Still going strong

Vi er inne i veke 12 av semesteret , og det er kun ei og ei halv veke igjen før Thanksgiving break. Store menger pensum er gjennomgått, og læringskurva stiger fortsatt! For tida jobbar vi med  eit prosjekt som vert kalla Movement Matters. Dette går ut på at vi blir delt inn i grupper på fire, der kvar gruppe blir tildelt ein frivillig pasient med ein nevrologisk sjukdom. Denne deltakaren skal vi undersøke, evaluere og behandle to gonger i veka, i totalt fem veker. Her får vi testa ut og nytta kunnskapane vi har opparbeida oss, og hittil har dette vert utruleg lærerikt og spanande. Spesielt kjekt er det når vi ser positive resultat av det arbeidet vi gjer med pasienten vår.

Elles har eg også vore med på ”ekte” Halloweenfeiring. Og her blir det ikkje spart på kruttet når det gjeld gjennomføring! Husa i nabolaget var dekorert med massive spindelvev og svære figurar med lysande auger, utstyrt med innebygd lydanlegg som spreier creepy lydar. Andre hadde laga oppgangen til huset om til ein kyrkjegård, der skjellett låg halvvegs nedgravd i jorda og røykmaskin som spreidde røyk langs gravsteinane for å lage ekstra skummel stemning. Eit hav av ungar gjekk ”Trick or Treat” frå dør til dør utkledd som Supermann, Batman og Hulken.

«Pumpkin carving» høyrer også med, og her lagar vi kvar vår for å pynte oppgangen vår til Halloween:

Her er det fantastiske Team 7 utkledd som Harlem Globetrotters (basketballag) for Halloween. Ein av dei få dagane det ikkje er påkrevd med dresskode for undervisninga på skulen. Hurra!

Den amerikanske fotball sesongen er også vel i gang, og sjølv om Brannsupporterane kan vere høglytte og elleville, kan du gange dette med ti i forhold til det engasjementet som speglar den amerikanske fotballen! Folk byrjar oppladninga til kampane fleire timar før kampstart med ”tailgating”. Dette går ut på at folk samlast på parkeringsplassane og arealet utanfor stadion, setter opp store partytelt, og ordnar til med grill og beer-pong. Studentorganisasjonen stiller med gratis mat og øl til alle studentane som møter opp, og arrangerar ”flip-cup” konkurransar. Inne på stadion får vi utlevert duskar og tekstar til kamprop, det blir avfyrt fyrverkeri og nasjonalsangen blir sunge med handa over hjartet. Korpset spelar storslaget samtidig som dei bevegar seg i formasjonar, og cheerleadarane hoppar og spretter langs sidene. Og ikkje rekn med å få kvile beina i løp av kampen – her står vi gjennom alle omgangane!

”Running” er også veldig populært her borte, og  det blir stadig arrangert ulike løp. Eg har sjølv gjennomført mitt første 5 km løp, meeen det skal seiast at det var eit såkalla ”fun run” litt utanom det vanlege. Her blei vi dynka med maling og fargepulver for kvar kilometer vi fullførte, og blei dermed sjåande ut som nokon galne fargeklattar når vi kom over målstreken.

Elles har høsten her vert utruleg fin, med fargesprakane tre overalt. Her er ein timelapse film laga av ein student ved Duke som viser både litt av campus og området rundt:

 

Her er eg på veg til skulen ein tidleg morgon:

 Go Obama!

Update

Forelesningar, gruppearbeid, innleveringar, testar og eksamenar. Det har vert sju intense veker, og ekstreme mengder skulearbeid. Skule frå åtte om morgonen til fem om ettermiddagen. I tillegg har vi ”on-line lectures” med nytt lærestoff som skal gjennomgåast etter undervisningstid, og som vi blir testa i neste dag. Det er ikkje til å legge skjul på at fortvilinga og ”koffeinpromilla” har vert høg i det siste, og eg forstår ikkje heilt korleis eg har klart å komme meg gjennom alt til no.

 

Heldigvis er den mest intense perioden over, ettersom vi stort sett har komt gjennom det meste av pensumet i det største faget vi har; ”Neuroloigcal Patient Mangement”. Her har vi lært om ulike sjukdommar og skadar som omhandlar nervesystemet – Parkinsons, MS, ALS, hjerneslag og ryggmargsskadar, og korleis vi skal behandle desse. Faget har ein stor teoridel, i tillegg til lab der vi får testa ut ulike praktiske oppgåver. Vi har også hatt mykje besøk av pasientar i undervisninga og vore på besøk på sjukehuset for å møte pasientar som fortel korleis dei opplever og handterar sjukdommen sin. Denne veka hadde vi også besøk av ein lovande, beskjeden og sjarmerande gut, Desmond, som viste fram protesa si og fortalde om målet hans om å delta i Paralympics i Rio de Janeiro i 2016. Her er ein liten filmsnytt som fortel litt om han og kvardagen hans:

http://www.youtube.com/watch?v=kgsagEG2uFg

Innimellom all studeringa har vi også gjort andre ting. Blant anna har vi arrangert eit 5 KM løp til inntekt for eit prosjekt som til dømes hjelper militærveteranar med skader frå arbeidet i felten…

 

…sett Duke sitt volleyballag knuse Maryland…

…deltatt i ei ”flagfootball” turnering til inntekt for fotballspelaren, Blair Holiday, etter hovudskaden han pådrog seg i sommar då han hamna i koma etter ei vannskiulykke…

… som det eine laget i klassen min vant!

Deltatt på World Beer Festival…

… og laga amerikanske vafler til frukost 🙂

Go Duke!

Hello, North Carolina!

Tida flyr, og det er allereie godt over fire veker sidan eg forlot fjord og fjell, knekkebrød og brunost for å starte på utvekslingsemesteret mitt på Duke University. Hittil har inntrykket eg har hatt av den amerikanske kulturen stort sett svart til forventningane – absolutt ALT er stort her, matbutikkane er enorme, det er fast-food sjapper på kvart hjørne, og sandwich med peanøttsmør og syltetøy er den store «hitten». Elles er sjølve byen ganske utradisjonell av det som iallefall eg har tenkt på som typisk amerikansk. I stadenfor høge bygningar, eksosdis og travle gater, er området rundt Durham heller gøymt innimellom frodig skog, fine hus og gamle industribygningar som omgjort til fancy resturantar. Det subtropiske klimaet gjer at du sovnar og vaknar til grasshoppelydar utanfor vindauget, og kan sprade rundt i shorts og t-skjorte frå morgon til kveld. Ganske digg! Temperaturen er svært god, veirmessig har dei siste vekene vore eit godt alternativ til den regnfulle hausten i Bergen!

Sjølve skulen har derimot vore ganske intens dei første vekene. Skuledagane varar stort sett frå åtte om morgonen til fem om ettermiddagen. Innhaldet er derimot veldig spennande og interessant, og lærarane er svært dyktige. Læringskurva er bratt, og vi har lært enormt mykje sidan vi starta første skuledag.

Heldigvis blir det også tid til andre sosiale aktivitetar. Som andre norske studentar er amerikanarane like opptatt av å  finne på forskjellig aktivitetar i helgene. Hittil har eg fått med meg beach-camping med solsleiking, surf-padling, og lacrosse, etterfulgt av ei kaldt øl rundt bålet i solnedgangen. Å vakne til soloppgang med delfinar som leika seg i bølgene var også ei herleg oppleving. Har også fått med meg både baseballkamp, rullestol basket og ein gatefestival i hovudstaden Raleigh.

Neste veke skal vi dessutan arrangere eit 5 KM løp til inntekt for bl.a. skadde militære veteranar med ryggmargsskadar og proteser.

Stay tuned!