veke 5 – travle dagar!

No byrjar det å strømma til med pasientar og me har begge hatt 7 pasientar kvar nokre av dagane. Måndagen hadde me, endeleg, ein vaksen pasient. Han hadde hatt eit uhell på jobben, der arma møtte saga. No kan han ikkje lengre bruke 1.-3. finger i tillegg til at han ikkje lengre har kjensle i dei. Me skal jobba med å prøva å få tilbake handfunskjonen om er mogleg i det heile. Han vart fyrst refferert tilbake til legen for nærmare undersøking.

Tysdag fekk Carina vera med til ortopediavdelinga der dei gipsar og manupilerer feilstillingar i foten. Her ser me masse pasientar med klumpfot og Carina var veldig fornøgd med å kunne gipse alle pasientar denne dagen! 🙂 Ingvild derimot hadde fått pasientar med normale, «norske problem», som til dømes ankelfraktur, brannskadar og fingrar ut av ledd.

Onsdag reiste Carina ut til suport unit, Manzese. Der fekk ho blant anna sjå eit tilfelle av hydrocephalus(vannhode) og spinal bifida(ryggmargsbrokk), berre denne ryggmarksbrokken var i nakken, noko som er særs uvanleg. :-s I tillegg til alt dette måtte ho ta «Daladala»(lokal buss) aleina heimatt, noko som er utfordrande i seg sjølv. Ingvild stressa på sjukehuset med fullstappa ventebenkar og fekk også vera med på å sette saman rullestolar. CCBRT sett saman rullestolar til kvar enkelt pasient om treng det. Dei får til og med med seg rullestolen heim same dagen. Rullestolane gjer det enklare for ungar med funskjonsnedsetting å koma seg på skule og andre aktivitetar.

Torsdag og fredag gjekk som vanleg med travle dagar på sjukehuset, men på fredag vart Carina sjuk. Ho blei sendt til legesjekk og testa for Malaria mm. Servicen var det ingenting å klaga på, kom rett inn til lege, tok blodprøvar og fekk resultata innan ein time. Her var det full score på innfeksjon og ho fekk tidenes største antibiotikatablettar. Medan Carina ligg heima med 40 i feber og omganssjuka kosar Ingvild seg på sjukehuset og gjorde det vi syns er aller kjekkast – vera med på ward rounds i lag med dei dyktige legane! 😀

Helga vart for Carina sin del nytta til sengs, medan Ingvild fartar ute på byen med dei lokale! Denne helga ankom endeleg våre amrikanse medstudentar Dar es Salaam. B-)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *