4. veke i Dar. Besøk hos to afrikanske familiar og CCBRT-dag

Bloggen heng litt etter – dette beklagar vi sterkt.

Fjerde veka starta med «chai» på jobb. Den første veka vi var her, grubla vi over kvifor vi starta på jobb klokka 07.30, men at arbeidet ikkje kom i gong før klokka 08.30. Det grunna nettopp chai. Alle startar arbeidsdagen her med chai-te, chapati (= lefse), mandazi (= saftig bolle) og/eller samosa (= trekanta vårrull-liknande sak). Så vi starta altså 4. veka med dette vi og, intigrerte som vi er. Elles har vi hatt litt av kvart føre oss på CCBRT. Alle dagar har vi hatt pasientar på eiga hand. Det er både spennande og skummelt, men ein må jo bare kaste seg ut i det! Og sjølvsagt spør vi om det er noko vi lurar på. Fleire av pasientane er pasientar vi har behandla ei stund allereie, som kjem tilbake for oppfølgingstimar, men vi har også undersøkt nye pasientar. Desse pasientane har hatt uliek problemstillingar, og vi har blant anna vore borti ulike former for hjerneskadar, CP, sein motorisk utvikling og post injection paralyses for å nevne nokre. Vidare har vi hatt gode samtalar med ein fransk fysio her som lærar oss mykje, vi har arbeida med journalar som skal sendast til vegleiar ved HiB (dei er snart på veg Nina :)) og vi har vore med på undervisning for orthose-ingeniørane der vi til vår begeistring kan breife med litt av det vi kan om biomekanikk. I tillegg blei vi på måndag intervjua av CCBRT sin eigne journalist! Eit heilt fantastisk intervju som blir å finne for oss i flygebladet på sjukehuset. Altså; diverre ikkje for dykk på internettsida deira (slik vi forstod det). Dog er bladet bare utgitt på swahili, men vi jublar likevel for å no kunne omtale oss sjølve som lokale celebs 😉

Vi kosa oss med chapati og chai på kontoret!
Vi kosa oss med chapati og chai på kontoret!

Laura blir intervjua
Laura blir intervjua
Sjølvis med Laura og Ruth (som er orthose- og prostese-ingeniør på CCBRT)
Sjølvis med Laura og Ruth (som er orthose- og prostese-ingeniør på CCBRT)

Tirsdag etter jobb tok George oss med på sigthseeing ved universitetet i Dar. Universitetet er lokalisert med alle sine fakultet innanfor eit og same område her i byen, slik som dei fleste store college i USA til dømes. Alle ansatte og studentar har også bustadar på området. George sin far har i alle år undervist ved det historiske fakultet og han har difor vokse opp her. Området er så og seie ein gigantisk park, med alt det studentar treng av kantiner, barar, bibliotek og idrettsbanar for å nevne noko. Denne gigantiske parken ligg også noko høgare enn andre delar av byen, noko som gjer at vi finn utruleg fine utsiktspunkt her. Etter rundturen på området fekk vi servert tradisjonell tanzaniansk middag av George si tante.

George :)
George 🙂
Vi måtte sjølvsagt ta bilete med tanta til George og ;)
Vi måtte sjølvsagt ta bilete med tanta til George og 😉
Afrikansk kjøkken :)
Afrikansk kjøkken 🙂
Heldige jenter på middag hos George og hans familie. Her med søskenbarnet hans "The Monk" (...)
Heldige jenter på middag hos George og hans familie. Her med søskenbarnet hans «The Monk» (…)

På torsdag drog vi direkte til Slipway etter jobben. Her hjalp vi Laura med å finne gåver til familien hennar heime i Nederland, og sjølve handla vi blant anna ulike suvenirar og tradisjonelle sjal : khanga, som kvinner her nede brukar som omslagsskjørt. Elles koste vi oss med italiensk pizza til middag og is i solnedgangen.

Solnedgong frå Slipway.
Solnedgong frå Slipway.
Ein kunstnar gjer seg ferdig med sitt "tingatinga" måleri på marknaden ved Slipway. Dette er ein kjend målarkunst som kjem frå landet.
Ein kunstnar gjer seg ferdig med sitt «tingatinga» måleri på marknaden ved Slipway. Dette er ein kjend målarkunst som kjem frå landet.

Fredagen var det tid for årets CCBRT-dag: ein aktivitets- og festdag for alle ansatte ved CCBRT.
Vi reiste til eit stort strand-resort litt nord for Dar tideleg om morgonen. Her var det duka for frukost/chai før aktivitetane var i gong. Elisabeth og Laura viste sine fotballkunstar i 40 grader og knall-sol, medan Solveig aldri fekk vist sine kunstar på volleyball-banen, då ingen stilte til lag.. Vidare var dagen fylt med tau-trekking, hønse-jakt, god mat og kald drikke, MYKJE dans – typ vrikking på rumpa og «hipsing» på skuldrene i slow-motion, noko vi bare må gi tommel opp for – og ikkje minst premiar som til dømes ei geit (diverre forsvann den eine)! Vi storkoste oss! Veldig kjekt å bli betre kjend med kollegaer utanfor arbeidet også. Vi må heller ikkje gløyme å prissettja solbrent hud som det så absolutt ikkje var mangel på då vi kom heim på kvelden.

Elisabeth fekk vist seg på fotballbanen med ei scoring og ein målgivande. Vi bøyer oss i støvet.
Elisabeth fekk vist seg på fotballbanen med to scoringar og ein målgivande. Vi bøyer oss i støvet.
Lagbilete er obligatorisk!
Lagbilete er obligatorisk!
Glade og nøgde jenter!
Glade og nøgde jenter!

Elisabeth og Fortune
Elisabeth og Fortune
Solveig prøvar seg på "lokal" sjakk? ..trur vi. Uansett: det gjekk ikkje heilt vegen kan du sei.
Solveig prøvar seg på «lokal» sjakk? ..trur vi. Uansett: det gjekk ikkje heilt vegen kan du sei.
Eit lagbilete til! Vi koste oss stort!
Eit lagbilete til! Vi koste oss stort!

IMG_8184

Laurdag inviterte Laura oss med til å besøke ei kvinne som arbeida for hennar familie i 10 år då dei budde her i Dar. Det å få kome heim til ein familie på 7 som bur i eit hus beståande av to rom, der kvart rom er på 9 kvadratmeter, er ganske så spesielt for to jenter frå verdas rikaste land. For ikkje å snakke om kjensla ein får då denne familien presenterer det finaste dei har for deg, lagar middag til deg og kjøper brus til deg, som dei eigentleg ikkje har råd til, bare for å vise deg at dei ønskjer deg velkomen. Ein blir mållaus av mindre. Vi har mykje å lære der vi sit på kvar vår tue i Noreg.

Familien vi besøkte
Familien vi besøkte

 

Barna i familien! Så skjønne!
Så skjønne!!

Alvors ord på slutten i dag altså, men vi snakkast snart igjen! Totaonana (sjåast igjen), badaii («later»), kwaheri (hadebra) osvosv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *