
Plutseleg var det januar og eg er på plass på Stord igjen. Sidan sist har eg hatt ein eksamen som gjekk over all forventning! Lærarane er tett på oss, og me er ei fin gruppe med studentar i klassen. Dette gjorde at eksamenssituasjonen var så behagelig som ein eksamen kan vere. No har eg ein eksamen igjen, sidan semesteret i Nederland varer til februar.
Den siste tida i Deventer brukte eg på å jobbe med eit sjølvvalt prosjekt. Resultat og det eg lærer frå dette blir det eg presenterer på neste eksamen. Ein medstudent og eg har fått moglegheit til å møte ei kvinne frå Sør Sudan som kjempar for menneskerettigheter, spesielt kvinners rettigheter, i heimlandet. Under vårt opphold i Deventer var ho også i same by for å «kvile» frå arbeidet i Sør Sudan som er både risikabelt og slitsomt. Vårt prosjekt dreide seg om å bidra til å gjere hennar kvardag i Nederland betre. Med det kunne me hjelpa ho med å laga ein arena for å fortelja hennar historie, laga ei workshop som ho kan bruka i heimlandet og ikkje minst å berre væra ein venn når ein kjem åleine til eit nytt land.
I tillegg har eg møtt ei venninne eg studerer med på Stord som skulle til Amsterdam og eg har reist litt meir! Eg fekk besøk av kjærasten min som var på utveksling med HVL i Portugal. Me hadde fine dagar i Deventer, der det var julefestival. Deretter pakka me med oss alt og drog til Berlin. I Berlin var det julemarknad som stod øverst på prioriteringslista. Me fekk med oss fleire av desse i tillegg til andre severdigheter, historie og god mat før det var heim att til Norge.
Som sagt gjenstår berre ein eksamen frå oppholdet og eg er så heldig å få lov å ta den over videosamtale. Deretter blir det å overføre studiepoeng til studieplanen min. Krysser fingrane for at eksamen går bra!