Utveksling til San Diego

Søknadsprosessen «Den som har viljen, får det til»

Vi er tre idrettsstudenter frå HiB som har tenkt seg til å dra til ein sted, der det er 100% mindre regn for å kunne nyte idrettsgreiner som HiB kanskje ikkje tilbyr. Eg meiner, kva er kjekkare enn å lære å surfe i varme strøk eller å spele beachvolleyball når det faktisk er sol?

Ja, slike drømmer fekk oss tre til å søke om utveksling til byen med palmar og bølgjer. Slike drømmer fekk oss til å seie: sånne store mengder penger har vi lyst til å bruke for å komme oss dit.

Prosessen sjølv, å søke, er super greit. Som alltid betyr det mykje papir og hauger av informasjon, men Hey, vi lever berre ein gong og det er sikkert verdt det.

For å kunne studere i USA, må ein søke om visum og støtte, ein må ha språkkunskaper (dersom vitnemålet er eldre enn 5år, er språktesten det neste steget) og ein må vere tålmodig. Det er mange ting som skal ordnast og dette tar tid.

Vi tre bestemte oss tidleg for å søke leiligheit allereie før vi dro til San Diego, sjølvom vi las om at det er lettast å finne noko når ein kjem fram. Heldigvis fann vi nokre nordmenn som kunne overgi deira leiligheit til oss. Etter ein «ja» frå den amerikanske ambassaden og betalinga frå Lånekassa, fekk vi då endeleg det vi ville høre: Klar, ferdig, gå!

 

«Ut på tur, aldri sur»

Denne herlege setningen har vel alle nordmenn hørt og vi tre som faktisk skal på tur har iallfall ingen tankegang til å bli sur. Det er jo palmer, strand og sol som ventar på oss. Jaja, og å lære nye ting mens vi koser oss. Flyturen tar ein stund bort dit, heldigvis har dei fleste flyselskap eit godt tilbud av filmer, slik at det faktisk gjekk kjapt over (etter 10 filmar var det då iallfall lite eg fekk med meg frå denne flyturen). Leiligheita er finare enn antatt og temperaturen som forventa: steikje, så varmt det er her.

I løpet av den første veka skulle vi finne ut kor skulen er, korleis vi kan komme oss dit, kva som er den nærmaste butikken og kor kjapt vi klarer å nå stranden. Vi bur på Pacific Beach, ein av mange bydeler. Det er utan tvil ein livleg bydel som ligger veldig nært kysten, har mange utesteder og grei avstand til sentrum. Vi valde å leie ein bil slik at vi ikkje er avhengig av den offentlege transporten, så er avstanden til skulen også blitt mindre (20min). Delt på tre er prisen også heilt ok.

Campusen til SDSU (San Diego State University) er svær og har plass til 35tusen studentar. På starten møter ein mange tyskarar, nordmenn og svensker. Då kunne eg eigentleg blitt igjen i Noreg, berre at det er ikkje så fuktig og større her.

Det var veldig greit å komme nokre dager tidlegare til plassen, der ein skal bu og studere. Det har blitt lettare å finne fram, ein blir meir vant til maten og oppførselen til amerikanere. Alt i alt føler ein seg allereie litt heime og mindre stressa. Samtidig veit ein ikkje kva for ein ny eventyr det er som ventar bak det neste hjørnet, som gjer livet spennande og underhaldende.

Å ordne RedID (stundentkort) er super viktig. Med dette kortet kan ein overleve på campusen. Den gir gratis tilgang til treningsenteret ved oppretting av «membership», den kan ladast opp med penger for å betale mat, drikke og utskrivingene og fungerer selvfølgeleg som ID. Det er mogleg å bowle for 1$, så lenge ein vil og ein får mange tilbud dei første vekene når ALI (American Language Institute – dei er hovudansvarleg for alle internasjonale stundenter) arrangerer kule ting for dei nye studentene, som å sjå nye filmer på ein stor skjerm ute under open himmel, eller å sjå gratis American Football kamper.

 

Å vere student i Amerika er både kult og dyrt. Ein må ikkje berre betale semesteravgifta som er litt under 8000Dollar, men også alle praktiske fag. Dvs alle praktiske fag ein tar, har ein eigen avgift. Kvar einaste praktisk fag er verdt 2 studiepoeng i Noreg. Dersom ein skal ha 30 studiepoeng må ein altså vere super sprek eller må mikse med teorifag, som gir opp til 8sp. Vi valde å ta 9 praktiske og 2 teoretiske fag. Så hovudsakeleg betaler ein altså ikkje berre 8000 men 9000Dollar for å ha så mange fag som vi har. Lånekassa vil dessverre ikkje støtte dei ekstra utgiftene. Men hey, ein lever berre ein gong.

 

Så langt har vi hatt det veldig bra her, sjølvom utgiftene ikkje ser ut som å ta slutt, så føler vi at det er eit lys på slutten av tunnelen. Det må vere sola som viser seg mellom palmer ved stranden. Så oppsummert betyr det at det er kjempefint og varmt her og at vi trivast godt. Forhåpentlegvis ein god stund til.

0 kommentarer til «Utveksling til San Diego»

  1. Flott å se at dere er i gang og tar utfordringene på strak arm! Det er ikke bare-bare å utveksle til USA, hverken økonomisk eller administrativt!
    Håper dere får en flott tid! Vi følger med på bloggen!

    Internasjonalt kontor

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *