Veke 12 – taket av Afrika og heimreise

Fredagen veka før tok me fri frå klinikken for å gå ein liten, kjapp fjelltur – nemleg sjølvaste Kilimansjaro, taket av Afrika. Me tok turen i lag med vår medstudent frå Amerika, Katie. Ruta me valgte var Machame og me skulle bruke 6 dagar. Machame er kjent for naturen, der me gjekk gjennom fleire forskjellige naturlandskap, regnskog, ørken, høgfjell og snølandskap. Me var berre 3 personar, men likevel trong vi eit stort mannskap for å tilretteleggje turen. Kvar person hadde 3 bærarar kvar, ein felles kokk og 2 guidar. Me skulle bruke 4 og ein halv dag på tur opp der natt til den 5 dagen vart bruka til å nå toppen. Denne natta var nok den tøffaste dagen, sidan me hadde hatt lite søvn og mat. I tillegg skulle me gå opp 1000 høgdemeter. Det var bratt, tungt og me starta å kjenne på den tynne lufta. Alle var heilt ferdige da me endeleg nådde toppen, men me fekk sjå ein heilt fantastisk soloppgang som ekstra premie.

Ettersom opphaldet vårt nærma seg slutten hadde tida kome for å sei hadet til alle på sjukehuset i Dar es Salaam. Me har hatt eit heilt fantastisk opphald! Det har vore hektisk, men kjempelærerikt. Me har vore borti mykje forskjellig skulemessig i tillegg til at me har fått mange fantastiske kulturopplevingar på fritida. Dei på sjukehuset holdt ein liten takk-for-alt-sermoni til oss da me stakk innom sjukehuset før me reiste heim. Då sa alle nokre få ord til oss i tillegg til at me sa nokre ord til dei. Som takk for alt fekk me ein tradisjonell kanga som då alle afrikanske kvinner har.

Takk for denne gang, Afrika – tutaonana badaye!

love Carina og Inga

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *