Hola, Noreg!
Velkomen til vår utvekslingsblogg. Vi er 6 sjukepleiestudiner som skal skrive om livets opphald som utvekslingsstudentar på Cuba, nærare bestemt i byen Holguin. Holguin ligg på østkysten av øya, og er ein storby med heile 400 000 innbyggara. Vi har no vore i Holguin i tre veke. Reisa starta med ei veke i Havana der vi besøkte ambassaden og generelt levde livet som turistar.
Dei to første vekene i Holguin starta vi med spanskkurs ved skulen for sjukepleiearstudentar og andre yrkesfag. Vi kom med ulike grader av spansk-kunnskapar, men utfyll kvarandre godt. Spanskkurset skulle forbedre oss på det vi hadde i vente i praksis. Vi har lært oss alt frå «Buenos dias» til «No debe fumar». Det har vore mykje fokus på å lære ord og setningar i forhold til forebygging og promotering av ulike sjukdomar, og merka at dette har komt til nytte i praksis.
I den første praksisveka besøkte vi ein av dei større poliklinikkane i byen, rehabeliteringssenter og barnehage. Her fekk vi eit innblikk i alternativ behandling med tanke på rehabilitering, og korleis sjukepleiarrolla fungerte i barnehage.
På poliklinikken kunne ein få hjelp til mykje forskjellig. Der hadde dei alt i frå tannlege til ein liten operasjonssal. Vi blei overraska over mengden folk som var der og at privatlivet og taushetsplikta ikkje var omgrep som vert teke så høgtidelig som heime i Noreg. Der kunne ein ligge med munnen open inne hos tannlegen medan resten av dagens pasientar satt rett utanfor og kunne få med seg alt. Vi fekk óg vere med inn på vaksinasjonskontoret og sjå på to små ungar som fekk vaksiner. Cuba har eit veldig omfattande vaksinasjonsprogram og vi kjende att mange av vaksinene.
På rehabiliteringssenteret hadde dei stort fokus på smertelindring, i form av blant anna akupunktur, ultralyd, kopping og vannmassasje. I tillegg hadde dei eit stort fysioterapirom kor dei dreiv med opptrening. Nokre av oss fekk vere med på ein time med aerobic her. I følge sjukepleiaren som følgde oss fokuserte rehabiliteringssenteret på smertelindring i første omgang og når pasientane var godt smertelindra, kunne dei ha best mogleg utbytte av fysioterapien. Ho påpeika at alle kom til å ende opp i fysioterapisalen til slutt, då det var det som oftast hadde effekt for at pasientane skulle rehabiliterast.
Banehagebesøk
I barnehagen var det høgt lydnivå og mange søte ungar. Sjukepleiaren her hadde ansvar for å sørge for at barna som kom i barnehagen var friske og reine, og at hygienen blant personalet og på kjøkkenet var god. Her fekk vi vere med på ein musikktime, som mildt sagt gjorde inntrykk. Ungane hadde ein imponerande rytme og nokre dansemoves vi aldri hadde sett i den alderen før.
Vi fekk gleden av å oppleve at kvinnedagen blir godt feira her på Cuba. Alle saman fekk gratulasjonskort frå læraren, og framande på gata slengde gratulasjonar etter oss. Tanken slo oss derfor å vere litt hyggelige og kjøpe med oss kaker til husholdningen i «heimen». Det viste seg at vi ikkje hadde vore åleine om den tanken då vi kom heim til bord dekka til fiesta og måtte trykkje i oss fire ekstremt søte kaker. Det skal ikkje stå på sukkeret her nede og slankepress er ikkje eit omgrep.
Oss studentane saman med våre kjære hushjelparar.
«Los consultorios»
Dersom ein synes helsevesenet tek tid heime i Norge, bør ein stikke tåna utanfor velferdsstaten og oppleve Cuba. Her tar ting tid, og ikkje på grunn av at det so mykje meir å gjere, men fordi dei må rapportere alt for hand. Dei ikkje tilgong til data eller andre elektroniske hjelpemiddel, anna enn sine eigne telefonar. Alt blir dokumentert med penn på papir. Det blir og brukt mykje tid på heimbesøk der dei går heim til befolkninga og sjekkar helsetilstand, buforhold og familiestatus. Dersom ein til dømes er gravid og buforholda er for dårlege blir ein sendt til ein mødreheim der ein får god oppfølging.
Utanfor legekontoret Pedro del Toro har dei urter med medisinske formål som dei aktivt brukar i behandling av sjukdom.
Oregano har andre funksjonar på Cuba enn i Noreg.
Dette var ein liten smakebit frå fyrste vekene i Holguin. Det vert snarlege oppdateringer!
Prekast!