Reising i USA

Kjære lesarar,

Det har skjedd så mykje i det siste at vi ikkje veit kor vi skal starte. Vi har sett og opplevd utruleg kule ting og lært masse kjekt.

Skulen er fortsatt veldig gøy og det er super greit å kunne kombinere trening med skule, der skulearbeidet holder seg i grensen, men utbytte av dei faga er stor.

Men dette innlegget skal gjelde meir dei tinga som skjer utanfor skulen. Det er masse ein kan finne på i Amerika og ein av dei mest kjekke er reising.

Reising i Amerika er ganske rimeleg, men det tar tid. Det er store distanser mellom byer/ steder ein gjerne vil sjå og derfor trenger ein litt tid for å gjere det. Men det er utan tvil verdt å dra på biltur i timesvis for å sjå den fantastiske naturen, eller dei svære byane her ved vestkysten.

Vi har nettopp komt tilbake frå turen som vi tok over «Thanksgiving- ferie» og er fortsatt så takknemleg for at vi fekk denne sjansen for å oppleve dette her:

I løpet av 8 dager dro vi frå San Diego til steder som Sequoia Park (General Sherman Tree er der, som er verdenst største tre i volumet), San Francisco (Alcatraz er verdt pengene), Yosemite (den som saknar Noreg, kan finne nesten liknande natur der), Death Valley (nest varmaste stedet på jord, ørkelandskap er fantastisk å sjå på), Las Vegas (må ikkje seie meir her), Grand Canyon (North og South Rim), Horseshoe Bend og tilbake. Vi anbefaler dersom dokke har ferie før eller etter semesteret til å bruke den tiden på dei stedene. Det er mogleg å sjå alle ting i løpet av dei 8 dager, men det er nok enda koslegare, når ein ikkje må sitte meir enn 6t på strek i bilen fordi ein må vidare for å rekke alt. Husk at alle årstider har sine fordeler og ulemper. Om vinteren kan ein ikkje kjøre overalt ein vil, så ver obs på det når du planlegger ein tur.

Andre destinasjoner som Six Flags (både Hurrican Harbor og Magic Mountain), Universals i LA, sjølve LA med tusen forskjellege moglegheiter som konserter, idrettsarrangementer (som NBA eller NHL), osv kan anbefalast på det sterkaste!

San Diego har også ein del å by på, som for eksempel dei fantastiske (surfe- og bade)strendene, utestedene, Sea World, USS Midway, Torrey Pines, La Jolla Cove, ovs. Som student hos SDSU får ein også gratis billetter til idrettsarrangementer som american football, basketball og volleyball – for å nevne dei største.

Mexico er ein annen destinasjon mange studenter vil reise til. Vi fekk på det sterkaste anbefalt å ikkje gjere det og etter fleire diskusjoner bestemte vi oss for å ikkje gjere det og kan derfor ikkje seie noko meir om det.

SDSU studenter kan også melde seg på forskjellege friluftsturer som klatring, outdoorcamping og kanoing, som blir tilbudt av Aztec Adventures. Det skal altså ikkje bli kjedeleg å reise hit.

Er du meir interessert i fleire lagsport eller andre klubber, så er moglegheitene uendelege ved eit amerikansk universitet.

Dersom lommeboka di er enda større enn vår, kan du sikkert finne på enda fleire ting.

Litt meir om praktiske ting ved SDSU

Har du drømt om å surfe og få studiepoeng for det? Eller kanskje å heller lære deg nye idrettsgreiner du ikkje har prøvd før? Vil du utfordre deg med fag, du ikkje kan ha i heimelandet ditt? Då er du på rett sted når du velger SDSU.

Timeplanene våre står no bombefast og vi er ganske fornøyde. Eigentleg veldig fornøyde. Å bytte til gymsaler og ute-klasserom frå vanleg forelesningssaler, er veldig kjekt. Men å komme seg dit er både krevande, spennande og irriterande. Påmeldingssystemet til SDSU er heilt nytt og det finst berre ei ansvarleg person som kan hjelpe og bekrefte ting når noko går skeivt. Kva var problemet?

Systemet som SDSU brukar for å melde seg på/ av fag, har fortsatt nokre bugs. For eksempel har du ikkje lov til å droppe ut/ velge fag så mykje du vil. Det er ein viss grense med antal drop. Dersom du går over den, må du alltid til den eine ansvarlege personen for å få det fiksa. Ho dama er mindre hyggeleg og meiner ikkje at systemet har ein feil, men at det er studenten sin feil at vi byttar fag heile tida.

Som minne: Vi vil ha 15 credits som tilsvarer 30 studiepoeng. For å kunne oppnå det, må ein enten velge få teoretiske fag eller veldig mange praktiske. Vi vil studere idrett, så vi vil gjerne ha så mange praktiske som mogleg. Sabrina og Kay kom inn på to teoretiske fag og trenger derfor «berre» 9 praktiske. Mens Ole Vinjar skal ha 12 praktiske fag. Kanskje ser dokke allereie at timeplanbygginga ikkje er heilt så enkelt når ein må halde styr på kva fag ein faktisk vil ha. I tillegg står ein jo på ventelista på nokre fag og timeplanen må alltid tilpassast til det ein vil ha. Så klart droppar ein ut av eit kanskje kjedeleg fag for å få eit fag ein faktisk vil ha.

Men ikkje nok med det. Når ein har ein viss antal ENS138 fag (praktiske idrettsfag med samme fagkode), begynner systemet til å tenke at det er akkurat det samme faget og droppar deg automatisk ut av liknande. Så, dersom eg hadde nesten alt klar med timeplanen min, kan det vere at systemet kikker deg ut, sjølvom ingenting er dobbelbooka eller kræsja tidsmæssig. Kva ein må gjere for å få ordne opp i det? Gå til ALI sine kontorer og få hjelp. Ikkje alle ansatte var like glade i til å hjelpe oss, men det kan rett og slette vere pga at dei aldri har blitt konfrontert med dette problemet før. Ein ting er iallfall kjekt å kunne støtte seg på: Hjelp får du alltid.

Vi fekk også beskjed til å betale avgifta så tidleg som mogleg, at det ikkje er mogleg lenger å droppe ut. Det blir då enda herlegare når ein faktisk droppar likevel ut av fag som ein har allereie betalt for.

Når alt endeleg var på plass, og oversikta i systemet var den samme som vi ville ha, kunne vi endeleg puste ut. Dette var ikkje lett, men absolutt verdt det! Fordi no har vi ein timeplan som er kjempekosleg, veldig inspirerande, innhaldsrik og utfordrande.

Sabrina sine fag: bowling, surfing, rowing, self-defense for women, taekwondo, fitness training for women, volleyball beginner, stand up paddling, swing, applied kinesiology og introduction in exercise and nutritional science

For å få ein forestilling korleis ein timeplan kan sjå ut, har vi laget timeplanen til Sabrina her:

Tid Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
08- 08.50  

 

Intro in exerc-nutri-science  

 

 

 

 

 

09- 09.50 Swing Fitnesstraining for women Swing Fitnesstraining for women  
10- 10.50 Bowling Applied Kinesiology   Applied Kinesiology Rowing
11- 11.40 Bowling       Rowing
12- 12.50 Volleyball   Volleyball    
13- 13.50   Selfdefense   Selfdefense  
15- 16.40   Stand Up Paddling   Surfing  
18- 19.40     TaeKwonDo    

 

Viss dokke vil vite meir om visse fag, kan dokke gjerne spørre i kommentarfeltet.

Ole-Vinjar sine fag: Fotball advanced, bowling, surfing, wakeboarding, hobie cat sailing, kayak, pilates&yoga, Volleyball beginner og intermediate, functional fitness training, taekwondo, rock climbing beginner og applied kinesiology (einaste teorifag)

Kay sine fag: bowling, rock climbing beginner, hip hop beginner, taekwondo, self-defense for women, volleyball intermediate, swimming advanced, stand up paddling, surfing, applied kinesiology og introduction to exercise and nutritional science

Nokre fag som Rivercanoing, Outdoor og Hiking, og Martial Arts fag, som Judo, Taekwondo osv blir avholdt om kvelden. Andre fag kan også bli tatt om helgene viss ein ønsker seg det.

Som dokke kan sjå, så har ein nokre ettermiddager ledig, der ein kan stappe dei full med lesing til fag, øving av det ein har lært eller kombinere fritidsaktiviteter som soling med læring av ferdigheter, for eksempel surfing.

Etter to veker med full program, er vi fornøyde med valga vi har tatt. Nokre fag er såklart morosammere enn andre, men slik er det overalt. Her er det iallfall litt meir tilpassa etter dei ønskjar ein har frå før av.

No kjem ein liten anbefaling frå oss til studenter som kanskje vil studere idrett her på SDSU: ikkje velg intro-fag. Introduction in exercise and nutritional science er ingenting anna enn eit semesterlang framføring av kva fag universitetet har å tilby. Dvs faget er delt i tre emner over eit heilt semester og i kvart emne er det ein eksamen. Den første delen handlar om dei sjølve programfag, som applied kinesiologi, biologi, kjemi, anatomi,… Der ein blir spurt i eksamen nr 1 kva visse fag handlar om. Eksempel av eit spørsmål på eksamen: Snakkar ein i anatomi om mat eller om muskler og bein? (Den som ser her ein lett fortjent A, dessverre er ikkje det heilt så lett som eksemplet viser)

Dei fleste eksamener er multiple choice, som kan gjere det både lettare og vanskelegare nokre gongar. Del to handlar om research som universitetet tilbyr, og del tre korleis det kan bli brukt/ anvendt i praksisen.

For oss utvekslingsstudenter er dette faget (sorry for direktheita) ubrukeleg. Dessverre var det eit krav å ha dette faget for å kunne begynne hos applied kinesiology (AK), som er eit bra fag som går både innanfor anatomi, bevegelseslære og fysiologi. Vi fekk seinare vite frå AK- læraren at vi ikkje måtte ha det alikevel. Så gjerne sjekk først med forelesarane om dei virkeleg må ha visse fag for å vere med!

Som dokke også kan sjå på timeplanen, så er det ikkje mange minutt ein har tid for å komme seg til visse plasser. 10min pause er greit når ein skal vere i samme byggninga, men det ser vanskelegare ut når ein skal på andre sida av campusen for å ha undervisning der. Nokre trenarar har forståing for det, dersom ein forklarer situasjonen. Det er veldig viktig å seie ifrå til trenaren. Nesten kvar lærar sa i starten av kurset sitt at dersom vi snakker med han/henne, kan ein alltid finne ei løysing til problemer. Andre trenarar straffer den som kjem for seint eller denfår ikkje ok for oppmøte.

Dei fleste trenarar er veldig positive og engasjerte og prøver å legge opp til ein bra time. Nokre andre kjem med den innstillinga: Det er berre ein 1Credit-fag og oppmøte gir karakter, ingenting anna – då trenger ikkje eg heller å gi alt.

Det som vi fann ut av er, at det er viktig å sette opp timeplanen sin etter belastning. Ein klarer ikkje å holde ut 5t med krafttrening etter kvarandre. Så ein liten tips: pass på at kroppen klarer belastningen over heile veken, ellers kan det bli lite kjekt.

 

Den første veka på SDSU

Ærleg talt, så hadde vi nesten to veker ferie før skulen vår skulle starte og det var fantastisk. Vi hadde moglegheit til å lade opp og roe oss ned før stormen og kaoset skulle begynne. Dei to obligatoriske møta som var ei veke før skulestart var informative og samtidig deprimerande.

Her er grunnen: Alle internasjonale studenter som skal til San Diego veit at ein må «crashe kurs». Det vil seie at dersom ein vil ha eit visst fag og har søkt om opptaket der, så har ein ikkje det, når ein kjem fram. Søknaden om fag har altså ingenting å seie når ein kjem dit. Amerikanerne kjem alltid til å ha førsteprioritet og dersom faget ein ville ha er fullt, så står ein på ventelista sålenge til det blir plass. Så enten kjem ein seg inn eller ikkje. Vi spurde veileiaren om dei kunne hjelpe oss til å skrive oss inn tidlegare på alle idrettsfag, slik at vi ikkje mistar alle våre studiepoeng til dei som velger idrettskurs berre fordi dei må ha 2studiepoeng til for å fylle semesteret sitt. Veileiaren svarte med «This makes no sense to have so many sportsclasses.» og at vi må vente til enrollment startar. Hæ?

Lenge før enrollment i det heile tatt kom nærme, kunne vi allereie sjå at mange fag vi ville ha, var godt oppfyllt. Vi hadde ingen sjans til å skrive oss opp eller melde oss på, på nokon vis og veileiaren hjalp ikkje oss heller. Det er super irriterande å sjå at det berre er ein eller to ledige plasser igjen av dei 20 plasser som faget har. «Påmeldigen» eller enrollment online skulle starte måndag den 22.08. og vi var super klare for å søke på faga våre. Såklart ville alle internasjonale studenter søke om plass i dei fag dei ønska seg, akkurat som oss. Det resulterte i at serveren frå skulesida blei overlasta og ein måtte vente ca. 3 minutt for å legge til kvar einaste fag. Ja, ein må søke sjølv og det er ansvaret ditt at du søker riktig fag og ikkje skolen sitt. Det var nesten som ein krim for oss som skulle ha 11 fag. Kl. 2.30 var heile påmeldingen ferdig og vi fekk endeleg lagt oss.

Hadde vi fått plass i alle fag vi ville ha? Nei, dessverre ikkje.

Dersom ein står på ventelista og det er første skuleveka, så er det berre å møte opp på undervisningen alikevel. Det er alltid mogleg at nokon droppar allereie denne dagen og at ein får sjansen til å få denne plassen. Det er eit problem på den eine sida at vi blir satt på venteliste men SDSU åpner på den andre sida mogligheita for å søke totalt 36 studiepoeng istadenfor kun 24/30 SP. Vi vil jo gjerne ha fulle studiepoeng og dersom ein ikkje kjem inn på det eine, må ein prøve å finne noko anna. Fristen for enrollment er to veker seinare og ein har moglegheit å droppe eller legge til fag til dette tidspunktet som ein ønskar. Ein må nesten vere geni for å få det til å gå opp med timeplanen etterkvart når ein har så mange fag. I tillegg vil ein jo ha fag som blir godkjent av HiB og som faktisk er innanfor fagfeltet ditt. Hell yeah, this is so awesome…. vanskeleg.

 

Den første skuleveka starta med 3 fag på ventelista, 12 påmeldte fag og ingen peiling om ein får lov til å ta det og det faget. Nokre fag krever nemleg også førkunnskaper. Enda ein faktor som gjer det enda litt meir krevande til å oppfylle alle krav ein må tenke på. Vi tre har heldigvis hatt anatomi tidligare og kunne vise fram dei førkunnskaper til den eine læraren frå det eine teorifaget vi skulle ha. Endeleg ein positiv ting. Vi har nettopp fått oss heile 6 studiepoeng. Wohoo!

Det andre teoretiske faget har 500 plasser. Vi står på ventelista på plass 4,5,6 og håper så veldig til å få plass på kurset. Romet tar «berre» dei 500 påmeldte og ingen fleire. Å sitte på trappa kunne gått for oss, men spørsmålet er om systemet kan påmelde oss til eksamen. Her er det berre å krysse fingrene vidare og håpe på det beste.

Våre dager innhalder som regel 4-6t med praktiske fag der vi kun rekker å ta oss frå den eine plassen til den andre fordi det kun er 10 min pause. Måndagen for oss blei for eksempel stappa med fotball, golf, swing, basket, functional fitness training (fft), volleyball og yoga. Heldigvis har ikkje alle tre alle dei fagene. Men sjølvom eg berre har golf, basket, fft, volleyball og yoga føler kroppen min at ferien er over no.

Nokre klassar er splittet opp i to, slik at ein ikkje har 2t men 2 x 1t undervisning. Ofte er måndag og onsdag likt, og tysdag og torsdag likt. Dei idrettsklasser som surfing, roing, kajakking, stand up paddling osv har vi nesten berre på fredag. Slik at vi ikkje må dra frå stranden til skulen og tilbake.

Tysdagen starta med faget der vi står på ventelista. Vi likte faget godt og kryssar fortsatt fingrene og fordi tyskarar trykkar tommler, gjer vi også det. Berre for å få meir flaks.

Etter den første veka har vi no skjønt kvifor veileiaren meinte at det ikkje gjorde meining å ha så mange idrettsfag. Dei fleste teoretiske fag har fleire innleveringer, fleire eksamer og karakteren blir samansatt av alle dei obligatoriske ting. Idrettsfag derimot har i snitt ofte 80% oppmøte som karaktergivande og berre 20% fagleg innhald, som er enten innleveringer, presentasjoner, eksamener eller framføringer. Nokre fag som volleyball har det litt annerledes. Då blir det 50/50 oppmøte og eksamen, eller hos klatring blir det 30% oppmøte, 40% deltagelse i ein tur og 30% eksamen. Akkurat på grunn av denne oppmøteregelen gjer det meining at dei berre har 2studiepoeng for idrettsfag.

Eg meiner regelmæssig oppmøte betyr meir kunnskap og fleire ferdigheter og vi dro jo hit for å akkurat få det: kunnskap og ferdigheiter av nye ting. Flaks for oss at det mest sannsynleg er lettare å få ein A i praktiske fag enn teoretiske, men det gjenstår å sjå på karakterutskrifta rett før jul.

Etter den første veka er vi ikkje 100% fornøyd med timeplanen enda. Vi må fortsatt trykke tommlar og krysse fingrar for det eine teoretiske faget vi gjerne vil ha, ellers blir det ikkje 9 men 12 praktiske fag, som ikkje berre betyr meir rørlse og mindre tid om dagen, men også større utgifter. Kvar idrettskurs har si eiga avgift, viss dokke kan huske det frå siste blogginnlegget vårt. Let’s hope for the best.

Utveksling til San Diego

Søknadsprosessen «Den som har viljen, får det til»

Vi er tre idrettsstudenter frå HiB som har tenkt seg til å dra til ein sted, der det er 100% mindre regn for å kunne nyte idrettsgreiner som HiB kanskje ikkje tilbyr. Eg meiner, kva er kjekkare enn å lære å surfe i varme strøk eller å spele beachvolleyball når det faktisk er sol?

Ja, slike drømmer fekk oss tre til å søke om utveksling til byen med palmar og bølgjer. Slike drømmer fekk oss til å seie: sånne store mengder penger har vi lyst til å bruke for å komme oss dit.

Prosessen sjølv, å søke, er super greit. Som alltid betyr det mykje papir og hauger av informasjon, men Hey, vi lever berre ein gong og det er sikkert verdt det.

For å kunne studere i USA, må ein søke om visum og støtte, ein må ha språkkunskaper (dersom vitnemålet er eldre enn 5år, er språktesten det neste steget) og ein må vere tålmodig. Det er mange ting som skal ordnast og dette tar tid.

Vi tre bestemte oss tidleg for å søke leiligheit allereie før vi dro til San Diego, sjølvom vi las om at det er lettast å finne noko når ein kjem fram. Heldigvis fann vi nokre nordmenn som kunne overgi deira leiligheit til oss. Etter ein «ja» frå den amerikanske ambassaden og betalinga frå Lånekassa, fekk vi då endeleg det vi ville høre: Klar, ferdig, gå!

 

«Ut på tur, aldri sur»

Denne herlege setningen har vel alle nordmenn hørt og vi tre som faktisk skal på tur har iallfall ingen tankegang til å bli sur. Det er jo palmer, strand og sol som ventar på oss. Jaja, og å lære nye ting mens vi koser oss. Flyturen tar ein stund bort dit, heldigvis har dei fleste flyselskap eit godt tilbud av filmer, slik at det faktisk gjekk kjapt over (etter 10 filmar var det då iallfall lite eg fekk med meg frå denne flyturen). Leiligheita er finare enn antatt og temperaturen som forventa: steikje, så varmt det er her.

I løpet av den første veka skulle vi finne ut kor skulen er, korleis vi kan komme oss dit, kva som er den nærmaste butikken og kor kjapt vi klarer å nå stranden. Vi bur på Pacific Beach, ein av mange bydeler. Det er utan tvil ein livleg bydel som ligger veldig nært kysten, har mange utesteder og grei avstand til sentrum. Vi valde å leie ein bil slik at vi ikkje er avhengig av den offentlege transporten, så er avstanden til skulen også blitt mindre (20min). Delt på tre er prisen også heilt ok.

Campusen til SDSU (San Diego State University) er svær og har plass til 35tusen studentar. På starten møter ein mange tyskarar, nordmenn og svensker. Då kunne eg eigentleg blitt igjen i Noreg, berre at det er ikkje så fuktig og større her.

Det var veldig greit å komme nokre dager tidlegare til plassen, der ein skal bu og studere. Det har blitt lettare å finne fram, ein blir meir vant til maten og oppførselen til amerikanere. Alt i alt føler ein seg allereie litt heime og mindre stressa. Samtidig veit ein ikkje kva for ein ny eventyr det er som ventar bak det neste hjørnet, som gjer livet spennande og underhaldende.

Å ordne RedID (stundentkort) er super viktig. Med dette kortet kan ein overleve på campusen. Den gir gratis tilgang til treningsenteret ved oppretting av «membership», den kan ladast opp med penger for å betale mat, drikke og utskrivingene og fungerer selvfølgeleg som ID. Det er mogleg å bowle for 1$, så lenge ein vil og ein får mange tilbud dei første vekene når ALI (American Language Institute – dei er hovudansvarleg for alle internasjonale stundenter) arrangerer kule ting for dei nye studentene, som å sjå nye filmer på ein stor skjerm ute under open himmel, eller å sjå gratis American Football kamper.

 

Å vere student i Amerika er både kult og dyrt. Ein må ikkje berre betale semesteravgifta som er litt under 8000Dollar, men også alle praktiske fag. Dvs alle praktiske fag ein tar, har ein eigen avgift. Kvar einaste praktisk fag er verdt 2 studiepoeng i Noreg. Dersom ein skal ha 30 studiepoeng må ein altså vere super sprek eller må mikse med teorifag, som gir opp til 8sp. Vi valde å ta 9 praktiske og 2 teoretiske fag. Så hovudsakeleg betaler ein altså ikkje berre 8000 men 9000Dollar for å ha så mange fag som vi har. Lånekassa vil dessverre ikkje støtte dei ekstra utgiftene. Men hey, ein lever berre ein gong.

 

Så langt har vi hatt det veldig bra her, sjølvom utgiftene ikkje ser ut som å ta slutt, så føler vi at det er eit lys på slutten av tunnelen. Det må vere sola som viser seg mellom palmer ved stranden. Så oppsummert betyr det at det er kjempefint og varmt her og at vi trivast godt. Forhåpentlegvis ein god stund til.