Me har fått igjen pusten

Då har alt roa seg litt for oss her på Strathclyde, Freshers Week er over og me har så vidt begynt med litt førelesningar. Alle inntrykka og stresset vi har fått dei siste 3 vekene ved å byrje på ein ny skule i eit nytt land har byrja å samle seg og få struktur. Me har fått meir oversikt over campus, som er relativt spredt opp på ei høgde og me har rett og slett fått landa litt.

 

Oversikt over campus

John-Anderson-Campus
(Nei, me er ikkje der det står ”you are here”, men i bygning nr 33)

Som ein kan sjå så er det eit ganske samla campus, så for oss er det ikkje langt å gå til nokon av forelesningane. I bygning nr. 29 finn ein eit diger bibliotek, med Starbucks (me har tre av dei på campus), og det er óg der bokbutikken er. Det må dog merkast at til no så har vi vore 1 gong på biblioteket og 5 gongar på kinoen her i byn, men forhåpentlegvis så kjem det til å endre seg litt i løpet av hausten. Kinoen er faktisk i ”Guinness Book of Records” ved å vere den høgaste kinoen i verda! Den har 9 etasjar og kan huse 4.500 mennesker.

10721349_10152380747215823_1891306804_n

(Bilete frå den finaste plassen på campus)

 

Førelesningane

Men lat oss kome tilbake til Strathclyde University. Vi har denne veka hatt to førelesningar og alle faga verkar greie fagleg. Det er eit fag vi enda ikkje har hatt førelesning i (Work, Employment and society), det skal vi har vår fyrste forelesning i på mandag. Noko som er annleis med faga, i forhold til i Noreg, er at då vi på HiB har ein slutteksamen i kvart fag som er avgjerande på karakteren, så teller framføringar, oppgåver, og oppmøte på seminar på karakteren her. Det vert interessant å sjå kva me tykkjer er best.

 

Det einaste problemet som har oppstått på dei førelesningane me har hatt til no er at dialektane til forelesarane er ein smule utfordrande ! Glasgow dialekten er ein av dei vanskeligaste dialektane å forstå i UK. Til og med dei frå Manchester seier at dei sliter med å forstå kva dei seier.

 

Dette med dialektforskjellar kan ein òg merke i gruppa vår, då Hanne Kari har ein del ord og utrykk som Kamilla og Sabine ikkje forstår i det heile. T.d. ”Vaske kjørlena” (vaske oppvasken), ”starva” (sovne på fest) m.m. Så denne utvekslinga kjem ikkje berre godt med ved at me får betre Engelsk og betre forståing for Engelsk, men me får og ei større forståing for Norske dialektar og utrykk.

PS. På dormen vår har brannalarmen gått 2 ganger på 2 veke, og kvar gong er me like spent på om det kjem nokre kjekke brannmenn, men me vert lika skuffa kvar gong.

10723255_10152380746945823_1519856109_n

(Då brannmennene ikkje var så kjekke som forventa, så vart det bilete av brannbilen istadenfor)

 

Kjærleik frå Scotland

2014-10-03 18.38.41

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *