Turistar i egen by

Besøk ifrå Noreg er alltids kjekt, denne helga var det Kim sin tur til å få besøk. Fysioven, slektning og kamerat Arnstein Linge Storås tok turen frå iskalde Kongsvinger for å varme seg på eit par Guinness. Først ut var ein tur på Viking Splash Tour, her vert ein frakta rundt på eit skip som går like godt på land som på vatn (Askeladden hadde vore stolt). Turen skulle omhandle vikinghistoria til Dublin, mesteparten av tida gjekk imidlertid med til å skrike etter folk på gata og le av dei tørre vitsane til guiden. Det kulaste var at «bussen» også kunne køyre i vatn, dermed fekk me oss ein luftetur i Dublins havneområde.

Viking Splash Tour

 

Etter ein lang dag med vandring i byen og skutekos bar vegen vidare til Guinness Storehouse. Her får ein ei museumsoppleving knytt til historia og produksjonen av Irlands mest karakteristiske varemerke, nemlig Guinness mjød. Ved endestoppet kan ein nyte ein Guinness i toppen av eit tårn med panoramautsikt over heile byen.

På innsida av Guinness Storehouse

 

Allereie uka etterpå vart det Mari sin tur å få småfint besøk. Nemleg av mams og paps. Ho bestemte seg likegodt for å ta dei med på ein av Irlands mest kjende naturopplevingar, Cliffs of Moher. Her møtes dei av solskinn, bratte klipper og ope hav så langt auget kan sjå.

Dei vakre omgivnadane har ført til at Cliffs of Moher er ein populær stad å ta i bruk for filmskaparar. Blant anna kan dei sjåast i den sjette filmen av Harry Potter sagaen; Harry Potter og Halvblodsprinsen.

På vegen tilbake til Dublin by stoppar dei også for å sjå noko som vert kalla «The Burren», eit stort område langs Irlands Vest-Kyst som karakteriserast av det spesielle steinlandskapet.

The Burren

 

Ein kald haustkveld på Trinity College sit Kim på rommet sitt i tredje etasje å gjer skulearbeid/ser på netflix og anar fred og ingen fare. Plutseleg flyg det glasbitar rundt i heile rommet og veggane dirrar; Kjem russarane no? Har Dublin blitt utsatt for eit terrorangrep? Neida, det var visst berre ein fotball som kom flygande inn vindauget. Likefult set Kim igjen med langt meir en kvilepuls (og den er ikkje lav i utgangspunktet), det heile vert betre når Mari kjem inn å hjelper med å rydde og støvsuge (#wifematerial).

 

Det er helg igjen no og tid for nytt besøk. Denne gangen vart det begge to sin tur, Mari har besøk av søstra si og kjæresten medan Kim har besøk av partysvensken Viktor. Laurdag går turen til kystbyen Howth, her er dei kjent for fiskemat og fine turområde. Dagen består av ein lang spasertur langs kysten etterfulgt av ”fish ´n chips” og rugbykamp på ein lokal pub.

Howth
«Berre synd at ikkje alle er like flinke til å posere som meg» – Kim

Skule, venar og klippevandring

Som nemnt i førre innlegg har vi all undervisning på St James’s Hospital, mesteparten av timane vert haldne på eit benkerom. Der set vi med flektert haldningsmønster over benken eller med notisboka i fanget og lengtar tilbake til HiB sine nymoderne fasilitetar. Til tross for at undervisningslokala er noko gamaldagse for eit par bortskjemte nordmenn vert vi tatt godt imot av både medstudentar og lærarar. Klassa vår består av 32 elevar, noko som er under halvparten av det vi har i Bergen, dermed er det ein samansveisa gjeng som er lett å gli inn i (visst det er lov å seie). Lærarane våre er meget dyktige og undervisningsopplegget er godt, sjølv om engelsk med irsk aksent til tider kan gå litt for raskt for to trøtte sunnmørstryner.

Hovudinngangen til St. James’s hospital. Her trer vi inn kvar morgon svoltne på ny kunnskap

Etter endt skuledag spaserar vi gjennom Dublins travle gater tilbake til Trinity campus, denne skulevegen er ikkje som alle andre. I løpet av 30 minutt får ein sjå både Guinness-fabrikken, utallige katolske katedralar, irske pubar og store saueflokkar med turistar. Vel heime går vi som regel rett inn på kjøkkenet for å lage taco eller irish stew, her møter vi ofte våre sambuarar Connor, Bran-Flakes og Shannon. Sambuarane våre kjem vi svært godt overens med, vi skrattar og ler og kosar oss medan vi et.

Gjennom «international society» meldar me oss på ei klippevandring frå Bray til Greystone, denne vandringa går langs irskekysten og gjev utsikt utover havet og bratte irske klipper.

15311020_10157995304465724_326631455_o

Her vert me kjend med eit knippe kjekke internasjonale studentar,  ein gjeng jenter frå Sverige og nokre gutar frå Sveits. Desse prakteksemplara av menneskearten skal vise seg å bli gode venar av oss. Saman med denne gjengen har vi funne oss ein stampub for irsk musikk og stemning, «The Brazen Head» er også Irlands eldste pub (red.anm. år 1198 e.kr). Puben blei altså bygd berre ein handfull generasjonar etter at vikingane reiste frå Irland. Det var forøvrig norske vikingar som grunnla Dublin rundt år 840 e.kr.

 

Dubliners

Bedre seint enn aldri (tekniske problem)

Hei, og hjartleg velkommen til Kim og Mari sin Dublin blogg. Her kan du lese om korleis livet er som Erasmus-student i fagre Irland.

Klokka er 04:00 ein onsdags morgon, alarmen ringer, Kim har sove i ca. 45 minutt ettersom han generelt sett er ein strukturert herremann. Herfra går turen i pirat-taxi (takk Mali) til Bergen lufthavn Gardermoen heheh, neida Flesland seff, men eg skulle ta fly til nettopp Gardermoen for å møte min reisekompanjong Mari ”marfle” Flem. Vi møttes på gardermoen over kaffi og ein bolle før flyet gikk frå Noreg til Dublin.

Det er tåke på gardermoen denne dagen, dermed er avgangen noko forsinka, i tillegg har ein flokk irriterande fuglar forvilla seg inn på rullebana, dei vert jaga av ein kar i refleksvest og hagle (forhåpentligvis med lauskrutt seier Mari).

Omsider framme i Dublin får vi lempa baggasjen vår inn i eit midlertidig lokale, vi får ikkje flytte inn på romma våre før Laurdag. Dermed set vi oss på første tog mot Belfast og bookar oss inn på eit ungdomsherberge (skriv hostel kim, herregud – Mari).

Første måltid i Dublin før avreise til Belfast
Første måltid i Dublin før avreise til Belfast

På hostelet blir vi godt tatt imot av ein gjeng frie sjeler frå alle verdas hjørner, her blir vi buande på 8-mannsrom dei neste 3 dagane. Titanic Museum, Black Taxi Tour, Ulster Museum og ein meget velduftande botanisk hage er nokre av opplevingane våre her. Black taxi tour er ei historisk guiding gjennom Belfast som omhandlar den tragiske feiden mellom IRA og England (The Troubles). Fredag er siste kveld i Belfast, tilfeldigvis innehar denne fredagen kanskje årets happening, nemlig Culture Night. Culture night betyr: gratis konsertar på alle gatehjørner, eit yrande folkeliv, kunstutstillingar og diverse kulinariske opplevingar. Det er forresten tillat å nyte alkoholiserte drikkevarer i gatene denne dagen, noko Kim og Mari sjølvsagt ikkje ville være med på. Med skitne kle i sekken og ein over middels bakrus set vi oss på ein svett buss frå Belfast tilbake til Dublin, det skal også seiast at vi no er nokre opplevingar og facebook-vener rikare.

Eit av dei mange kjente veggmaleria til minne om "The Troubles"
Eit av dei mange kjente veggmaleria til minne om «The Troubles»
Minnesmerke til ære for Bobby Sands, det første IRA-medlemmet som døde under sultestreik i Maze fengsel
Minnesmerke til ære for Bobby Sands, det første IRA-medlemmet som døde under sultestreik i Maze fengsel

Vel framme i Dublin brukar vi nokre timar på å hente baggasje, finne nøklar og innstallere oss i den nye hybelen. Litt tid går også til å låse oss ute frå romma våre, kun for å havne på godfot med sikkerheitsvaktene på campus sjølvsagt.

Veka som følgjer vert kalla ”Freshers Week”, dette kan samanlignast med fadderveka heime i Noreg. Forskjellen er at ein ikkje vert delt inn i faddergrupper etter klasser, ein må melde seg inn i ”societies” (red.anm. heretter: klubbar). Dei ulike klubbane har sosiale samankomster, turar og klubblokaler ein kan nytte seg av både under Freshers Week og seinare. Kim meldte seg inn i squashklubben, volleyballklubben, internasjonalklubben, historieklubben, filosofiklubben, europaklubben og fjellturklubben. Om han gjorde dette fordi han er genuint interessert i alt dette, eller om han berre er over snittet glad i øl og nye bekjentskap får tida vise. Mari meldte seg inn i sjakk-klubben, matteklubben, IT-klubben, strikkeklubben og Irlands svar på kvinnegruppa OTTAR. Ho gjorde det fordi ho er genuint interessert i alt dette (pun intended).

Yrande folkeliv på campus under Freshers Week!
Yrande folkeliv på campus under Freshers Week!

Det vart nokre dagar på ”druen” under freshers week og vi vart kjent med ein del kjekke medstudentar. Utanom festlegheitene var det også ein del informasjonsmøter, orientering og omvisning rundt på campus.

"På druen i Dublin"
«På druen i Dublin»

Trinity College Dublin er eit av dei eldste universiteta i verda, grunnlagt i 1592. Dette bær arkitekturen på campus preg av, det heile minnar igrunn om ”Galtvort” frå sagaen om Harry Potter. Campusområdet fungerer derfor både som museum, turistattraksjon og undervisningsareal. Vi tykjer vi er heldige som får bu sentralt på campus i disse omgivelsane.

Campus på Trinity ser slik ut, Harry Potter (Kim) og Hermine (Mari) vert buande i bygget i midten.
Campus på Trinity ser slik ut, Harry Potter (Kim) og Hermine (Mari) vert buande i bygget i midten.

Undervisninga foregår forøvrig på St. James’s Hospital. Ein liten spasertur og trikk i ca. 15 minutt er alt som skal til for å komme seg til sjukehuset frå campus.