Veke 11 – rullestol klinikken, fordrag og besøk på KCMC.

Denne veka var det ikkje intensiv veka, men det kom faste pasientar og nokre nye. Dei vekene dei ikkje har intensiv behandling er det få pasientar, og me hadde særs rolege arbeidsdagar. Likevel er vegleiaren vår, Sabaas flink å gå gjennom pasientane og diagnosane i lag med oss. Då stiller han oss spørsmål og høyrar på forslaga me kjem med. Journalmalen i Moshi var særs lik vår, og likedan framgansmåten til fysioterapeutane. Me meinar at fysioterapeutane i Moshi er svært dyktige, og me har lært mykje berre på desse få vekene me hadde her.

Den eine dagen var me med Neo, ein av ergoterapeutane, på ”seatingclinic” der me fekk vera med på prosessen der pasientane får tilpassa rullestol. Fyrst fyller me ut skjema med diverse mål av pasienten og informasjon. Deretter gjev ein skjemaet vidare til rullestolteknikkarane som sett saman og tilpassar sjølve stolen etterpå. Me tilpassa rullestol til pasienten me hadde fulgt sidan fyrste veka. Det var same pasient som vi var på heimebesøk til veka før.

Ettersom dette var siste veka vår hadde Sabaas gidd oss utfordring med å lage eit foredrag om pasienten vi hadde fulgt opp. Då snakka me litt generelt om CP, korleis me gjorde undersøkinga og kva behandlingsplan me hadde kome opp med. Etter vi hadde snakka viste vi behandlingplan fysisk, der Carina var pasient og Ingvild leika terapeut. Kollegaene våre var særs nøgde med foredraget og digga at vi viste behandlingsplana fysisk.

Siste dagen vart bruka med biletetaking og eit lite kaffelag for å seie takk og farvel. Etterpå vi hadde takka for oss og sagt hadet til folk hadde vi ein avtale med fysioavdelinga på KCMC (Killimanjaro cristian medical centre). Me skulle få ein rundtur på sjukehuset og universitetet. KCMC er det einaste univeristetet for fysio i Tanzania. Sjefen for fysioavdelinga på KCMC hadde budd i Noreg i 3 år og studert ved høgskolen i Bergen og kunne snakke litt norsk. Det var interessant å få sjå korleis det lokale sjukehuset fungerte og korleis fysioterapeutane der arbeidde.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *