Ny by, ny praksisplass og nye opplevingar.

På laurdag formiddag ankom vi altså Moshi, ein liten by ved foten av mektige Kilimanjaro. Her skal vi arbeide ved CCBRT clinic Moshi, fram til vi er ferdig med vår praksisperiode, om 5 veker (inkludert denne veka).

Litt info for å gi eit innblikk i kva CCBRT arbeidar med i Moshi; for det første er det forholdsvis barn som er pasientar ved denne klinikken. Kvar veke kjem ei spesifikk pasientgruppe og deira mødre til klinikken og bur på hostellet som tilhøyrer CCBRT. Pasientgruppa kan vere anten av barn med CP, barn med spina bifida, hydrocefalus eller andre diagnosar. Gruppa får då «intensiv trening/oppfølgjning» kvar dag gjennom heile veka. Mødrene får informasjon om diagnosen til barnet deira, svar på spørsmål, opplæring i øvelsar som kan vere nyttig å gjere heime, og tilbod om å kome tilbake om dei bur i nærleiken. Samstundes får både mødrer og barn snakke med andre i same situasjon, noko som for mange her er som terapi, då dei trur dei er dei einaste som er prega av ein slik situasjon og diagnose. Elles tilbyr klinikken undersøking og behandling for pasientar som ikkje bur ved hostellet måndagar og fredagar, desse pasientane blir kalla for «out-pasients». Kvar fredag er det Ponseti-klinikk, som er behandling av klumpfot, med konsultasjon, manipulering og gipsing. Klinikken har og ein «sitting-clinic» som er rullestoltilpassing, og klinikken har ein eigen rullestol- og hjelpemiddel-verkstad. CCBRT Moshi har også eit tett samarbeid med KCMC hospital her i byen, som sender legar og spesialistar (t.d. nevrologar) ned til klinikken for å gi pasientar så god oppfølgjing som mogleg.

CIMG3279

Ny venn på jobb
Ny venn på jobb

Måndag var vi klar for jobb! Vi tok taxi frå hotellet og blei teke godt i mot på CCBRT clinic Moshi, som blir kalla «house of hope». Her møtte to fysioterapeutar oss; Sabas og Shedrack. Gjennom ein powerpoint-presentasjon fekk vi eit innblikk i korleis klinikken praktiserer. Vidare fekk vi omvising på klinikken, som er svært liten samanlikna med sjukehuset i Dar, og vi fekk ei innføring i korleis å bruke utfyllingsskjemaer for rullestoltilpassing og undersøkingar av pasientar. Etter lunsj fekk vi tildelt ein oversikt over kva som stod på timeplanen kvar dag ei veke fram i tid – vi begge var sikker på vi var komen til eit anna land, då vi 1) ikkje har opplevd å ha ei planlagt veke på jobb her tidlegare og 2) at vi fekk slik informasjon allereie første dag på jobb. Tommel opp for Moshi!

CIMG3252

Veka forsvann raskare enn svint! Pasientgruppa som var her denne veka var barn med CP. Vi fekk vere med på fleire undersøkingar av nye pasientar, som alltid er spennande. Etter kvar undersøking fekk vi vegleiing som var veldig lærerikt. Vi var med ut til ein samarbeidspartner; ein barneheim for barn med utviklingshemming, der CCBRT tilbyr tilretteleggjing, hjelpemiddel og behandling til bebuarane. Her møtte vi 3 danske jenter som arbeider frivillig på barneheimen. Veldig kjekt kunne bruke vårt eige språk! På vekas siste arbeidsdag fekk vi grundig innføring i kva klumpfot er; diagnostisering, ulike typar klumpfot, behandlingar og forventa prognose. Vi fekk sjå mange pasientar med skinner og gipsa føter, og fekk prøve å manipulere og gipse – wait for it – ein kunstig skjelett-fot som er laga i ein typisk klumpfot-posisjon. Vi syns det var veldig interessant!

image

 

Første heile helg i Moshi blei nytta til ei lita utflukt og avslapning. Utflukta gjekk laurdag til «Hot Springs». Det er ein varm kilde (temperaturen ligg på ca 30 grader) som ligg eit stykke frå Moshi, inni ein liten oase. Vatnet er heilt klart og er kjend for å vere mineralrikt og godt for huda. Her koste vi oss i nokre timar, med bading og lunsj. Vi var tidlig ute og fekk heile «dammen» for oss sjølve, noko vi var veldig glad for, då det kom to busslass med skule-elvar (typ 60 stk) rett ettar at vi hadde fått på oss kleda. Søndagen tok vi turen til eit hotell i byen som har basseng – ja, vi saknar strendene i Dar ein smule, og nyttar difor alle moglegheiter vi får til å plaske i dammar/kildar og basseng. Vi kosar oss!

CIMG3306

GOPR2081

Tutaonana

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *