Det Indiske hav

Dykking

Etter eit par snorkleturar har me hatt lyst på eit djupare dykk. Sist helg fekk me tid, men sidan det var lenge sidan me begge hadde dykka måtte me starte med eit refreshment-kurs. Dette fekk me gjort på Padi open water dive som er lokalisert ved White Sands hotel. Etter litt teori og oppfrisking av gamle kunnskapar i basseng var me klare for og prøve oss i sjøen.

CIMG4951

Me tok ein stor gummibåt ut forbi Mbudja øya saman med seks andre turistar og to guidar. Etter sjekking av utstyr (både ein og to gongar) var det ut i sjøen og det tok ikkje lang tid før me var på havbotn og svømte blant fiskane. Det var mange flotte fargar som møtte oss og me såg mange artige krabatar. Nokon av dei var angelfish(froskefisk), parrot fish, suregeon fish, stingray, leaf fish(liknar løv), pepperd mooray(kvit ål), starfish mm.

IMG_1329

Lokalt selskap

Denne helga var me og på middagsbesøk hos Achiles saman med Florian. Selskapet tok plass i Ubongo på Achiles bar og på menyen stod kitimoto med ugali, namnam!

CIMG4946

Etter middag, pilsing og biliardspeling gjekk me innom huset til Achiles. Det låg i eit koselig lokalt nabolag fullt av småborn som ropte Mzungo og «who-wha» når me kom gåande(dei trudde me var frå Kina). Heime hos Achiles fekk me helse på dei seks andre familiemedlema som budde der. Det var ein ganske fin heim med både kjøkken, strykebord og jern(viktig i Tanzania), vifte, tv og det som meir var.

IMG_1311

– Silje og Mari

CCBRT Community Rehabilitation Kilimanjaro, 25 februar-3 mars

Sidan CCBRT har ei avdeling i Moshi, valde me og besøke den ei veke for og sjå korleis ting fungerte der. Avdelinga starta opp i 1996 og har i dag 45 ansatte. Det er ikkje eit sjukehus slik som i Dar es Salaam, men eit community rehabilitation program der barn med funksjonshemmingar under 18 år får behandling. Sidan visaet vårt ikkje lar oss å jobbe i Moshi har me berre observert denne veka.

CIMG4805

Mandag

Dagen starta med at Sabas, ein av fysioterapeutane gav oss ei omvisning på avdelinga som består av bl.a ergoterapeutar, fysioterapeutar, rullestolspesialistar med eigen workshop, lokoped, fieldworkers og administrasjon.  Dei har og 6 små hus som kvar rommar 3 vaksne og 3 barn. Desse vert brukt under intensive veker som blir arrangert omlag 1/mnd for ulike pasientgrupper. Då bur mødrer med barn der og mottar intensiv behandling i ei veke. Dette er eit veldig bra tilbod, der også sosiale aktivitetar er viktig.

CIMG4781

Etterpå var me med Sabas og Shedrack(ein anna fysioterapeut) og observerte når dei undersøkte og behandla “outpatient”. Dette er pasientar som bur i området rundt Moshi og som kjem til avdelinga for og få behandling. Det fine med bahandlingsrommet var at hjelpemiddela og leikene er laga av enkle materiale som td. plankar og bruskorkar slik at det også er råd for foreldrene og ta dette i bruk heime.

CIMG4783

Tirsdag

I dag var me med Rustone, ein av feltarbeidarane på BCC besøk. BCC står for “Building Caring Community”, og er ein av CCBRT sine samarbeidspartnarar.

Njorao var den fyrste avdeling me var på. Dette fungerer som ein “dagheim” for barn med funksjonshemmingar. Eit bra tilbod for foreldrene slik at dei har moglegheit for og jobbe. CCBRT si oppgåve her er og spre informasjon om barn med funksjonshemmingar, samt gje råd og øvingar som foreldrene og dei ansatte i BCC må følge opp.

Etterpå gjekk turen vidare til ein skule der 8-10 barn med mentale funksjonshemmingar holdt til. Treninga føregjekk i eit klasserom, der nokon av øvingane var skulebassert og andre meir fysiske. Barna var veldig søte og stornøgd når dei mottok applaus frå dei andre etter å ha skrevet bokstavar og tall på tavla.

CIMG4771

Onsdag

I dag var me med Shedrack og Ruth (sjefen sjølv) til eit feltbesøk i Rombo, nærmare bestemt Mashami. Det låg ca 1,5 t kjøretur frå byen, nær grensa til Kenya. Dette var ei avdeling for barn og vaksne med funskjonshemmingar. Me var med Shedrack og undersøkte barna og gav øvingar til foreldrene.

IMG_1198

Torsdag

I dag byrja dagen med eit mnd. møte som er ei oppsummering av mnd som var og førebuing for mnd som kjem. Møtet vart opna med sang og dans, etterfulgt av bønn.  CCBRT har heile tida fokuset på og forbetre seg og det vert stadig vekk planlagt trening for dei ansatte og av feltarbeidarane.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til CCBRT er og informere og tilby god behandling for barn med funksjonshemmingar. Desverre er det slik i Afrika at det blir sett på som at Gud har straffa deg når du får eit barn med funksjonshemming. Dette fører ofte til at barn blir forlatt, bortgjøymd og sett på med skam. Dei mest stillte spørsmåla me får av foreldrene er “kvifor er barnet mitt slik” og “vil barnet mitt bli normalt”, så mykje av arbeidet går ut på og informere.

Møtet vart avslutta med markering av alle som hadde hatt burdag i februar, 9 stk. Så det var heile 9 bursdagskaker og 9 bursdagssongar. Resten av dagen var me med Shedrak og undersøkte “outpatient”.

IMG_1207

Fredag

I dag har det vore clubfoot-clinic og me har vore med og sett undersøkelse, gipsing og oppfølging av barn med klumpfot. På CCBRT brukar dei Ponseti metoden som har vist seg og ha best effekt.

CIMG4836

Når eit barn kjem inn med klufot startar dei med og undersøke og score utfallet. Deretter vert gips påført i 5 omgongar, og det er ny scoring for kvar gong. Gips 1-4 er på i ei veke, og ny gips vert påført same dag som forrige er tatt av. Før 5 gipsing vert akillessena kutta og ny gips blir påført i 2 veker. I laupet av denne tida har sena grodd seg fast og klubbfoten har blitt retta opp. For og hindre at foten skal gå tilbake til utgangspunktet vert spesialsko brukt. Dei første 3 mnd vert skona brukt i 23 timar kvar dag. Deretter vert skona brukt om natta fram til barnet er 4 år. Dess yngre barnet er når det kjem til behandling, dess bedre blir utfallet.

     CIMG4840 CIMG4831

Sosialt og løye

Moshi har mykje og by på, forutan om nydelig natur så har me truffet tre vernepleiarar frå Hib som har praksis her. Mari Ann, Christine og Nina har tatt oss med på dei beste eteplassane, bassengplasking og på Glacier. Til helga kom også Henrik(fysioterapi student utplassert i Haydom), så då hadde me felles middag hos jentene- kos!

CIMG4765

På søndag vart oppholdet vårt i Moshi avslutta med og springe halvmaraton. Det var ein stor fysisk anstrengelse, men me hadde trent godt på forhang og var klar for laupet. Stor folkestemning, musikk og ei god vennine ved sida av seg gjorde at me greide å kjempa oss opp bakkane dei 10,5 fyrste km. Vegen heim igjen var «leikande lett» i forhold sidan dette berre bestod av nedoverbakkar, men tungt var det.

CIMG4870

Mari stupte bokslavelig talt i mål. Kombinasjonen dårlig mage, lite væske, varme og 21 km førte til oppkast, black-out, magesmerte og kraftig dehydrering. Ho vart kjørt med sjukebil til KCMC kor ho tilbrakte 10t på akutten. Det vart ingen øl i dag, men 4 posar internavøs gjorde susen. Ho er no tilbake på beina og me er attende i Dar es Salaam for og fullføre praksisen vår her.

IMG_1271

Kazi kubwa sana!

– Mari og Silje

Våre dagar ved CCBRT Disability Hospital vol. 1!

No har det gått nokre veker utan oppdatering frå arbeidet vårt på sjukehuset. Kva er det egentlig dei fleste dagane våre forsvinne til her nede? Allright, her kjem novellene som skal oppsummere det!

Volum 1 oppsummerar spesielle hendingar som vi har fått tatt del i med gjengen på sjukehuset!

Teambuilding!

– Getaway med rehabilitation-gjengen

CIMG3847

For nokre veker sidan hadde vi eit luksuriøst todagersopphald på Jangwani Sea Breeze saman med heile rehabiliteringsavdelinga på CCBRT disability hospital. Her var alle fysioterapautane, ergoterapautane, protese- og ortoselagarane, resepsjonistane og nokre av feltarbeidarane samla. Målet var å finne ut korleis me skulle gje pasientane våre best mogeleg behandling ved hjelp av tverrfagleg samarbeid. Det var då særleg fokus på pasientar med CP, amputasjonar og PIP(Post-injected-palsy).

Faglege diskusjonar og førelesningar, samt konkurransar og leikar vart gjennomført for å skape betre kontakt mellom dei ulike profesjonane.

CIMG3868

På eit konferanserom med aircondition, som absolutt er eit behov i varme Dar, satt vi i to dagar og diskuterte kva for behov pasietane har, kven som hadde ansvar for kva og korleis vi ville samarbeide med kvarandre og ellers med legar og leiing på sjukehuset.

Ein merkar at slike diskusjonar går svært langsamt her nede, og det frustrerar oss litt kor lite effektive og energiske folk er her nede. Alt føregår i polepole(=sakte) tempo. Vi har lagt til vurdering at det er varmen som slår folk ut, for det merkar vi iallfall veldig godt på oss sjølv! Det kom nemleg fram mange gode forslag og lure idear under denne getaway’en, men grunna manglande energi blei desse gode planane framført for legar og leiing når me var tilbake på sjukehuset,  med mindre entusiasme enn kva som fengar eit publikum.

På eit fomlete vis, klarte dei likevel å få fram sine poeng, og legar og leiing var positive til vidare diskusjonar og utvikling av eit endå betre samarbeid enn det som allereie er. Det blir spennande og sjå utviklinga. Også med tanke på at sjukehuset er under restaurering og rehabiliteringsavdelinga skal få eit nytt lokale!

Utenom dei litt langsame diskusjonane var det veldig hyppig med vitsepausar, bli-kjent-leikar og matpausar. Hotellopphaldet var all-inclusive og vi boltra oss i mat, samt hadde vi ei king-size seng!

IMG_0222

 

At leiking og forståelse av reglar ikkje er så viktig her la vi fort merke til då ein spelte volleyball med 10 stk på kvart lag, to touch var lov og den som tok i ballen sist fekk serve.

 

Men, moro var det og vi fekk i løpet av dette opphaldet endå betre kontakt med dei vi jobbar med.

CCBRT STAFF PARTY

IMG_0220

1.februar var dagen for det årlege CCBRT staff party! Det fungerte som det vi kalla for blåtur heime i Norge. Det har vore gjetord om festen sidan vi byrja og jobba på sjukehuset og dei ansatte har gleda seg som nokre ungar. Vi skjønte fort kvifor. Klokka 09.00 gjekk bussen frå CCBRT og den endte på Kunduchi Beach Hotel.

Det som møtte oss her var nok ein gong ei svær kvit strand, beachbane, palmar, svømmebasseng, gratis middag og gratisbongar for øl. Her var det full rulle med afrikanske rytmar ute på beachen, sjefane stod og rista på rumpa under palmeparasollane og andre stod og sentra ball i heten. Moro. Det heile toppa seg etter middagen då det vart gjennomført konkurransar i sekkeløp, musical chair(=stolleiken), fang høna, 100 meter sprint, eggeløp og dansekonkurranse. Topp stemning!

CIMG3921

Fang høna var vår favoritt. Dette var delt inn i fleire grupper(menn under 30, menn over 30, kvinner under 30 og kvinner over 30) fordi det var så populært og fordi det skulle vere nokolunde likt nivå på dei som starta ilag. Dei som greide å fange høna fekk ta den med seg heim! Stas.

CIMG3907

CIMG3901

CIMG3946

Desse to hendingane har vore ein del av vår arbeidskvardag, resten av vekene har vi vore stasjonert på sjukehuset og jobba der – meir om det kjem i vol.2! To be continued…

Tutaonana

–          Mari og Silje

Dyra i Afrika

Fleire helger har gått og den 8-10 februar var me i  Selous på safari. Me reiste saman med ein lokal ven, Obyjr og tre radiograf-vener frå HiB.

IMG_0568

Fredag

Me vart plukka opp på døra av guiden vår, Paul i ein skikkelig safari-truck. Turen sørover tok omlag 5 timar, der 3 av dei var på ein dårlig landeveg. Me kom fram til “hippo-camp” etter det var blitt mørkt, så det var ikkje mykje og sjå bortsett frå ein utrulig flott stjernehimmel. Ellers var det mange nye lydar i jungelen frå grashopper, skvulping frå elva som låg rett nedenfor campen og skrika frå “bushbabyane”(nokre ekorn/apeliknande dyr med store auger).

IMG_0405

Laurdag

Dagen starta kl 06.00. Etter ein betre frukost var det avgårde til Selous game reserve, Mtemere gate. Allerede på veg der til såg me fleire hjortedyr og medan me venta på og sleppe inn i parken såg me giraffane vandre i horisonten. Då me slapp inn i parken vart me ståande og speide etter dei fem store. Me fekk sjå tre av dei: løve, elefant og bøffel. Ellers såg me bavianer, villhundar, hyener, vortesvin, sebraer, waterbag, krokodillar og flodhestar mm.

CIMG4178

CIMG4218

I 2-tida var det tilbake til campen for og ete lunch. Etterpå venta ein båtsafari. Her hadde me ein flink guide som fortalde oss om alt som vaks rundt og levde i elva Rufiji. Det var deilig og være i båt og nyte kveldsola. Det var heller ikkje feil og tilbringe solnedgangen saman med flodhestane.

IMG_0729

 

Resten av kvelden vart tilbrakt på campen saman med eit par kalde. Me vart sittande og mimre over dagens opplevingar og høyre på at Obyjr fortalde om afrikansk kultur. Mzuri sana!

Søndag 

Denne dagan var me på walking safari i området rundt Hippo-camp. Guiden vår var ein lokal “bush-man” som kjente jungelen godt. Han starta ferda med og røyke elefantbæsj, noko som skulle hjelpe han og finne vegen heim igjen. Ellers kunne han mykje om plantene og om dyra som budde i jungelen. Han lærde oss også å klatre i tre, bruke bush-mobile og å lage feller som kunne fange kaniner og småfuglar.

CIMG4080

På turen fann han mykje rart som han putta i munnen og han gjentok fleire gonger at alt bavianane åt kunne også me ete. Etter fleire tilbod tok me til slutt motet til oss og smakte på nokre bær. Gode var dei, men angreren kom etterpå då det byrja og stikke i leppa og brenne i brystet, samstundes som spryttproduksjonen auka enormt. Heldigvis gav det seg etter 15-20 minutt, men me fall ikkje for fristelsen til å prøve fleire ting.

Dersom du ynskjer å reise til Selous på safari, kan Obyjr hjelpe deg. Email: obyemarila@hotmail.com, tlf: +255715842221/+225712097990

 

– Silje og Mari

Helgekos vol.2

 

IMG_0039

Torsdag 24.januar

Dei to største fotballaga i Tanzania, Simba sports club og Yanga, er stasjonert i Dar es Salaam. Dar es Salaam national stadium, som er deira heimearena, rommar heile 60 000 tilskodarar. Denne dagen tok Simba imot eit Sør-Afrikansk lag, Black Leopards, og me reiste for å sjå denne store begivenheten med to lokale vener, Isaac og Oby. Framkomstmiddel for å komme seg der til var ein Dala-Dala, men med traffic jam, mykje svetting og med 15 minutt utan rørsle i trafikken, bestemte me oss for å hoppe av og ta vår jomfrutur på ein Piki-Piki. Dette er motorsykkeltaxiar som snik seg over fortau og mellom bilar og er det mest effektive framkomstmiddelet i rushtida. Det var ein luftig og spennande opplevelse og me kom oss heilskinna fram til stadion. Her kosa me oss med leikandes afrikansk fotball, diverre enda kampen i Sør-Afrika sitt favør.

IMG_0051

 

Fredag 25.januar

Denne dagen var ein muslimsk helligdag, og me valde difor og ta ei langhelg til Morogoro. Bussturen nordover tok omlag 3 timar. Dette gjekk fort då me fekk oss ei lita vennine på bussen som holdt oss med selskap.

IMG_0054

Mtoto – rafiki!

Då me kom fram til Morogoro sentrum skjekka me inn på Hotel Oasis. Deretter møtte me Mathilde, Inger Helene, Elisabeth , Åse og Ellen på turistkontoret. Her fekk me ordna oss ein guide til fjellturen som me hadde planlagt på laurdagen.

Etterpå åt me ein betre middag med jentene. Resten av kvelden vart brukt til billiardspeling på hotellet. Silje visste seg og vere litt av ein spelar, og gjestene kom på tur for og utfordre ho. Kvelden vart avslutta med og slå hoteleigaran i biljard, flott det!

 

CIMG3702

Silje godt nøgd med Morogoro; litt vind, flott natur og ikkje minst fjell i sikte!

IMG_0070

Laurdag 26.januar

Kl.06.30 møtte Guiden vår, Emanuell oss ved hotellet. Her frå gjekk turen vidare opp til Uluguru mountains, nærmare bestemt Lupanga peak. På veg opp gjekk me gjennom Kimbwe Village som låg høgt oppe i fjellsida. Det er fleire landsbyar oppe i desse fjellsidene, og folka som bur her høyrer til Luguru tribes, derav navnet Uluguru mountains. Vi fekk høyre mykje om denne stammen og noko som vi tykte var ein interessan detalj var at her var det kvinnene som hadde odel! Girl power! Foruten om flott natur såg me bla. apekattar, grashopper, kamelon, mange flotte fuglar og eksotiske frukttre på turen. Til bakgrunnsstøy hadde me skogens eigen musikk – safi sana!

Stien oppover var smal og bratt, noko som gjorde at både armar og bein måtte takast i bruk. Etter omlag 4 timar med heftig svetting (ny pers for Mari som vridde shortsen opptil fleire gongar) var me endelig framme på toppen som låg 2189 moh. Utsikta på toppen var ikkje mykje og skryte av, men kvikk lunchen som me hadde medbrakt frå Norge har aldri smakt betre.

Turen ned var minst like utfordane som vegen opp sidan stien var såpass bratt. Etter ein del nesten ulykker kom me oss heilskinna ned igjen. På veg gjennom landsbyen skimta Silje eit “Jack-fruit” tre, ei frukt ho lenge har sikla etter å få smake. Eigarane såg dei store augene hennar og inviterte oss bort til huset. Her blei frukta hogga ned frå treet og delt mellom oss og familien som budde der. Det var ei søt og god frukt som kjem til og bli eten fleire gongar. Vi vart igjen veldig positivt overraska over kor hyggeleg og imøtekommande Tanzanianarane er, her skal alt delast og alle er velkomne!

Når me kom tilbake til Morogoro sentrum unna me oss ein velfortjent is, før me åt indisk middag på hotellet. På kvelden traff me Mathilde, Inger Helene, Elisabeth og Luke på “Camel bar and lounge”. Her fekk me nyta eit par kalde til fotballkamp og livemusikk før kvelden kom sigande på.

CIMG3793

 

 

 

CIMG3794

 

Der var vi, 2189 moh, Lupanga peak!

 

IMG_0129

 

Piknik over skylaget. Siste stopp før siste etappe mot toppen. Lite visste vi om at dette kom til å vere den siste plassen vi fekk utsikt, for….

 

CIMG3746

 

….toppen såg slik ut. Og her var det ingen utsikt! Vi klatra opp i tårnet i håp om å sjå meir. Vi strekte hals som giraffar, og fekk såvidt eit glimt over tretoppane av ein annan fjelltopp i Uluguruflokken, men det var alt. Litt nedsig.

 

CIMG3766

 

Jungelen bydde på mange lydar, og desse gresshoppene står nok for ein stor del av dei!

 

CIMG3783

 

 

Kameleon kamuflert som eit råttent blad. Facinerande!

 

IMG_0173

 

 

Lærer seg å ete jack-fruit saman med dei lokale. Bruk av olje er viktig for å unngå å bli for klissete på fingrane.

 

CIMG3808

 

Leande bestemor syns det er stas å ta imot gjester og dele frukt! Om latter forlenger livet, så lev ho her herlige dama lenge!

 

CIMG3810

 

Ein artig kar kom innom med noko rart på hovudet. Det tok litt tid før vi skjønte at det var ein sprettert. Når vi spurte kvifor han hadde den på seg fekk vi som svar at «It’s for the birds». Kult.

Søndag 27.januar

Me vakna med verkande musklar og greide til slutt å stampe oss ned trappa på hotellet. Etter ein betre frukost var det klart for retur til Dar es Salaam. Helga gjekk veldig fort, men me sitt igjen med mange gode inntrykk av Morogoro!

Som ei fin avslutning på helga og som ein avskjed til Mari’s bror, Ola, tok vi oss ein tur på ein litt dyrare restaurant. Mediterraneo hotel  ligg rett på stranda, har månen som belysning, sjøbrisen som aircondition og gamle båtar som interiør(både vinskap og andre kreative løysningar). Dei  bydde på både steinovnsbakt pizza, spennande pastarettar og fersk fisk frå havet! Digg!

CIMG3824

Support-unit besøk!

CIMG3659

Som vi har nemnd tidlegare består CCBRT-programmet av det sjukehuset vi jobbar på og fleire småavdelingar ute i dei ulike bydelane. Desse vert kalla for support-units. Det er eit veldig bra tilbod, fordi dei fattige slepp å reise heilt til sjukehuset for å få god hjelp. Her vert det nemleg satt opp faste dagar i veka, der fysioterapeutar, ergoterapeutar og opptrente «field workers» følger opp pasientar som har vore på sjukehuset, ute i bydelane. Då kjem foreldrene med born og får opplæring i korleis borna skal behandlast, samt blir det vurdert om nokre vidare tiltak skal gjerast.

IMG_0036

Her er den eine CCBRT-bussen som viser dei diagnosane som blir mest behandla ved sjukehuset; augesjukdommar, klumpfot, amputasjonar, vesicovaginal fistula, hareskår, beindisformitetar som ekstrem varus(hjulbeint) og brannskadar.

CCBRT har 11 support-units rundt om i byen og ein dag i forrige veke fekk vi vere med å besøke Mtoni-avdelinga og sjå korleis det fungerte i praksis. Her var det blant anna born med klumpfot, ulike typar CP, forsinka motorisk utvikling og Downs syndrom.

På tynne madrasser inne i eit stort klasserom satt det tett i tett med foreldre og born på sine utbretta sarongar(=sjal). Som ein kan skjøne resulterar dette i eit relativt høgt lydnivå, men likevel verka det som om dei tok livet med ro og ikkje lot seg irritere. På tur fekk dei snakke med field workers(som er opptrent på behandling innan dei ulike diagnosane) eller terapeutar som tok ei undersøking, gjorde nokon øvingar og visste foreldra kva dei burde gjere vidare. Plutseleg kunne heile rommet også slå til med ein felles barnesang for å få borna i betre humør. Dette var både varmt, klamt, lærerikt og moro.

Utanfor dette klasserommet hadde dei eit stort område med heimelaga rullatorar i passande høgde til born, samt eit område der follow-up av klumpfotpasientane fann plass. Klumpfot er ein av diagnosane som CCBRT sjukehuset er spesialisert på og i 2012 hadde dei 243 pasientar inne for behandling. Det er derfor viktig at dei følger opp pasientane i ettertid for å sjå at det går i riktig retning og vurdere om pasientane eventuelt må henvisast tilbake til sjukehuset. Den behandlinga som føregår på sjukehuset har vi allereie tatt del i fleire gongar, men det kjem det meir om i eit seinare innlegg!

IMG_0021

Gutt med hemiplegi som trenar med heimelaga rullator.

CIMG3687

Etter behandlinga for klumpfot vert borna sendt heim med desse skoa. Desse vert brukt for å halde føtta i riktig posisjon. Først vert dei brukt både dag og natt, men etterkvart som borna byrjar og gå og alt ser bra ut på follow-up så vert dei kun brukt om natta.

CIMG3676

 

CIMG3661

Sjarmtroll!

CIMG3684

Tutaonana!
– Silje & Mari

Helgekos 18-20 januar!

Fredag

På fredag var me med dei lokale studentane på eit beachparty. Dette vart holdt på eit hotell og var ein velkomstfest for dei nye studentane ved Institute of Social Work. Her fekk me endelig oppleve den lokale festkulturen. I forhold til heime der det stort sett berre er jenter på dansegulvet, var det her guttane som dominerte. Dei hadde til og med danserytme, og me hadde til tider vanskelig for og henge med. Brått kunne heile dansegulvet stå å danse samme dans, eller så havne me midt i ein dansebattle. Kurt oppsummert: varmt, klamt og tipptopp tommel opp!

Laurdag

Denne dagen bestemte me oss for og vere litt turistar. Turen gjekk til det nasjonale musèumet i Dar es Salaam. Framstillinga av musèumet var noko ustrukturert, men det var alikevel spanande og besøke. Høgdepunktene var kulturelle gjenstandar frå ulike stammar og tidsepokar, helleristningar på 32 millionar år, samt fossilar og fotspor frå menneskets forfedre.

CIMG3627

3,6 millionar gamle fotspor.

Søndag

På søndag tok me ei utflukt til Bagamoyo. Med oss hadde me ein amerikanar, tre radiografar og Julie, Kristoffer og Øyvind (tre vener av Ola). Turen tok omlag 1 time med Dalla-dalla og kosta oss 2000 Tsh (7 Nok). Langs vegen var det mykje liv. Silje satt som vanlig og følgde flittig med, medan Mari nytta anledningen til å ta seg ein høneblund.

IMG_0925

Bagamoyo er ein liten havneby nord for Dar es Salaam. Bagamoyo var frå 1886-1891 den opprinnelige hovudstaden i Tysk Austafrika. På den tida var dette ein av dei viktigaste handelspostane på kysten av Austafrika. På slutten av 1900-talet var Bagamoyo eit byttepunkt for elfenbein og slavehandel. Namnet Bagamoyo kjem frå swahili “Bwaga-Moyo”, som betyr “legg ned hjarte ditt”. Dette oppstod enten fordi slavefølgene frå innlandet nådde kysten her, eller fordi bærarane i elfenbeinshandelen til dei store sjøane endelig kunne få kvile.

IMG_0938

Her vart slavane sendt til Zanzibar.

IMG_0974

Me brukte dagen i Steinbyen. Her ligg bl.a det tyske fortet, som vart brukt til fengsel på slutten av 1800-talet. Det er ellers mykje flott og gammal arkitektur, fiskemarked, muslimske moskèar og kunstmarked. Dagen vart avslutta på “Travellers lounge” som er eit hotell som ligg nede på stranda. Her fekk me oss litt forfriskningar og bada, før me tok Dalla-dalla heim att. Me opplevde Bagamoyo som ein avslappa og fredeleg plass, som hadde mykje sjarm med seg.

IMG_0962

Det tyske fortet.

IMG_0980

– Mari og Silje

Første møte med CCBRT Disability Hospital

Etter introveka byrja praksisen vår på CCBRT disability hospital. Her skal vi jobbe stort sett under heile opphaldet vårt. Det har vore hardt å stå opp når vekkarklokka ringer 05.45 kvar morgon, men det er utruleg kva ein klarar å venne seg til!  Arbeidsdagen vår varar så fram til 15-16 alt etter kor mange pasientar det er.

IMG_0906

Dei første dagane blei berre brukt til å observere, då det er mykje nytt å sette seg inn i.  Etter vi blei litt kjent med dei ulike diagnosane, så har våre kjekke kollegaer berre slengt oss ut i arbeid. Så då sitt vi der med eit lite born som smilar og ser på oss med store auger, eller som eventuelt skrik i frykt pga eit uvant syn – nemleg ein mzungo(=kviting).

Ei utfordring har vi også med språket, i og med at både born og foreldre ofte ikkje snakkar noko anna enn swahili. Men dette har resultert i at vi stadig vekk lærer nye nyttige ord og at vi får trent oss på å kommunisere med kreativt kroppsspråk. Ellers fungerar også dei lokale fysioterapautane som tolkar. Så språkproblemet har ført til ekstra «bonding» og moro med både pasientar og kollegaer.

IMG_0896

Kva er CCBRT disability hospital?
CCBRT står for Comprehensive Community Based Rehabilitation in Tanzania. Det er ein organisasjon som vart etablert i 1994 med mål om å nå ut til og hjelpe personar med funksjonshemming. Dette har utvikla seg til eit «disability hospital» her i Dar es Salaam, samt fleire små avdelingar rundt i dei ulike bydelane og i Moshi.

Per i dag er CCBRT den største leverandøren på funksjonshemming- og rehabiliteringstilbod. Sjukehuset og dei ulike avdelingane sine tilbod har ført til at dei funksjonshemma lettare kan bli inkludert i samfunnet. Noko dei bruker for og oppnå dette er CBR, Community based rehabilitation. Dette er retningslinjer frå verdens helseorganisasjon som blant anna går ut på å spre kunnskap og gje opplæring til pasienten, foreldre og samfunnet, tilrettelegge lokaler og å gje medisinsk hjelp.

Vil du vite meir; sjå ein film, lese pasienthistorier eller sjå nokre bilete frå sjukehuset/CBR-arbeidet kan du finne det her:
http://www.ccbrt.or.tz/

CIMG3604

Ventebenken. Her sitt pasientane på rekke og rad i varmen og ventar på å få komme inn.

Så langt har vi berre tatt del i arbeidet på sjukehuset. Her finn du kirugar, radiografar, augelegar, sjukepleierar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. Sjukehuset har også ei eiga avdeling der dei lagar ortoser og tilpassar ulike hjelpemiddel til kvar enkelt pasient.

CIMG3606

Zulekha og Mary, to av fysioterapautane som sjefar over oss.

CIMG3603

Godfrey, som er ein ergoterapaut som vi samarbeidar med, og Rojas, nok ein fysioterapeut. Dette er behandlingsrommet for pasientane som benyttar seg av det offentlege tilbodet.

Sjukehuset har sju fysioterapeutar, fem frå Tanzania, ei frå Tyskland og ei frå Holland. Fysioterapiavdelinga består av ein privat klinikk og ein offentlig klinikk, dette fordi det skal vere eit tilbod for alle. Dei private får meir lukka

CIMG3602

Silje, Zulekha, Aikande, Mary(alle fysioterapeuter) og Sarah(resepsjonisten) i den andre halvdelen av rommet som blir brukt til pasientar som benyttar seg av det offentlege tilbodet.

I laupet av desse to vekene har vi møtt mange pasientar med ulike diagnosar. Vi merkar allereie at dette har skapt mange sterke inntrykk, noko vi kjem til å snakke meir om i seinare innlegg!

Baadaye!
-Silje & Mari

Passionists Father!

KOR er vi no?

Jo, vi er i Dar es Salaam, nærmare bestemt ved Old Bagamoyo Road i Mikocheni B på Passionists Father. Alle studentane som var med oss under introveka(utanom radiografane) har forlatt oss til fordel for sine praksisplassar i andre delar av landet. Vi to kjem til å slå oss til ro her  for 22500 TSH natta, noko som vil sei at vi kjem til å betale litt meir enn 2000 kroner i måneden.

Passionists Father er to gjestehus styrt av ein italiensk prest. Det eine gjestehuset er hovudhuset der frukost og middag vert laga av personell og dei fleste gjestane blir plassert på rom her. Vi har derimot blitt plassert i nabogjestehuset, som vi stort sett har for oss sjølv. Det er dog til saman fire rom her som kan leigast ut, så det egnar seg godt om kjentfolk kjem til byen!

IMG_0834

Her disponerar vi eit kjøkken, ei stor fellesstove, WI-FI, Air-Condition som gjer at vi av og til må hive på oss ull på natta, takterasse, eigen balkong, reint drikkevatn, eige bad(med vanleg do, dusj og badekar). Inkludert i prisen følger også frukost, som består av kaffi, te, rista loff, ulike typar syltetøy, banan, ananas og omelett.

Vi har også masaiar som vaktar natta gjennom, og sjølve hotellet ligg i eit fredeleg strøk. Så vi føler oss veldig trygge. Her er det også padder som et opp insekta for oss og gekkoar som klatrar på veggane. Myggen merka vi lite til, då alle vindauga og dører er dekka med myggnetting samt at det er myggnetting over kvar seng.

CIMG3549

Her er eine delen av fellesarealet. Den siste veka har vi hatt besøk av desse studentane frå Trondheim. Dei er vener av Ola, og skal vere her i Dar es Salaam i 5 mnd på utveksling. Kjekt med mzungo(=kviting)besøk! 🙂

IMG_0808

Balkongen til rommet vårt.

IMG_0816

Mari har kjempa seg til kingsize bed.

IMG_0844

Ved inngangen fant vi eit alternativt oppheng til slynga. Slynge og strikk har vore til glede for fleire og har skapt nye vennskap.

Kva har vi rundt oss?

Mbalamwezi beach club.

Berre 5 minutt frå hotellet ligg denne beach cluben som leiar inn til stranda. Den har blitt vår erstatning for SIB treningssenter og  egnar seg godt til joggeturar, intervalltrening og alternativ styrketrening.  Her er òg eit volleyballnett som vi tenker å ta i bruk når vi har fått oss litt vener. Beachcluben kan også by på god mat i solnedgangen!

CIMG3585

Eit krav i praksisen vår er at vi skal arrangere gruppetreningar. Ved mistanke om at dette kanskje ikkje vil bli så mykje av på sjukehuset, tok vi første del på stranda i dag.

CIMG3586

 

Shopper’s plaza, Mayfair plaza og Mlimani city center

Dette er tre kjøpesenter i rimeleg avstand frå gjestehuset. Er sola for sterk, kan ein ta ein bajaji for 3000 TSH og få litt vind i håret! Her finn du minibankar, kafear, restaurantar, apotek, kino, treningssenter, nattklubbar og supermarked. På supermarkedet finn du det du treng av matvarer, til og med wasa knekkebrød!

Ellers finn du smårestaurantar, bungalowbarar, småkioskar og fruktsjapper langs heile Old Bagamoyo Road. Så det er ikkje langt å gå for å få seg ein saftig ananas, ein mars sjokolade eller litt pommes frites og øl.

 

Gratisbuss til og frå jobben vår, CCBRT disability hospital.

CCBRT har ein eigen staffbuss som passerar rett utanfor inngangen til Passionists Father, ellers er det eit Dalla-Dalla stopp nært ved.

 

Elles 

Ved hjelp av Dalla-Dalla og Bajaji kjem ein seg til dei bydelane ein måtte ynskje! Og sjølv om Dar es Salaam kanskje har eit rykte på seg på å vere ein «stygg havneby», så er vegen kort til paradis. På søndag var vi blant anna på ein kort utflukt til Kigamboni, som er ei halvøy her i Dar es Salaam.

CIMG3571

Tommel opp for Kigamboni med kvit strand og digg temperatur i sjøen.

Tutaonana kesho(see you tomorrow!)
-Silje & Mari

Nipetanoh!

Vekene har gått fort sidan vi forlot Noreg i dunjakker.  Mykje har skjedd, og vi har mykje på hjartet. Her er ei oppsummering frå første veka.

Karibu sana Zanzibar!

CIMG3399

Nyota Beach Bungalows på Matamwe.

Nyttårsfeiringa tok vi på Nyota Beach Bungalows på østkysten av øya Zanzibar, som er ein 2 timers båttur frå Dar es Salaam. Med oss var Mathilde, Inger Helene og Mari’s bror, Ola.

Første dagen gjekk med til soving på solsenger og ein snorkletur til Mnemba, ei øy med eit hotell der ein betalar 1200 dollar natta. Vi valde å ikkje bu der. Trass i det, såg vi mange spennande fiskar. Høgdepunkta var Doris, butterflyfish, slangefisk og mange andre fargerike fiskar.

Nedturen var at det var mange korallpartiklar i sjøen som svei kvar gong dei traff oss. Silje fekk etter dette godt med raude flekkar på både armar og bein som først forsvann etter ein tidagerskur på allergitablettar. Resten av kvelden gjekk med til å lære swahili, lære å spele bao og til å sjå på stjernene med ein kald Kilimanjaroøl i handa!

IMG_0654

Nyota bydde på ein eigen bungalowrestaurant med mykje god mat og ikkje minst god frukt.

På nyttårsafta tok vi ein tur til Stone Town der vi stod ein time i minibankkø(Another Terrible Mistake(ATM), som ei lokal kalte det). Ellers vandra vi i gatene der som kryr av marked og folkeliv, før vi reiste attende til vår kvite strand på østkysten. Ein joggetur kombinert med fotball med lokale på stranda vart gjennomført før vi tok nyttårsmiddagen og reiste nord på øye til Kendwa Rocks. Her vart det arrangert ei stor nyttårsfeiring med stort sett berre turistar og fullt fyrverkeri – Hurra! Godt nyttår!

CIMG3481

Jambo Dar Es Salaam!

Rett over nyttår tok vi båten attende til Dar og la oss inn på Econolodge, eit hostel midt i bykjernen. Her møtte vi Henrik, Lars Peder, Eivind, Elisabeth og Shandell. Her vart vi buande i to netter før vi flytta over til Passionists Father.  Det som var høgdepunkt frå området i bykjernen var digg, billig mat på barbequehjørnet og Chef’s Pride!

CIMG3524

Middag på «Golden Fork» med dei lokale studentane i introveka.

Frå 2.januar til 4.januar hadde vi ei introveke saman med alle studentane som skal ha praksis i Afrika. Så vi var både radiografar, vernepleiarar og fysioterapeutar som var på eit lokalt universitet(ISW) og hadde dagleg undervisning der.

Madam Leah O’Mari var sjefen sjølv, og ho gav oss ei innføring om HIV/AIDS og tanzaniansk kultur. I tillegg hadde vi ein smilande og engasjert lærar ved navn Shingongo(som hadde tatt master i Noreg) som gav oss ei innføring i helsesystemet og den tanzanianske politikken. Samstundes hadde vi også denne veka studentguidar som hjalp oss med å bli litt kjent i byen.

Dei lokale studentane har vore veldig hjelpsame og imøtekommande. Blant anna har dei tatt oss med til Mwenge, eit lokalt marked med mykje spennande snadder. Dei har også gjort oss trygg på å bruke lokale framkomstmidlar, som vert kalla bajaji og dalla-dalla.

Dalla-dalla er minibussar som kostar 300 TSH(=1 krone) nesten kor som helst du skal i denne svære byen. Bajaji er små trehjulsmopedar som rommar opptil fem personar og myldrar rundt i gatene som sau i Viksdalen. Med dei kjem du deg fram overalt, dei snik forbi rushet og du får kjølt deg med vind i den steikande heten. Er du heldig har også sjåføren installert anlegg i bajajien slik at du får soundtrack til turen. Stas! Dette er stort sett dei to einaste framkomstmidla me bruka bortsett frå beina.

CIMG3530

Ola og Silje beundrar dalla-dallaen.

Mari opplever kor trangt og klamt det kan bli i ein dalla-dalla.

CIMG3555

Rasteplass for dei lokale heltane, Bajajiane.

Meir om dei siste vekene, og då spesielt den spennande jobben vår, kjem snart!

– Mari og Silje