Heime igjen

TEST!

Plutseleg var det januar og eg er på plass på Stord igjen. Sidan sist har eg hatt ein eksamen som gjekk over all forventning! Lærarane er tett på oss, og me er ei fin gruppe med studentar i klassen. Dette gjorde at eksamenssituasjonen var så behagelig som ein eksamen kan vere. No har eg ein eksamen igjen, sidan semesteret i Nederland varer til februar.

Den siste tida i Deventer brukte eg på å jobbe med eit sjølvvalt prosjekt. Resultat og det eg lærer frå dette blir det eg presenterer på neste eksamen. Ein medstudent og eg har fått moglegheit til å møte ei kvinne frå Sør Sudan som kjempar for menneskerettigheter, spesielt kvinners rettigheter, i heimlandet. Under vårt opphold i Deventer var ho også i same by for å «kvile» frå arbeidet i Sør Sudan som er både risikabelt og slitsomt. Vårt prosjekt dreide seg om å bidra til å gjere hennar kvardag i Nederland betre. Med det kunne me hjelpa ho med å laga ein arena for å fortelja hennar historie, laga ei workshop som ho kan bruka i heimlandet og ikkje minst å berre væra ein venn når ein kjem åleine til eit nytt land.

I tillegg har eg møtt ei venninne eg studerer med på Stord som skulle til Amsterdam og eg har reist litt meir! Eg fekk besøk av kjærasten min som var på utveksling med HVL i Portugal. Me hadde fine dagar i Deventer, der det var julefestival. Deretter pakka me med oss alt og drog til Berlin. I Berlin var det julemarknad som stod øverst på prioriteringslista. Me fekk med oss fleire av desse i tillegg til andre severdigheter, historie og god mat før det var heim att til Norge.

Som sagt gjenstår berre ein eksamen frå oppholdet og eg er så heldig å få lov å ta den over videosamtale. Deretter blir det å overføre studiepoeng til studieplanen min. Krysser fingrane for at eksamen  går bra!

Godt over halvvegs

Hei igjen!

Kvardagen har for alvor meldt seg på utveksling, noko som kan vera både fint og litt hardt. For min del føler eg meg heldig som studerer utenlands. Fordi med det høyrer forelesingar, ein klasse å vera ein del av og nokon som forventar noko av meg. På den andre sida skjer det ikkje veldig mykje utanom, på den sosiale fronten. Som eg har nemnt tidlegare krev dette meir initiativ av meg. Heldigvis svarar deg seg med den innsatsen. Eg har fått både Nederlandske venner, og venner frå andre plassar i verden. No prøver eg å fylle kvardagen med både sosiale aktivitetar, men også med studie og eigentid.

Før eg reiste på utveksling hadde eg ein forventning om å ha frihet og moglegheit til å reise litt rundt. Eg elskar å reise og å oppleve nye plassar og byar. Med kjæreste på utveksling i Portugal har behovet for å reise litt rundt vært ekstra sterkt. Desse faktorane har resultert i litt reising: ein togtur til Paris for ei langhelg, ein høstferie i Porto og Viseau i Portugal, eit besøk av bestevenninna mi her i Deventer og tur til Amsterdam saman. I tillegg har eg besøkt fleire byar i Nederland saman med venninnene mine herfrå. Det har vært fint å sjå igjen nære og kjære, få anerkjennelse for den ein er, ha moglegheit til å snakke litt norsk igjen og til å tulle og tøyse uten å måtte forklare sin eigen humor.

På den andre sida har eg no studert her i over to månadar. Alt går på engelsk. Eg vil seie sjølv at engelsken min var gjennomsnittleg når eg reiste ned. Skriftleg klarte eg meg godt, munnleg var eg litt treigare. Om eg får seie deg sjølv er eg blitt betre, men best av alt; meir avslappa. Det er fint å kjenna på. Eg tenker ikkje lengre over, og stresser ikkje med, at undervisning foregår på engelsk og på onsdag har eg min fyrste munnlege eksamen. Dagane går derfor i studering, reflektering og klargjering til presentasjon. Eg er spent på korleis det vil gå, og skal oppdatera her korleis opplevelsen er.

Fram til det håpar eg dykk har ein fin haust. Hausten i Nederland byr på fine fargar, mykje godt opphald i veret og fin belysning i bykjernen. Eg er eit haustmenneske og nyt den i ny by.

Grip sjansen!

For tredje gong er eg utanlands i forbindelse med lærarutdanninga mi på HVL Stord. Dette semesteret er eg i Deventer, ein by i Nederland. Her studerer eg på Saxion University of applied sciences. Tidlegare har eg vore både i praksis Tanzania i Afrika, og i Danmark på nabospråkskurs. No tar eg fyrste semester av siste året mitt på grunnskulelærarutanninga (GLU 5-10) på utveksling i Deventer. Her studerer eg Global Citizenship in Education (skal tilsvara samfunnsfag).

Som dykk forstår er eg både reiseglad og eventyrlysten. Eg grip gjerne sjansen til å reise når det er i samarbeid med utdanning eller liknande. For meg handlar dette om å få reise med mål og meining, under ordna forhold, og ofte billegare enn ferieturar. I tillegg får ein moglegheit til å bli kjend med nye plassar, folk og kulturar, berre gode grunnar! Eg er 25 år, kjem i frå Bømlo, lett å bli kjend med, smilande og åpen. Ein engasjert student som likar både fjellturar, sjø, avslapping, innekos, familie og venner.

I dette innlegget vil eg fortelje litt om søknadsprosessen før utveksling,  kvardagen i ny by og litt opplevingar av studiet så langt. La meg starte med det fyrste: Interessen min meldte seg allereie fyrste året, fyrste gongen me fekk høyra om moglegheita. Australia, USA og Asia frista umiddelbart. Fram til vårsemesteret i tredjeklasse tenkte eg ikkje meir på det, men eg visste eg ville. Dei samme landa dukka opp igjen, men eg var heilt åleine om å søke frå mi utdanning og desse landa krevde at eg måtte setja saman min eigen studieplan og få den godkjent.

Etter samtalar med Helene som jobbar på utvekslingskontoret, fekk eg anbefalt studiet eg studerer no. Eg fekk veta at læraren som var med oss til Afrika, ein dyktig og engasjert lærar, hadde vært i Nederland og «starta» samarbeid med Saxion. Dette var ein pakkeløysning som var klar og godkjent. I tillegg noko eg kunne få bruk for som lærar. Ikkje minst stolte eg utruleg mykje på engasjementet til læraren. Må også nevne at Erasmusstipendet frista veldig, eit stipend ein får i tillegg til det frå lånekassen. Søknadsprosessen var noko innvikla og tung, men eg fekk mykje god hjelp frå Helene! Det blei utan tvil verdt det! Så til dykk som vurderer det: berre stå i det, og spør om hjelp!

At eg hadde eit pakka og klart utdanningsprogram klart for meg gjorde at kvardagen i ny by og opplevelsen av studiet var bra med ein gong. Saxion er ein passeleg stor skule, men me er ein liten klasse. Me er tett oppfulgt av lærarane og dette gjer at det er lettare å bli kjend med folk og eg føler med ivaretatt. Me har ikkje dei tradisjonelle pugg-og-husk-eksamenane, men blir vurdert ut i frå eige refleksjonsnotat og eit prosjektarbeid. Eg bur i studenthybel der eg deler kjøkken, toalett og dusj med fire andre jenter, det er heit greit! Eg bur  15 min. gange frå både skule og bykjerne og 5 min. frå togstasjon. I byen bur det i underkant av 100 000 personar, og det er utruleg koselig her!

Akkurat no slit eg litt med å lasta opp bilder, så dei kjem seinare!

Håpar selvfølgelig nokre finn dette både interessant og inspirerande. Eg blir glad for alle tilbakemeldingar og spørsmål angåande det eg har skrive. Meir vil komma etter kvart.