan visaet vårt ikkje lar oss å jobbe i Moshi har me berre observert denne veka.

CIMG4805

Mandag

Dagen starta med at Sabas, ein av fysioterapeutane gav oss ei omvisning på avdelinga som består av bl.a ergoterapeutar, fysioterapeutar, rullestolspesialistar med eigen workshop, lokoped, fieldworkers og administrasjon.  Dei har og 6 små hus som kvar rommar 3 vaksne og 3 barn. Desse vert brukt under intensive veker som blir arrangert omlag 1/mnd for ulike pasientgrupper. Då bur mødrer med barn der og mottar intensiv behandling i ei veke. Dette er eit veldig bra tilbod, der også sosiale aktivitetar er viktig.

CIMG4781

Etterpå var me med Sabas og Shedrack(ein anna fysioterapeut) og observerte når dei undersøkte og behandla “outpatient”. Dette er pasientar som bur i området rundt Moshi og som kjem til avdelinga for og få behandling. Det fine med bahandlingsrommet var at hjelpemiddela og leikene er laga av enkle materiale som td. plankar og bruskorkar slik at det også er råd for foreldrene og ta dette i bruk heime.

CIMG4783

Tirsdag

I dag var me med Rustone, ein av feltarbeidarane på BCC besøk. BCC står for “Building Caring Community”, og er ein av CCBRT sine samarbeidspartnarar.

Njorao var den fyrste avdeling me var på. Dette fungerer som ein “dagheim” for barn med funksjonshemmingar. Eit bra tilbod for foreldrene slik at dei har moglegheit for og jobbe. CCBRT si oppgåve her er og spre informasjon om barn med funksjonshemmingar, samt gje råd og øvingar som foreldrene og dei ansatte i BCC må følge opp.

Etterpå gjekk turen vidare til ein skule der 8-10 barn med mentale funksjonshemmingar holdt til. Treninga føregjekk i eit klasserom, der nokon av øvingane var skulebassert og andre meir fysiske. Barna var veldig søte og stornøgd når dei mottok applaus frå dei andre etter å ha skrevet bokstavar og tall på tavla.

CIMG4771

Onsdag

I dag var me med Shedrack og Ruth (sjefen sjølv) til eit feltbesøk i Rombo, nærmare bestemt Mashami. Det låg ca 1,5 t kjøretur frå byen, nær grensa til Kenya. Dette var ei avdeling for barn og vaksne med funskjonshemmingar. Me var med Shedrack og undersøkte barna og gav øvingar til foreldrene.

IMG_1198

Torsdag

I dag byrja dagen med eit mnd. møte som er ei oppsummering av mnd som var og førebuing for mnd som kjem. Møtet vart opna med sang og dans, etterfulgt av bønn.  CCBRT har heile tida fokuset på og forbetre seg og det vert stadig vekk planlagt trening for dei ansatte og av feltarbeidarane.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til CCBRT er og informere og tilby god behandling for barn med funksjonshemmingar. Desverre er det slik i Afrika at det blir sett på som at Gud har straffa deg når du får eit barn med funksjonshemming. Dette fører ofte til at barn blir forlatt, bortgjøymd og sett på med skam. Dei mest stillte spørsmåla me får av foreldrene er “kvifor er barnet mitt slik” og “vil barnet mitt bli normalt”, så mykje av arbeidet går ut på og informere.

Møtet vart avslutta med markering av alle som hadde hatt burdag i februar, 9 stk. Så det var heile 9 bursdagskaker og 9 bursdagssongar. Resten av dagen var me med Shedrak og undersøkte “outpatient”.

IMG_1207

Fredag

I dag har det vore clubfoot-clinic og me har vore med og sett undersøkelse, gipsing og oppfølging av barn med klumpfot. På CCBRT brukar dei Ponseti metoden som har vist seg og ha best effekt.

CIMG4836

Når eit barn kjem inn med klufot startar dei med og undersøke og score utfallet. Deretter vert gips påført i 5 omgongar, og det er ny scoring for kvar gong. Gips 1-4 er på i ei veke, og ny gips vert påført same dag som forrige er tatt av. Før 5 gipsing vert akillessena kutta og ny gips blir påført i 2 veker. I laupet av denne tida har sena grodd seg fast og klubbfoten har blitt retta opp. For og hindre at foten skal gå tilbake til utgangspunktet vert spesialsko brukt. Dei første 3 mnd vert skona brukt i 23 timar kvar dag. Deretter vert skona brukt om natta fram til barnet er 4 år. Dess yngre barnet er når det kjem til behandling, dess bedre blir utfallet.

     CIMG4840 CIMG4831

Sosialt og løye

Moshi har mykje og by på, forutan om nydelig natur så har me truffet tre vernepleiarar frå Hib som har praksis her. Mari Ann, Christine og Nina har tatt oss med på dei beste eteplassane, bassengplasking og på Glacier. Til helga kom også Henrik(fysioterapi student utplassert i Haydom), så då hadde me felles middag hos jentene- kos!

CIMG4765

På søndag vart oppholdet vårt i Moshi avslutta med og springe halvmaraton. Det var ein stor fysisk anstrengelse, men me hadde trent godt på forhang og var klar for laupet. Stor folkestemning, musikk og ei god vennine ved sida av seg gjorde at me greide å kjempa oss opp bakkane dei 10,5 fyrste km. Vegen heim igjen var «leikande lett» i forhold sidan dette berre bestod av nedoverbakkar, men tungt var det.

CIMG4870

Mari stupte bokslavelig talt i mål. Kombinasjonen dårlig mage, lite væske, varme og 21 km førte til oppkast, black-out, magesmerte og kraftig dehydrering. Ho vart kjørt med sjukebil til KCMC kor ho tilbrakte 10t på akutten. Det vart ingen øl i dag, men 4 posar internavøs gjorde susen. Ho er no tilbake på beina og me er attende i Dar es Salaam for og fullføre praksisen vår her.

IMG_1271

Kazi kubwa sana!

– Mari og Silje

0 kommentarer til «CCBRT Community Rehabilitation Kilimanjaro, 25 februar-3 mars»

  1. Hei, Mari og Silje.

    Godt å høre at dere har hatt interessante dager i Moshi! Vi var veldig spent på det opplegget.

    Personlig var jeg også spent på hvordan det ville gå med maratonen og jeg er veldig imponert. Men prøv å ikke løpe dere ihjel der nede!

    Hilsen Halvard på IK

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *