Veke 12 – taket av Afrika og heimreise

Fredagen veka før tok me fri frå klinikken for å gå ein liten, kjapp fjelltur – nemleg sjølvaste Kilimansjaro, taket av Afrika. Me tok turen i lag med vår medstudent frå Amerika, Katie. Ruta me valgte var Machame og me skulle bruke 6 dagar. Machame er kjent for naturen, der me gjekk gjennom fleire forskjellige naturlandskap, regnskog, ørken, høgfjell og snølandskap. Me var berre 3 personar, men likevel trong vi eit stort mannskap for å tilretteleggje turen. Kvar person hadde 3 bærarar kvar, ein felles kokk og 2 guidar. Me skulle bruke 4 og ein halv dag på tur opp der natt til den 5 dagen vart bruka til å nå toppen. Denne natta var nok den tøffaste dagen, sidan me hadde hatt lite søvn og mat. I tillegg skulle me gå opp 1000 høgdemeter. Det var bratt, tungt og me starta å kjenne på den tynne lufta. Alle var heilt ferdige da me endeleg nådde toppen, men me fekk sjå ein heilt fantastisk soloppgang som ekstra premie.

Ettersom opphaldet vårt nærma seg slutten hadde tida kome for å sei hadet til alle på sjukehuset i Dar es Salaam. Me har hatt eit heilt fantastisk opphald! Det har vore hektisk, men kjempelærerikt. Me har vore borti mykje forskjellig skulemessig i tillegg til at me har fått mange fantastiske kulturopplevingar på fritida. Dei på sjukehuset holdt ein liten takk-for-alt-sermoni til oss da me stakk innom sjukehuset før me reiste heim. Då sa alle nokre få ord til oss i tillegg til at me sa nokre ord til dei. Som takk for alt fekk me ein tradisjonell kanga som då alle afrikanske kvinner har.

Takk for denne gang, Afrika – tutaonana badaye!

love Carina og Inga

 

Veke 11 – rullestol klinikken, fordrag og besøk på KCMC.

Denne veka var det ikkje intensiv veka, men det kom faste pasientar og nokre nye. Dei vekene dei ikkje har intensiv behandling er det få pasientar, og me hadde særs rolege arbeidsdagar. Likevel er vegleiaren vår, Sabaas flink å gå gjennom pasientane og diagnosane i lag med oss. Då stiller han oss spørsmål og høyrar på forslaga me kjem med. Journalmalen i Moshi var særs lik vår, og likedan framgansmåten til fysioterapeutane. Me meinar at fysioterapeutane i Moshi er svært dyktige, og me har lært mykje berre på desse få vekene me hadde her.

Den eine dagen var me med Neo, ein av ergoterapeutane, på ”seatingclinic” der me fekk vera med på prosessen der pasientane får tilpassa rullestol. Fyrst fyller me ut skjema med diverse mål av pasienten og informasjon. Deretter gjev ein skjemaet vidare til rullestolteknikkarane som sett saman og tilpassar sjølve stolen etterpå. Me tilpassa rullestol til pasienten me hadde fulgt sidan fyrste veka. Det var same pasient som vi var på heimebesøk til veka før.

Ettersom dette var siste veka vår hadde Sabaas gidd oss utfordring med å lage eit foredrag om pasienten vi hadde fulgt opp. Då snakka me litt generelt om CP, korleis me gjorde undersøkinga og kva behandlingsplan me hadde kome opp med. Etter vi hadde snakka viste vi behandlingplan fysisk, der Carina var pasient og Ingvild leika terapeut. Kollegaene våre var særs nøgde med foredraget og digga at vi viste behandlingsplana fysisk.

Siste dagen vart bruka med biletetaking og eit lite kaffelag for å seie takk og farvel. Etterpå vi hadde takka for oss og sagt hadet til folk hadde vi ein avtale med fysioavdelinga på KCMC (Killimanjaro cristian medical centre). Me skulle få ein rundtur på sjukehuset og universitetet. KCMC er det einaste univeristetet for fysio i Tanzania. Sjefen for fysioavdelinga på KCMC hadde budd i Noreg i 3 år og studert ved høgskolen i Bergen og kunne snakke litt norsk. Det var interessant å få sjå korleis det lokale sjukehuset fungerte og korleis fysioterapeutane der arbeidde.

 

Veke 10 – intensiv veke, heimebesøk og Masaileirbesøk

Denne veka var det intensiv behandling for ryggmargsbrokk og ”vannhode”. Då fekk me vera med å observera i korleis dei lærar mødrene å hjelpe borna med å tømme tarm og blære. Dette gjer mor heilt til barnet byrjar på skule, og då må læra det sjølv. Dersom ikkje borna klarar det sjølv får dei ikkje lov å byrja på skule, grunna at dei ikkje har kapasitet på skulen til å hjelpe born med spesielle behov.

Me fulgte opp ein av pasientane me undersøkte forrige veka, med behandling og heimebesøk. Då køyrte me heim til pasienten for å sjå koleis dei budde og om det var funksjonelt med rullestol i heimen og nabolaget. Me hadde med oss to ergostudentar frå Rwanda, som då skulle følgje opp pasienten etter me var ferdige på klinikken.

Laurdagen besøkte vi Masailandsby der me fekk innblikk i korleis Masaistammane lever. Dei kledde oss opp med med tradisjonelle klede og smykker og tok oss med på song og dans. Me lærte oss å lage ild med hjelp av naturlege hjelpemiddel. Søndag tilbringte me i Hot springs, som er ein oase midt inne i ørkenen. Vatnet der er varmt og heilt klart blått, der bada me og sola oss.

 

Veke 9 – tid for Moshi

 

Då har me endeleg kome til Moshi. Her skal me arbeide på klinikken dei 3 siste vekene.

Me fekk anbefaling av våre amrikanske venner om buplass. Då me ankom midt på natta var me båe skeptiske då me såg nabolaget. Nabolaget var av det fattige slaget, men sjølve huset me skulle bu i var god standard. Og som vanleg var det problem med internettet, så blogginga var ei av våre mest tidkrevjande oppgåver! …..

CCBRT-klinikken i Moshi er kun for born. På klinikken er det to fysioterapeutar, og dei samarbeidar tett med ergoterapeutar og rullestolteknikkarar. Denne veka på klinikken var det dekka for intensiv veke for CP.

Det kjem då foresette med ungar for å bu på klinikken ei heil veka. Opphaldet er gratis der dei får informasjon om sjukdommen, behandling og framtidsutsiktene. Kvar onsdag kjem det lege frå KCMC, det lokale sjukehuset, for å undersøka ungane. Vi fekk lov å vera med å observera når legen var til stede. I tillegg oppdaga vi at vi hadde behandla ein pasient med skabb, så alle som hadde vore i nærleiken av han måtte få behandling. Legen er nevrolog og hadde følgje av pediatrisk lege.

Me fekk også utdelt eigne pasientar som vi skulle undersøke og lage ein behandlingplan for. Det er ikkje like mange pasientar i Moshi som i Dar es Salaam, så dagane går litt treigare her enn det gjorde i storbyen.

Kvar fredag er det klumpfotklinikk, der borna får behandling i form av mobilisering og gipsing.

Helga tilbrakte me i Marangu, som er ein Chahalandsby som ligg i foten av Killimanjaro. Der gjekk vi rundt i Chaga-landsbyen med ein guide som viste  og fortalte historien rundt menneskene som fortsatt lever der. Me beskte og Chaga-museet der vi fekk sjå hus og redskapar som dei brukte før i tida. Nokre brukar det den dag i dag, men me såg og ein og anna traktor på vegen. Dagen etterpå reiste me på ein liten fjelltur i Marangu. Toppen låg i foten av Kilimanjaro og vi hadde ein praktfull utsikt.

 

Veke 8 – siste veke ved CCBRT i Dar es Salaam :-(((((((

Dette er siste veka på CCBRT sjukehuset i Dar es Salaam. Veka starta med at Carina og Katie fekk vera med på homevisitt. Dei besøkte ei jenta med ryggmargsbrokk og vannhode. Ho hadde ikkje gått på skule på over eit år, så derfor skulle CCBRT besøke ho for å finne ut kvifor. Då dei kom fram såg dei at ho ikkje hadde bruka rullestolen ho hadde fått, men i staden brukt krykker til å slepa beina etter seg. Dette hadde resultert i eit stort sår på den eine foten. Det var tydeleg betent og omringa av dødt vev. Ho hadde berre ein sokk oppå såret når ho bevegde seg bortover grusen. Heldigvis hadde ho ingen følelse i beina. Foreldra hadde forlatt henne hos bestemora, som ikkje lenger var sprek nok til å få trille jenta heilt til skulen. Ho kom seg til sjukehuset, men om ho kjem seg på skulen igjen veit me enno ikkje.

Melissa og Ingvild var igjen på klumpfotklinikken på sjukehuset. Der fekk dei sjå korleis dei kutta akillessena når den er for stram. I tillegg fekk me vera med å gipse og manipulere klumpfot pasientar på eige hand. Elles fortsette veka med supervisor training om handlingsplan, og Ingvild haldet seg våken denne gongen! Ho var og pasient for ortopediavdelinga der dei laga ankelortose. Det er mykje meir arbeid enn ein skulle tru og me skal frå no av ha meir respekt over deira arbeid. Det tok oss 1 og ein halv dags arbeid å lage ortosa ferdig (sikkert raskare for erfarne). Det vart ein tårevåt avskjed med alle dei fantastiske folka i Dar, men me har fått jobbtilbud, så kanskje me kjem tilbake… Hakuna matata!

Helga vart tilbrakt med avsluttingsmiddag med sjefane og vegleiarane våre på ein finare, italiensk restaurant. Laurdag reiste me til Bagamoyo for å få eit historisk innblikk i slavehandelen. Me besøkte eit museum, ei gammal katolsk kyrkje, og ruinane etter dei muslimske herskarane på 1800-talet. Me avslutta dagen med noko litt mindre seriøst, då guiden vår lærte oss om kvifor kvinnene her har så store rumper. Det er eit spesielt tre som dei må ete frå, og når rumpa er stor nok må dei hogga ned treet for at den skal slutte å vekse! Det finnes eit slikt tre for menn og, men eg treng sikkert ikkje forklare meir rundt det. Hahaa! Søndag var avslapping og reisedag til Moshi. Me skal vera 3 veker på klinikken i Moshi.

 

Veke 7 – Morogoro & høgdetrening!

Denne veka hadde me ein pasient med hydrocephalus. Alle fysioterapeutane var med å diskutere rundt handlingsplan og Carina fekk til slutt vera med på å skru saman ein rullestol til han. I tillegg hadde vi eit tvillingpar med ukjent syndrom inn til diskusjon. Her skulle fysioteamet diskutere og sjå kva dei kunne hjelpe med. Ein bror var 3 år og den andre 7. Dei kunne ikkje snakke, men forsto kva folk sa til dei. Store auge, stor tunge, små til vekst, hypersensitiv til berøring. Dei var normale til 3 år og deretter kom symptoma gradvis. Me veit fortsatt ikkje kva diagnosa var.

Denne veka hadde Carina og Melissa foredrag om spinal bifida og hydrocephalus. Dette passa veldig bra sidan Carina fekk ein pasient med begge desse diagnosane dagen etter.

Me var og med på gruppeterapi for pasientar med PIP (post injection paralysis). Grunna underbemanning av sjukepleiarar, for studentar arbeide på mange av sjukehusa i Dar es Salaam. Dette resulterar ofte i feil ved vaksinering av små born, fordi dei ikkje kan nok om anatomien. Dei set sprøyta i baken og treff ofte nerveforsyninga til beina, som resulterar i nummenhet og dårleg muskelkontroll. Dersom ikkje dei får fysioterapi kan dette ende med lammelsar og/eller drop fot.

Helg: Morogoro. Me tok bussen etter jobb fredag og turen starta naturleg nok med traffic jam. Turen tok 6 timar, der 2 av dei var traffic jam. Me hadde ei venninne i Morogoro, Julia, som skulle ta oss med på fjelltur og vise oss rundt i byen. Då vi sjekka inn på Oasis hotell hadde dei ikkje nok rom til oss, så alle måtte dele seng. Laurdag hadde Julia arrangert fjelltur med ein lokal venn som guide. Det var tåkete og høg luffuktigheit denne morgonen, så vi kom oss ikkje høgare opp enn punktet Morning sight. Elles fekk vi sjå lokal dyrking av frukt og bær høgt oppe i dei bratte fjellsidene. Søndag fekk vi topptur opp til fjellet Ulugurus, 2200 moh. Sola skein og vi hadde kjempefin utsikt.

 

veke 6 – operasjon, CCBRT-dag og Zanzibarweekend

Som tittelen seier, har vi gjort masse denne veka.

Måndag var fyste arbeidsdag for våre 2 medstudentar frå amerika. Denne dagen fekk me omvisning rundt om på sjukehuset i lag med dei, 1 månad på overtid. Då fekk me sjå augeavdelinga på sjukehuset som CCBRT er kjent for.

Tysdag fekk me vera med på operasjon, der vi såg på ein gut vart operert for klumpfot. Poa sana(råkult) å sjå korleis dei rettar på feilstillinga i foten. Ekstra morosamt når kirurgane faktisk forklarar oss alt dei gjer under operasjonen.

Onsdag fekk Ingvild vera heile dagen på operasjonssalen, der ho fekk sjå totalprotese av kne-, og hofte. I tillegg fekk ho sjå fjerning av betent vev etter eit stygt leggbeinbrudd. Kun ein av oss får lov å vera med på større operasjonar. Carina reiste ut til suport unit denne dagen.

Torsdag var ein vanleg dag på sjukehuset. Full ventebenk, +- 3 i høgda B-). Når me kom heim fann me ut at vi ikkje kunne ligga på laurbæra – ergo: trappeintervall. Dette angra me ikkje på på fredagen, då me møtte opp hjulbeint og haltande på jobben.

Fredag var det endeleg tid for CCBRT-dag, som har vorte utsett 4 gongar før. Dette er den årlege firmafesten for CCBRT, der alle ansatte er invitert.  Me reiste bort frå byen til eit nydeleg hotell og strandområde, kalla . Mat og alkohol vart servert heile dagen, gratis. I tillegg var det arrangert fotball, volleyball, dansekonkurranse, synging, fang-høna, sekkeløp, egg-på-skei-løp + masse anna morosame aktivitetar.

Helga vart tilbragt på Zanzibar i lag med våre studievenninner frå Amerika og vår tyske veninne Berit. Vi starta tidleg laurdag morgon, da vår kjære bajaj-venn skulle kjøre oss. Dette var den morgonen da vi skulle få problem med det lokale politiet. Vi vart dratt til sides og måtte vise både pass og recident-bevis i tillegg til å betala ei saftig bot på 30 000,-(tz). Me brukte resten av denne dagen til å slappe av på stranda og avslutta med ein heftig fullmåne-fÆst! 😀

Søndag: Gåtur med guide rundt om i stonetown. Stonetown: den gamle delen av Zanzibar. Her lærte me masse om historia om dei diverse bygningane og slavemarkedet. På kvelden reiste med på musikkfestivalen, som dei har årleg.

veke 5 – travle dagar!

No byrjar det å strømma til med pasientar og me har begge hatt 7 pasientar kvar nokre av dagane. Måndagen hadde me, endeleg, ein vaksen pasient. Han hadde hatt eit uhell på jobben, der arma møtte saga. No kan han ikkje lengre bruke 1.-3. finger i tillegg til at han ikkje lengre har kjensle i dei. Me skal jobba med å prøva å få tilbake handfunskjonen om er mogleg i det heile. Han vart fyrst refferert tilbake til legen for nærmare undersøking.

Tysdag fekk Carina vera med til ortopediavdelinga der dei gipsar og manupilerer feilstillingar i foten. Her ser me masse pasientar med klumpfot og Carina var veldig fornøgd med å kunne gipse alle pasientar denne dagen! 🙂 Ingvild derimot hadde fått pasientar med normale, «norske problem», som til dømes ankelfraktur, brannskadar og fingrar ut av ledd.

Onsdag reiste Carina ut til suport unit, Manzese. Der fekk ho blant anna sjå eit tilfelle av hydrocephalus(vannhode) og spinal bifida(ryggmargsbrokk), berre denne ryggmarksbrokken var i nakken, noko som er særs uvanleg. :-s I tillegg til alt dette måtte ho ta «Daladala»(lokal buss) aleina heimatt, noko som er utfordrande i seg sjølv. Ingvild stressa på sjukehuset med fullstappa ventebenkar og fekk også vera med på å sette saman rullestolar. CCBRT sett saman rullestolar til kvar enkelt pasient om treng det. Dei får til og med med seg rullestolen heim same dagen. Rullestolane gjer det enklare for ungar med funskjonsnedsetting å koma seg på skule og andre aktivitetar.

Torsdag og fredag gjekk som vanleg med travle dagar på sjukehuset, men på fredag vart Carina sjuk. Ho blei sendt til legesjekk og testa for Malaria mm. Servicen var det ingenting å klaga på, kom rett inn til lege, tok blodprøvar og fekk resultata innan ein time. Her var det full score på innfeksjon og ho fekk tidenes største antibiotikatablettar. Medan Carina ligg heima med 40 i feber og omganssjuka kosar Ingvild seg på sjukehuset og gjorde det vi syns er aller kjekkast – vera med på ward rounds i lag med dei dyktige legane! 😀

Helga vart for Carina sin del nytta til sengs, medan Ingvild fartar ute på byen med dei lokale! Denne helga ankom endeleg våre amrikanse medstudentar Dar es Salaam. B-)

Fjerde veke, supervisors training……… zZzzz…..

Mandag og tysdag var me på sjukehuset og var med på Erb´s palcy, CP og post injection paralysis group. Då er alle pasientane med same diagnose med på ei slags gruppetrening der dei lærer korleis dei kan hjelpe barnet til å verte betre. Det vert gitt felles informasjon til alle mødrene om diagnosane og prognose.

Onsdag og torsdag var det supervisors training, denne gongen var det ein av ergoterapeutane som snakka om leiker og korleis dei kan laga leiker til å bruka ute i distrikta. Han holdt foredrag på powerpoint og gav oss ein test i byrjinga for å sjå kva me kunne om leike materialer. Torsdagen holdt han same foredraget, men då på swahili og for alle som jobba ute i distrikta. Me avslutta med å lage litt leiker og lage modelleire av papir, vatn og mjøl.

Fredag deltok me på det månedtlige møtet med fysio, ergo og ortopediingeniører. Dette føregjekk og på swahili, så det var begrensa kva me fekk med oss, men ein av kollegaene våre prøvde seg som tolk. FitnessFredag igjen 😀

Lørdag reiste me på frukost hos ei tysk venninde, Berit. Det var heilt ubeskriveleg godt med grovbrød og eggerøre! På hostellet går det for det meste i loff og syltetøy. Deretter reiste me til eit veldig populært område, Kigamboni. Søndag tok me med oss Berit til Mbuja island.

 

Veke 3 og møte med suport units

Måndag fekk Carina bli med ut til ein av dei 11 support units, Mbezi. CCBRT har som sagt community based rehabilitation og tilbyr behandling ute i distrikta. Dette gjer det lettare for dei som bur ute  distrikta å fortsette med bahandlinga, dei slepp å reise heilt til byen og bruke mykje pengar på transport. Hovudvegen var midlertidig stengt grunna vegarbeid, så me måtte ta ein rundtur på det eg trur eg verdas mest humpete veg! Her er utfordringa at pasientane er mange, medan terapeutane få! Det er avgjerande å læra foreldra korleis dei kan gjere behandlinga sjølve, slik at eg kan rekke å assistere flest mogeleg av borna.

Tysdag var me med ein av legane på «ward rounds», då går han igjennom alle pasientane som vil trenge fysioterapi. Det er svært lærerikt å få vera med legane og få høyre om alle dei forskjellige diagnosane. Me får læra om mykje me aldri hadde tenkt på i Noreg, som til dømes frakturer i kne grunna løvebitt!! Det er og mange born med klump fot, til og med voksne som aldri har fått noko behandling for klump fot tidelegare.

Onsdag var me begge på sjukehuset, det var masse pasientar og me assisterte begge 7 pasientar kvar denne dagen. Januar er ein roleg månad på sjukehuset, fordi mange ikkje har pengar til behandling i byrjinga av året, då dei må betala sjulepengar mm. I februar vil det verte masse pasientar fortel fysioterapeutane, men me syns allereie det er mange no, så februar blir ein spennande mnd! Torsdag og fredag var me og begge på sjukehuset, me er veldig heldige og får assistere mange pasientar. Fredag var me sjølvsagt og på fitness 🙂

Lørdag reiste me på restaurant og bar med ei av legane på sjukehuset. Der blei me kjendt med fleire av venene hennar. Og søndag reiste me til ei ny øy, Bongoyo. Der me snorkla saman med ei tysk jente me blei kjendt med dagen før. På veg heim frå øya skulle me sette oss inn i ein bajaji, då det plutseleg kjem to nye kjørande bort til oss. Dei kjem bort å kjeftar og prøvar å få oss til å sette oss i deirans bajaji. Det me ikkje visste var at det er visse gjengar som jobbar på forskjellige område, og me hadde satt oss inni ein bajaji som ikkje hadde «lov» å ta på kunder der. Før me rakk å tenkje oss om kjørte han avgårde med dei to andre i halen! Me bad han stoppe, men han fortsatte berre å kjøre. Dei andre to prøvde å svinge borti oss sånn at me skulle kjøre ut av vegen. Me kom oss ut og begynte heller å gå heimover, dagens adrenalin kick!!