Dykking
Etter eit par snorkleturar har me hatt lyst på eit djupare dykk. Sist helg fekk me tid, men sidan det var lenge sidan me begge hadde dykka måtte me starte med eit refreshment-kurs. Dette fekk me gjort på Padi open water dive som er lokalisert ved White Sands hotel. Etter litt teori og oppfrisking av gamle kunnskapar i basseng var me klare for og prøve oss i sjøen.
Me tok ein stor gummibåt ut forbi Mbudja øya saman med seks andre turistar og to guidar. Etter sjekking av utstyr (både ein og to gongar) var det ut i sjøen og det tok ikkje lang tid før me var på havbotn og svømte blant fiskane. Det var mange flotte fargar som møtte oss og me såg mange artige krabatar. Nokon av dei var angelfish(froskefisk), parrot fish, suregeon fish, stingray, leaf fish(liknar løv), pepperd mooray(kvit ål), starfish mm.
Lokalt selskap
Denne helga var me og på middagsbesøk hos Achiles saman med Florian. Selskapet tok plass i Ubongo på Achiles bar og på menyen stod kitimoto med ugali, namnam!
Etter middag, pilsing og biliardspeling gjekk me innom huset til Achiles. Det låg i eit koselig lokalt nabolag fullt av småborn som ropte Mzungo og «who-wha» når me kom gåande(dei trudde me var frå Kina). Heime hos Achiles fekk me helse på dei seks andre familiemedlema som budde der. Det var ein ganske fin heim med både kjøkken, strykebord og jern(viktig i Tanzania), vifte, tv og det som meir var.
– Silje og Mari