Andre veka i Dar.

Jambo!

Denne veka på CCBRT har vore fyllt med mykje forskjellig. Vi og Laura har fått lov å både undersøkje (på afrikansk vis) og behandle pasientar. Dei fleste av pasientane vi fekk behandle er barn med CP. Tøying og trening har vore hovudfokus, og vi har brukt mykje av det vi lærte i barnebolken i haust. Elles har vi fått vere med på eit kurs som blir haldt på avdelinga for orthose-inginørane. Ein kanadier er her og held kurset og vi har fått delta når det har passa. På torsdag var arenaen ein heilt annan: tuppene fekk vere med inn i operasjonshallen for ein heil dag!! Eg (Solveig) som vegrar meg for blod var naturligvis heilt rolig (…). Vi var med på 2 operasjonar av «hareskår», ein operasjon av open gane og ein operasjon av ei hand, der fingrane til pasienten var smelta saman etter ein brannskade. Tross vi var inne i rommet under alle operasjonane, var det godt å ha ein stol og sitte på, drikkeflaska i handa og moglegheiten til å sjå ein annan veg 😉 Ein kan jo undre seg på kva dette har med fysioterapi å gjere, men får ein moglegheit til å vere med på noko slikt må ein gripe den, i Noreg hadde vi nok ikkje fått same sjansen. I tillegg vil ein som fysio vere aktuell for til dømes pasienten som fekk operert handa, då han/ho må lære seg å bevege dei nye fingrane og å kunne koordinere musklane. Så alt i alt var vi veldig nøgde med å ha vore med på dette.

Tirsdag hadde den eine orthose-ingeniøren (Donald) bursdag; det blei feira med kake og fellesbilete.
Tirsdag hadde den eine orthose-ingeniøren (Donald, heilt til høgre) bursdag; det blei feira med kake og fellesbilete.
Solveig rettleiar ei jente med CP i oppgåva ho har fått (- stå på 4 for å få vektbæring på spastisk arm).
Solveig rettleiar ei jente med CP i oppgåva ho har fått (- stå på 4 for å få vektbæring på spastisk arm).
Det er veldig lett å bli sjarmert og glad i barna vi arbeidar med.
Det er veldig lett å bli sjarmert og glad i barna vi arbeidar med.
Sjukehus-klovnar på besøk ved klinikken til glede for alle barna.
Sjukehus-klovnar på besøk ved klinikken til glede for alle barna.
To spente tupper klare for operasjonshallen.
To spente tupper klare for operasjonshallen.

Elles har vi farta litt rundt; på onsdag tok Laura oss med til «Slipway». Dette er ei samling av butikkar og restaurantar liggande ved sjøkanten, som kan minne om kva som helst stad i Europa. Litt godt å føle seg litt «heime», noko som kan vere litt vanskeleg elles i Dar. Her såg vi på mange fine suvenirar og åt steinovns-steikt pizza i solnedgangen. (Sidan Dar ligg vendt mot aust, er det vanskeleg å sjå solnedgangen, Slipway er vendt mot vest, og dette er difor ein av dei få plassane ein kan få den med seg).

Elly og Laura på Slipway.
Elly og Laura på Slipway.
Laura og Solveig på Slipway. Klare for mat :)
Laura og Solveig på Slipway. Klare for mat 🙂
Solnedgang i Dar.
Solnedgang i Dar.

Fredag tok vi fatt på første treningsøkt: trappeløp! Elisabeth er personleg trenar og Solveig heng sånn halvvegs med. Forferdelig varmt, men herlig. Uttøying hadde vi på takterrassen i ettermiddagssola. På kvelden inviterte ein kollega oss med på øl ved ein pub fem minuttars gange frå der vi bur. Puben bestod av ein bar, bord og stolar under open himmel, og minimalt med lys. Vi syns det er utruleg kjekt å for det fyrste bli invitert med ut, men og å bli betre kjend med kollegaer også utanfor arbeidet, og høyre om deira liv her i Tanzania.

Laurdag var det tid for ny utflukt: til øya Mbudya. Laura og Ben (ein amerikaner som også arbeider ved CCBRT) plukka oss opp med ein bajaji på morgonen med retning mot White Sands Beach (retning nord). Eg og Elisabeth fekk raskt føle på at vi hadde ein dårleg dag: då vi kom fram til White Sands fann Elisabeth ut at ho hadde gløymd pengane sine. Mor Solveig måtte difor spante på turen.. 😉 For å gjere det heile litt meir spennande, kunne Elisabeth meddele at «badetrusen min røk» rett før vi skulle gå ombord i båten som skulle frakte oss ut til øya. Rutinert bergensar som ho er hadde ho heldigvis med seg ei ekstra. Vel framme på øya fann vi oss til rette dog sola var vanskeleg å lokke fram. Like greit tenkte vi, då vi etter Zanzibar retunerte til Dar som to kokte hummerar. Øya kunne by på nydelege strender, vakre berg-fromasjonar og lokal mat; deriblant fisk rett frå havet på bestilling. Som turistane vi er, var tida inne for å prøve ut snorkling (med utstyr vi hadde leigd) – trudde vi. Ulykkesdagen tok oss igjen då eg (Solveig) klarte å leggje utstyret ifrå meg på stranda – ikkje noko sjakktrekk. Uti vatnet kom panikken då vi såg symjeføtene liggje å flyte i vatnkanten. Brillene fann vi aldri igjen. Det blei med andre ord lite snorkling på meg… Vi kan likevel oppsummere dagen på stranda som ein suksess. Det er deilig å kunne koble heilt av i helga. Dagen blei avslutta med god mat på ein italiensk restaurant i nabolaget, der vi fekk lov å betale 1000 shilling mindre (ca 4 kroner) enn prisen, då vi (sjølvsagt) hadde gløymd å fylle opp lommeboka i leiligheita. Litt flaks i uflaksen hadde vi jo.

Særs nøgd gjeng på Mbodya! :D Solveig, Elly, Laura og Ben
Særs nøgd gjeng på Mbodya! 😀
Solveig, Elly, Laura og Ben

Vekas siste dag blei brukt på ein lokal marknad; Mwenge market, der vi sulla oss gjennom alle krokar på jakt etter den perfekte afrika-suvenir – vi fann fleire. Elisabeth, på skikkelig turist-vis, blei sjølvsagt ekstremt do-trengande på marknaden. Det endte med ein tur på ein kronglete bakvei, mot eit lokalt toalett som då er eit hol i bakken. Solveig fryda seg, tross karma; blir nok min tur neste gong… Resten av dagen slappa vi av i leiligheita og samla krefter til ei ny, spennande arbeidsveke.

Slik ser dei fleste "butikkane" ut på marknaden. Ufatteleg mykje fint. Her er det pruting som gjeld.
Slik ser dei fleste «butikkane» ut på marknaden. Ufatteleg mykje fint. Her er det pruting som gjeld.

Tutaonana! (sjåast snart igjen) 🙂

(skrive 18.01.15)

0 kommentarer til «Andre veka i Dar.»

  1. Livet i Dar ser aldeles herleg ut, både med og utan badetrusa til Elly! 🙂
    Lukke til vidare med nye spennande veke på klinikken!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *