Heia bloggen!

Velkommen til bloggen!! Vi er Elisabeth og Solveig, begge på 22 år, som studerar fysioterapi ved HiB. Vi er no halvvegs gjennom 2. studieår og valgte å søkje om praksisplass i Tanzania. Praksisen vi har her blir nok litt anneleis enn kommunehelsetjenesta i Noreg, så vi vil gje dykk eit lite innblikk i kva vi skal drive på med. Vidare får dykk eit lite innblikk i korleis vi bur.

Praksisstad:
Vi skal ha praksisen vår ved CCBRT (Comprehensive Community Based Rehabilitation in Tanzania) Hospital i Dar Es Salaam. CCBRT har hovudfokuset sitt på å hjelpe menneske med funksjonshemmingar og deira familiar, og å skape mindre barrierar for fattige i å søkje profesjonell hjelp. Mange av dei som er fødde med funksjonshemmingar i dette landet er nemlig blant dei fattigaste. I dag er CCBRT Tanzanias største tilbudsytar når det gjeld handtering av funksjonshemmingar. Vi skal arbeide ved fysioterapiavdelinga på sjukehuset i ca 8 veker. (Etter dette skal vi vidare til søstersjukehuset dei har i Moshi for å arbeide der i nokre veker. Vi kjem tilbake til dette seinare). Avdelinga er delt i to: avdeling for barn og avdeling for amputasjonar og proteser. Vi skal vere med på begge avdelingane, vi skal observere, lære og praktisere sjølve.

Buplass:

Vi er så heldige å få bu ved Passionist Fathers House. Dette er eit hostell, som eigentleg blir brukt som heim for katolske prestar og deira familiar som bur i landet ein viss periode. Her har vi fått eit stort rom med eige bad og terrasse. I tillegg har vi tilgong på ei stove og eit kjøken i etasjen under, som det til no berre er vi som nyttar oss av. Vi får også frukost inkludert i leiga, i tillegg til oppreidde, reine senger kvar dag og vask av handklede. Som dere ser på bildet har vi også takterasse og terasse utenfor rommet vårt! Luksus med andre ord 🙂 Kleda våre vaskar vi sjølve for hand i badekaret – det luktar iallfall reint etterpå.. Passionist Fathers House ligg ca 10-15 minutt med bil frå CCBRT. Til arbeid tek vi difor «staff bus» som plukkar oss opp mellom 06.45 og ….. – african time ;p Om den ikkje kjem, pga «trafic jam» (= trafikken står i stampe), tek vi heller ein «bajaji», som er ein open mini-taxi på 3 hjul. Vi ringer då vår faste sjåfør Julius, som tek oss trygt fram overalt.

Vi ser fram til dei neste månadane og skal halde dykk oppdatert om både CCBRT og alt anna vi finn på her i Tanza 😉

Solveig vasker klær! Begynner å bli rutinert på dette allerede
Solveig vasker klær! Begynner å bli rutinert på dette allerede
Rommet/leiligheten vår fra utsiden
Rommet/leiligheten vår fra utsiden

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *