For tredje gong er eg utanlands i forbindelse med lærarutdanninga mi på HVL Stord. Dette semesteret er eg i Deventer, ein by i Nederland. Her studerer eg på Saxion University of applied sciences. Tidlegare har eg vore både i praksis Tanzania i Afrika, og i Danmark på nabospråkskurs. No tar eg fyrste semester av siste året mitt på grunnskulelærarutanninga (GLU 5-10) på utveksling i Deventer. Her studerer eg Global Citizenship in Education (skal tilsvara samfunnsfag).
Som dykk forstår er eg både reiseglad og eventyrlysten. Eg grip gjerne sjansen til å reise når det er i samarbeid med utdanning eller liknande. For meg handlar dette om å få reise med mål og meining, under ordna forhold, og ofte billegare enn ferieturar. I tillegg får ein moglegheit til å bli kjend med nye plassar, folk og kulturar, berre gode grunnar! Eg er 25 år, kjem i frå Bømlo, lett å bli kjend med, smilande og åpen. Ein engasjert student som likar både fjellturar, sjø, avslapping, innekos, familie og venner.
I dette innlegget vil eg fortelje litt om søknadsprosessen før utveksling, kvardagen i ny by og litt opplevingar av studiet så langt. La meg starte med det fyrste: Interessen min meldte seg allereie fyrste året, fyrste gongen me fekk høyra om moglegheita. Australia, USA og Asia frista umiddelbart. Fram til vårsemesteret i tredjeklasse tenkte eg ikkje meir på det, men eg visste eg ville. Dei samme landa dukka opp igjen, men eg var heilt åleine om å søke frå mi utdanning og desse landa krevde at eg måtte setja saman min eigen studieplan og få den godkjent.
Etter samtalar med Helene som jobbar på utvekslingskontoret, fekk eg anbefalt studiet eg studerer no. Eg fekk veta at læraren som var med oss til Afrika, ein dyktig og engasjert lærar, hadde vært i Nederland og «starta» samarbeid med Saxion. Dette var ein pakkeløysning som var klar og godkjent. I tillegg noko eg kunne få bruk for som lærar. Ikkje minst stolte eg utruleg mykje på engasjementet til læraren. Må også nevne at Erasmusstipendet frista veldig, eit stipend ein får i tillegg til det frå lånekassen. Søknadsprosessen var noko innvikla og tung, men eg fekk mykje god hjelp frå Helene! Det blei utan tvil verdt det! Så til dykk som vurderer det: berre stå i det, og spør om hjelp!
At eg hadde eit pakka og klart utdanningsprogram klart for meg gjorde at kvardagen i ny by og opplevelsen av studiet var bra med ein gong. Saxion er ein passeleg stor skule, men me er ein liten klasse. Me er tett oppfulgt av lærarane og dette gjer at det er lettare å bli kjend med folk og eg føler med ivaretatt. Me har ikkje dei tradisjonelle pugg-og-husk-eksamenane, men blir vurdert ut i frå eige refleksjonsnotat og eit prosjektarbeid. Eg bur i studenthybel der eg deler kjøkken, toalett og dusj med fire andre jenter, det er heit greit! Eg bur 15 min. gange frå både skule og bykjerne og 5 min. frå togstasjon. I byen bur det i underkant av 100 000 personar, og det er utruleg koselig her!
Akkurat no slit eg litt med å lasta opp bilder, så dei kjem seinare!
Håpar selvfølgelig nokre finn dette både interessant og inspirerande. Eg blir glad for alle tilbakemeldingar og spørsmål angåande det eg har skrive. Meir vil komma etter kvart.