De tre musketerer på nye eventyr

Dei siste vekene har vore fullpakka i skulearbeid for oss. Men heldigvis har me fått tid til både halloweenfest, halloween sub-crawl, Gay Fawkes Night og Rugbykamp. Dessutan fekk Sabine og Hanne Kari plutselig ein sjekk i posten frå skulen. Ingen av dei hadde nokon gong fått ein sjekk før, men ein kan lett sei at dei smilte heile vegen til banken.

sjekk

Halloween vert feira med mykje med pomp og prakt her enn i Noreg. Butikkane bugna av diverse utstyr til Halloween. Dei hadde òg ”pop-up” butikkar med kostymer. Alle tinga er nå bytta om til juleting. Heile Glasgow er allereie no klar for jul. Halloween vart feira to dagar til endes. 31.November var me på student uteplassen ”The Union”, og dagen etter var Kamilla og Sabine på sub crawl med ANSA. Subcrawlen vart anbefalt av tidligare studentar og det svarte verkeleg til forventningane! Dei tok subwayen frå pub til pub, frå kl. 12 på dagen til 12 på natta.

bilde 1 (1)

De tre musketerer på Halloween

 

bilde 2 (1)

 

Halloween vorspiel på student dorm.

bilde 4 (1)

Gjengen på subcrawl

bilde 3 (1)

Subcrawl

På Guy Fawkes Night vart det arrangert eit stor fyrverkeri på Glasgow Green. Det var sikkert over 50 000 menneskjer der. Det varte i 20 minutter og var litt betre enn kva Hanne Kari var vant med frå nyttårsaftene heime på Stolmen.

535912_10205409628550036_8420984762025975615_n

Ein sport som er verkeleg stor her i Scotland er rugby! Så da tenkte me at me burde fått sett ein kamp medan me var her. Så me ”fleska te” med Scotland-New Zealand når me først var i gang. Det må merkast at New-Zealand er verdens beste rugby lag, så dette var nok eit lurt val når me først skulle på kamp. Me prøvde å setje oss inn i reglane før kampen, og ”Rugby for dummies” på Youtube vart vår føretrekte val, men det hjalp oss ikkje så veldig. I første omgang verka det som dei berre klumpa seg saman på banen og la seg opp på kvarandre. Men me klarte heldigvis å sjå litt logikk i det heile når andre omgangen starta, då vart det ganske underhaldande. Det kom óg plutselig ein heilt naken mann på banen, men det verka det ikkje som om dei brydde seg noko særlig om, for han fekk gå rundt der ei god stund før nokon sprang etter han.

bilde 1

Murryfield Stadium

bilde 3 (2)

Sushi i Edinburg før kampen
IMG_6962-kopi

 

Naken mann

bilde 4

Ein av dei mange klyngene under kampen

MOV_0693.mp4 – film frå starten av kampen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.