Spring break!

Omlag 5  veker er gått sidan forrige bloggoppdatering, og mykje har hendt i denne perioden. Sympatiske Papa Francesco vart vinnaren av det omstridte pavevalget, Luis Suarez nådde 20 ligamål før Robin Van Persie og Justin Timberlake er endeleg tilbake med eit nytt album etter ein 6 års lang pause. Samstundes har gjengen på Malta dratt vekk frå øya for å nyte påskeferien. Ingvild sakna appelsinar, kvikk-lunsj, familie og turskia sine og bestemte seg for å reise heim til vakre Noreg.

Ingvild i kjent stil på Hardangervidda.
Ingvild i kjent stil på Hardangervidda.
Ingvild fekk låne ulven til Robb Stark i påskeferien.

 

Arne og Eirin gjekk for ein meir uortodoks variant og gjekk til anskaffelse av nye reisekoffertar og begynte å leite etter flybilletar. 6 bookingar seinare var ruta klar: Malta -> Venezia -> Paris -> Roma -> Marrakech -> Sevilla -> Malta.

 

I Venezia: Eirin i ein gondol med ein finne, ein kanadier og to amerikanara.
I Venezia: Eirin i ein gondol med ein finne, ein kanadier og to amerikanara.
(tillegsinfo: Eirin mista skjerfet frå dette bildet sinare på turen, og kjøpte like så godt 4 nye for å trøste seg)

 

I Venezia: Eirin gir fotografen eit hjarteleg sukk på "Bridge of sighs"
I Venezia: Eirin gir fotografen eit hjarteleg sukk på «Bridge of sighs»

 

I Paris: Kvåle Myksvoll vart erstatta av Kvåle Bergesen i påskeferien. Her ser du den flotte dama med Eiffeltårnet i bakgrunnen. And, oh yeah, we climbed that thang!
I Paris: Kvåle Myksvoll vart erstatta av Kvåle Bergesen i påskeferien. Her ser du den flotte dama med Eiffeltårnet i bakgrunnen. And, oh yeah, we climbed that thang!

 

DSC_0422
Rock’nRollacosta: Eirin og Ingvild bryter ut i eit «spontant» rockebrøl etter ein heidundrandes bergogdalbanetur! Bildet er sjølvsagt tatt i Disneyland som definitivt var høgdepunktet på turen.

 

I Marokko: Denne gjengen besøkte afrika for første gang i ferien. Frå venstre: Stephanie, Tanja, Eirin og Aladdin.
I Marokko: Denne gjengen besøkte afrika for første gang i ferien. Her på Marokkansk aften innreda i velkjent Agrabah-stil. Frå venstre: Stephanie, Tanja, Eirin og Aladdin.

 

Me ridde på kamela! Don't go hating now ;)
Me ridde på kamela! Don’t go hating now 😉

 

Etter 2 veker på reisefot var me tilbake på Malta. Saman med reisefølget: Tanja frå Finland og Stephanie frå Canada bestemte me oss for å ende turen på samme måten me starta: fest, alkohol og Paceville! 🙂

2 dager seinare vart me endeleg gjenforent med Ingvild som ovveraska oss med norsk melkesjokolade, brunost og sårt etterlengta hårvoks. Tilbake igjen på skulen har me no orientert oss bedre om dei kommande eksamenane og oppgåvene som skal inn om ikkje så alt for lenge. Etter to relativt «behagelige» månadar i forhold til skulearbeid, var det på fredag tid for første eksamen. Me bretta opp ermene og viste den kinesiske turnlæraren vår at nordmenn og kan utføre akrobatiske element.

I helga var me med på ein flott hike i nærleiken av Fawwara Cliffs. Residensens resepsjonist, Ray, har gjort det for vane og arrangere denne type ekskursjonar for dei internasjonale studentane her på Malta. Totalt var vi omlag 160 studentar som drog på turen, og vi fekk sett fleire av landemerkene her på malta, såvell som muligheten til å «cliff-dive».

Ingvild er blitt brun i «vårsola» på Malta. Den vakre brunetta står her saman med vår finske venn Tanja, og bildet ble tatt på hiken til Fawwara Cliffs

I morgon har Erasmus arrangert ein båttur til Blue Lagoon på Comino, og om dykk har lyst å bli aldri så lite sjalu på oss så kan dykk søke opp bilder av denne pærla på internett 😉

Pop Pop! That’s it from Arne, Eirin og Ingvild

Besøk frå Norge, trekking og Gozo.

Tida flyr og vi har allerede vore her i ein månad og fire dagar. Det er mykje som må tilpassast, både på skulen og her vi bur. Endeleg kjenner vi også at det blir varmare i lufta. Det var mange som gjekk på ein smell i løpet av dei fyrste vekene. Hvis ikkje sola er framme, er det ganske kaldt. I tillegg blåser det ein del. Men dei tre-fire siste dagane har vore veldig fine og varme. Slik som ein varm sommardag i Norge.

Vi har allereie fått mykje ut av tida her nede. Helga for to veker sidan blei veldig kulturell.

Laurdag ettermiddag reiste ein stor gutegjeng til Mdina, Maltas gamle hovudstad. Byen ligg på ei høgde, slik at ein ser utover store område frå utsiktsplassen. Byen har arabisk bygde murar, og er omringa av ei stor vollgrav. Store bygningar som ein gong i tida har vore heim for maltesiske adelsfamiliar pregar byen.

I dag bur det rundt tre hundre personar innanfor murane, og berre nokre få bilar får køyre inn. Ofte kallast Mdina derfor for «den stille byen» og er ein av dei mest intakte middelalderbyar i verda med sine trange gater og høge murar.

Arne blei med gutane i to-tida, mens eg og Eirin ville sjå stafetten i skiskyting fyrst. Høg jubel over gutane som vann stafetten – stolt av å være norsk! Alt tok litt lengre tid enn planlagt, så vi måtte ta ein taxi til Mdina for å rekke gutane. Då vi kom dit hadde dei akkurat reist. Derfor blei det jentekveld i Mdina med spontan gudstjeneste, etterfulgt av fenek (kanin) til middag. Dette er nasjonalretten her i Malta, så før eller sidan måtte vi ha smakt på det uansett. Etter middagen tok vi bussen til Valletta, der vi skulle møte Miriam og Kim, to av syskena til Eirin. Moro med fleire nordmenn i huset:)

Søndag morgon reiste vi til markedet i Marsaxlokk, ein by på sørkysten. Det byrjar tidleg, rundt kl. 07.00, og drar seg utover dagen. Det har fyrst og fremst vore eit marked for fisk, men no er det kanskje enda meir bodar der dei sel klede, kjøkkenutstyr, øyrepynt & armband, vesker, grønsaker, kaker og godteri. Det meste er vel ikkje verdt å kjøpe, men ein finn plutseleg skattar til ein billig penge. Det blei ein fin søndag på markedet, og alle fekk kjøpt seg meir eller mindre. Middagen (fisk sjølvsagt) smakte også veldig godt. Arne var sjuk og fekk ikkje vore med, men det blir nok ikkje lenge til vi tar turen igjen. Her følger med litt bilder:

Middag og skiskyting i leiligheten vår. Hurra for Norge!
Inngangen til Mdina, Maltas gamle hovudstad. Dette er også gaten til King's Landing i Game of Thrones. Ganske kult!
Inngangen til Mdina, Maltas gamle hovudstad. Dette er også gaten til King’s Landing i Game of Thrones.
Utsiktspunkt i Mdina. Eit gresk par tok bildet av oss.
Utsiktspunkt i Mdina. Eit gresk par tok bilete av oss.
Fin gate i Mdina.
Koseleg gate i Mdina.
Kanin til middag i Rabat, forstaden til Mdina.
Kanin til middag i Rabat, forstaden til Mdina.
Utsikt fra promenaden ved markedet i Marsaxlokk. I havna ligg det hundrevis av fargerike fiskebåtar, såkalte "luzzuer".
Utsikt fra promenaden ved markedet i Marsaxlokk. I havna ligg det hundrevis av fargerike fiskebåtar, såkalte «luzzuer».
Masse kaker på markedet. Vi kjøpte med oss ein heil del. Vi har ikkje klart å spise det opp enda.
Masse kaker på markedet. Vi har fortsatt litt igjen i kjøleskapet..

Mandag reiste vi på skula som vanleg, mens Miriam og Kim tok seg ein tur til Mdina. På kvelden møttes vi i Valletta for å ete middag, og for å feire 30-års dagen til Kim. Tirsdag tok Eirin seg fri og reiste saman med dei andre til Gozo, naboøya til Malta. Dei handla med seg ingrediensar til lasagne, som vi naut godt i ti-tida. Det var utruleg koseleg å ha dei på besøk.

Fredag den 22. februar reiste eg til Liverpool for å besøke syster mi, Sigrid. Ho studerer saman med oss i Bergen, men bestemte seg for å utveklse i England. Eg fekk vore med på masse nytt og interessant; «Viking Festival» i York, Phantom of the Opera på teateret, City Sightseeing og The Cavern Club (pub’en der Beatles spelte hundrevis av konsertar og forma si identitet). Mandag kom resten av familien etter, for dei hadde vinterferie heime i Norge. Arne og Eirin hadde vanleg veke på skula og blei enda bedre kjent med folk på studentboligen.

Fredag til søndag denne helga var eigentleg satt av til ESN (Erasmus Student Network)-helg på Gozo, men vi fann ut at den fyrste turen vår i faget «trekking» var laurdag formiddag. Derfor reiste vi på det fyrst, før vi tok ferga over til Gozo for å møte dei andre. Det var utruleg masse fint å sjå, og vi fekk klatra mellom store steinar langs kysten. I og med at Malta er såpass lite, er det stor variasjon i landskapet. Ein treng derfor ikkje gå langt for å sjå nye ting. Det einaste negative på turen var at eg blei bitt i baken av ein laushund. Det kan høres komisk ut, men akkurat da var det veldig ekkelt for oss alle. Heldigvis kom eg unna med eit par små blåmerker.

Gozo blei også ein suksess. Vi budde i såkalte «farmhouses», der alle hus hadde kvert sitt basseng på verandaen. Det var litt for kaldt å bade, men vi ser ikkje bort ifrå at vi vil reise tilbake ved ein seinare anledning. Utsikten frå der vi budde var nydeleg! På kvelden var det middag og fest. Det var hyggeleg å helse på andre internasjonale studentar som reiser gjennom Erasmus, men som ikkje bur i lag med oss.

Søndag blei ein varm og slapp dag med ein del venting. Bussen køyrde oss til ein by som heiter Marsalforn. Der fekk vi spist middag og solt oss, før ferga gjekk tilbake. Alt i alt – ei veldig fin helg.

Her er litt bilder frå trekkingen:

Klare for første trekking.
Klare for fyrste tur i faget «trekking».
Masse fin natur å sjå. Her hadde vi vår fyrste pause på turen.
Masse fin natur å sjå. Her hadde vi vår fyrste pause på turen.
Det var fint å sjå meir av det Malta har å by på. Endelig litt kyst.
Det var fint å sjå meir av det Malta har å by på. Endeleg litt kyst.
Stor gjeng på tur! Ca. 40-50 elevar.
Stor gjeng på tur! Ca. 40-50 elevar.
Idrettsgjengen samla
Idrettsgjengen samla + turledaren vår til høgre.
Malta er eit lite land. Ein treng derfor ikkje gå langt for at vegetasjonen forandrar seg. Masse spennande.
Naturkrefter.

Vi møtte på eit heilt annleis terreng etter vi runda den store klippa.
Vi møtte på eit nytt og flatare terreng etter vi runda den store klippa.
Eirin tar seg ei velfortjent pustepause på asfalten etter eit par bratte bakkar. Sola er også med oss denne dagen.
Eirin tar seg ei velfortjent pustepause på asfalten etter eit par bratte bakkar. Sola skinte godt på oss denne dagen.
Slitne og fornøgde etter ein fin laurdags formiddag. Gleder oss til neste tur, laurdag 16. mars.
Slitne og fornøgde etter ein fin laurdags formiddag. Gleder oss til neste tur, laurdag 16. mars.

Malta: Week One

Hei alle sammen!

«Bedre seint enn aldri» får vere dagens sitat. Endeleg har vi fått start på den særs etterspurte reisebloggen vår.. Vi beklagar på det djupaste til alle våre fans og følgarar, som har venta dag og natt på første oppdatering. Vi skal prøve å ikkje skuffe frå no av! For å gjere ei lang historie kort; vi er Arne, Ingvild og Eirin. Tre flotte personar som held på med andre året av bachelor i idrett på Høgskulen i Bergen. Vi har vald å tilbringe andre semester i utlandet – nermare bestemt Malta.

Snapshot_20130202
Spente i Frankfurt! Ingvild, Eirin og Arne

Laurdag 2. februar 2013 var den store avreisedagen, og termometeret viste «reisefeber». Mange månadar med planlegging, papirarbeid og søknadar var over, og vi kunne endeleg sjå fram til – og nyte – det store eventyret.

Reisa ned gjekk knirkefritt, og allereie på veg inn i flyet frå Frankfurt til Malta fekk vi det det første møtet med maltesk gjestfriheit. Ei dame tok kontakt, nysgjerrig på kva i alle dager vi skulle på Malta i februar. Når vi fortalde at vi skulle vere der som utvekslingsstudentar i eit semester, gav ho oss telfonnummeret sitt og ein beskjed om at vi berre måtte kontakte ho om vi skulle trenge ein morsperson å støtte oss til. Dette varma godt i sjela, og gjorde oss endå tryggare på at opphaldet kom til å bli fantastisk.

Vi ankom Malta University Residence i Lija – vår nye heim – seint på kvelden, og etter ein liten rundtur på huset gjekk vi rett i seng.

Dei første dagane på Malta vart nytta til å bli litt bedre kjend. Den skinande sola lurte oss godt, og tynnkledde med solbriller tusla vi nedover gatene. Første lærdom: vindjakke = naudsynt. Søndagen tilbrakte vi i hovudstaden Valletta, og mandagen leita vi oss fram til nermaste supermarked.

Tysdag var det tid for informasjonsmøte på universitetet. Etter eitpar foredrag om skulerelaterte ting fekk vi omvisning på campus. Bygga er fine, området oversikteleg og prisane i kantina slår dei norske ned i støvlane. Vi tok oss ein tur nedom idrettsseksjonen, og vart mektig imponert over både basseng og treningssenter.

På kvelden arrangerte Erasmus fest for alle utvekslingsstudentane. Her vart det stifta bekjentskap med både tyske, irske og rumenske og vi lærte endå ein gong at varme klede trengst, sjølv på sørlegare breiddegrader. Turen gjekk til bargata i Paceville, og vi fekk oppleve det «pulserande nattelivet» skildra i Lonely Planet. I tillegg vart mangel på røykelov merka i fleire dagar etterpå – tilogmed skoa våre lukta røyk etter nattklubb-besøk. Passivt frå vår side sjølvsagt!

Torsdag var første møte med lærarar og undervisningsopplegg, samt den einaste(!) andre utanlandske idrettsstudenten utanom oss; Karoline frå Østerrike. Vi fekk informasjon og timeplan, og bestemte oss fort for å byte eit av faga vi opprinneleg hadde blitt tildelt. Helga gjekk med til sosiale lag både på residencen og i Paceville, samt fastelavnsbollar Malta style. Ei særs innhaldsrik veke, med mange nye inntrykk og opplevingar var over. Og sjølvsagt fekk vi med oss dronninga Tora Berger på eurosport! Skiskyting med italienske kommentatorar er ikkje heilt som det skal vere, men når dei ropa at TÅRRA BIERGJER tar gull gjer det absolutt ingenting.

No er vi allerede midt i andre veke, og det har gått skummelt fort. Dette er første veka med undervisning, og vi har allereie hatt både softball, hockey, minigames og gymnastikk. Meir detaljert skildring og forklaring av faga kjem ved seinare anledning. I går var det opprinneleg siste dag med karneval, og vi reiste til Valletta etter skulen for å sjå den store finaleparaden. Trudde vi. Regnet pøste ned, gatene vart til elver og paraden vart avlyst. Det var nesten som om bergensregnet vart sett i skuggen. Våte og kalde karra vi oss til McDonalds istadenfor, og Ingvild rekte tunge til vêrgudane gjennom å kjøpe seg is.

Dagen i dag har gått med til shopping i Sliema. Dette er den store turistplassen på Malta, og ligg ikkje så langt frå Lija. Vi vart alle ein god del handleposar rikare (les: euro fattigare), men har ikkje på langt nær komt oss gjennom alle butikkane som er å finne der.  Vi gler oss til å reise tilbake.

Fleire bilete vart dessverre vanskeleg å laste opp, men vi kjem sterkare tilbake ved seinare høve.