Eit fantastisk farewellparty!!

Då var dagen her, den aller siste som studentar ved Amani Centre. Då klokka slo fem var det duka for farewellparty for oss. Vi hadde ingen aning om kva som sto på ptrogrammet, men møtte spente og litt triste opp med alle våre gåver.

Kidsa hadde pynta seg for oss!

Og vi hadde pynta oss for dei!

Før vi festen starta måtte alle gå ut av salen. Der stilte vi oss opp og alle barn,staff og ungdomar sang for oss medan vi fekk æra av å gå under sjalet på veg inn.

Vel inne fekk vi hedersplassane ved bordet med ballongar på.

Etter at Amanifolka hadde sunge Tanzanias nasjonalsong, var det vår tur til å synge «Ja, vi elsker». Dette gjekk over all forventning med tanke på Gudvangens evne til å vere tonedøv.

Så var det tid for ungane og ungdomane til å synge goodbye-songar for oss. Dette var utruleg rørande og Gudvangen klarte ikkje la vere å grine nokre skvettar. Opsal var ikkje så mykje betre der han satt med tidenes klump i halsen. Tenk, vi får kanskje aldri sjå desse ungane att…

Deretter kom det fleire songar og vi fekk gåvar!

Gudvangen fekk skjørt og Opsal fekk skjorte.


Ikkje nok med det, men vi fekk også kort som alle hadde skrive under på:

It isn’t easy parting with

one who means so much,

even though I know

we’ll keep in touch…

I’m sad you’re leaving,

but I know you will

be successful in life

GOOD BYE


Så var det tid for oss å gje alle gåvane vi har samla inn

Myggnetting og medisinsk utstyr

Utstyr til day care

Koppar og sko til kidsa

Volleyballar frå Nyborg/Silajnders

Så ga vi nokre pengar til day care.

Og ein del til fysioavdelinga slik at dei kan utvide heimebesøka sine for nesten eit halvt år fram i tid.

FOR OSS! LYKKE…TÅRER….NO WORDS!

Vi fekk også tale frå direktøren, Father Beatus. Så mange flotte ord! Han fortalte blant anna at masaiane, dei griner når dei møter kvarandre.. fordi dei veit at det betyr at dei ein gong fram i tid må vinke farvel. Når dei skiller lag, så ler dei, for dei er ferdige med det triste… Og det er alltid trist å sei farvel, uansett kvar den andre skal.. til og med om det er til himmelen..

Gudvangen og verdas herlegaste lille jente

Opsal og hans ta-med-heim-unge

Dei tøffe gutta

Vi laga også to veggaviser, ein med bilete frå vår tid på day care og ein med bilete frå Mikumi

Ein av dei nyaste kidsa

Gotta love them!!!

Farewell to our lovely Bjarte and Marita. HJARTE!

Gudvangen, vår alt-mogleg-dame, Veronica og Opsal

Vårt adoptivbarn

Vår gode veileder, Mhando

Verdas herlegaste care-taker-dame, Violet

Vi har verkeleg følt oss heime på Amani. Folka her er fantastiske, ungane er verdas herlegaste! Vi er evig takksame for at vi har fått vere ein del av dette.. Det har vore eit minne for livet. Det gjer vondt heilt inst i hjarterota å måtte reise frå desse herlege ungane… og alle dei andre som er her. Det har vore tre heilt herlege månadar og tårene trillar når vi forlet Amani centre…

ASANTE SANA

No words can describe..

-Gudvangen

På gåveshopping!

Vi starta dagen i går med å ta pikipiki til byen saman med Festusen vår, altså fysioen. Der leverte vi inn nokre bilete til framkalling før vi tok oss ein lang tur til apoteket. Vi hadde bestemt oss for at nokre av pengane vi samla inn skulle gå til medisinsk utstyr sidan dei faktisk ikkje har noko som helst på senteret.. ikkje så mykje som eit plaster eingong.

Etter å ha vore der tok Opsal turen rundt på eigenhand medan Festus tok Gudvangen med til sjukehuset for ¨sjekke om det var noko malaria å ta fatt på, just in case. Der vart Gudvangen stukket i fingen, heldigvis slapp ho sprøyte, og deretter bar det ut att for å hente bileta og kjøpe litt småting til kidsa. Tilbake på sjukehuset kom gladmeldinga at ingen malariamygg hadde funne vegen til Gudvangens blod.

Etter ei slik gladmelding fann vi ut at det var lurt å shoppe litt til. Vi gjorde som det skal gjerast når ein mann og ei dame er på shopping, Gudvangen bar papirrullen og ein myggnetting, Festus tok 16 myggnettingar, heile posen med medisinsk utstyr og posen med lego. Ganske greit igrunn.

Etter å ha shoppa enno litt meir, tok vi pikipiki heimatt.


Då har vi altså dette å gje vekk på hadefesten i dag


T-skjorter og ballar frå Nyborg/ Siljanders

Ein kopp med namn på til kvar av kidsa

Ein myggnetting til kvar av kidsa som bur på senteret

Ei stor bøtte med lego


Meir leiketing

Medisinske ting

12×12 fargeblyantar og x-antal farge-/lærebøker.

Dette er altså det vi har til no, men vi må nok nytte morgondagen også.

-Gudvangen

Safari med våre kjære barn

Fredag var den store safaridagen på Amani. Takka vere alle som har vore så generøse og gitt pengar til ungane våre kunne vi ta med 20 ungar for å sjå søte og farlege dyr. Ungane fekk ei fin oppleving og det varma godt om hjarta våre.

Allereie før klokka slo 7 var vi på veg. Nokre trøttare enn andre..

Ein del var veldig vakna og fulgte spent med!

Alle ungane som bur på senteret hadde også fått nytrykte t-skjorter.

Denne kiden fryser ihvertfall ikkje. Godt kledd.

Gudvangen er ihvertfall litt klar..

Etter å ha komme fram til parken var det tid for ein tissepause. Vi utnytta denne til å ta litt bilete..

Etter å ha køyrd rundt i Gudveitkorlangtid var det klart for lunsj. Vi hadde kjøpt inn juice, muffins og brødaktigbolleting til alle saman. Det var populært.

Amani hadde tatt med litt sukkertøy som vi koste oss med.

Alle ungane!

Heile gjengen

Det var ein flott tur og ei fin oppleving for ungane våre. No skal det seiast at alt i alt brukte vi 10 timar i den bussen. Etter vi var ferdige i sjølve parken, reiste vi til Mikumi town. Kva skulle vi der?? Joda, sjåføren vår skulle besøke nokre folk… og så skulle han besøke enda fleire folk.. og stoppe og prate med folk. FIRE timar brukte vi frå vi reiste frå parken og til vi kom heim.. Ein tur som kunne tatt 1,5 time!! Nei, neste gang lar vi han bussmannen vere heime altså, men mest imponerande er at ungar i Afrika, dei blir visst ikkje lei.. eller gretne.. eller urolige.. eller utålmodige. Vi kan nok sei, med handa på hjartet, at vi studentar var nok dei som reagerte mest på alle digresjonane. Heimatturen tok aldri slutt! Kan ha noke med at Gudvangen faktisk har klart å blitt sylta forkjøla.. og at i tillegg så fann pollenallergien ut at «dette er dagen for å slå inn for fullt»! Herleg!

meeeeen…..vi skal ikkje klage…alt i alt hadde vi ein flott tur!

-Gudvangen

Nær-døden-oppleving!

OK, sist veke hadde Gudvangen faktisk ei nær-døden-oppleving!

Trur faktisk eg døydde.. i allefall litt…nesten..! Opsal derimot tok det heile med fatning og viste kva ein mann kan brukast til.

Tek historien frå starten av:

Vi kom heimatt frå Moshi på tysdag. Då fann vi rare små bæsjar i øvste køyseng der ingen ligg, og under sengene våre. Vi tenkte som så at det var nok Trude og Findus (salamanderane som bur med oss frå tid til annan) som hadde hatt fest medan vi var vekke. Der slutta vår bekymring for bæsjen.

Fredag var det tid for klesvask og vi starta å sortere ut kva som skulle få kjenne på det kalde vatnet ute i hagen. Gudvangen fann ut at buksa ho hadde på seg trong ein vask og tok den av. Der sat ho no da, på golvet i berre trusa og t-skjorta medan Opsal skulle finne noke i bagen sin. Plutseleg skvatt han til og ropte at det var eit dyr i bagen, ein salamander eller noko.. Gudvangen var litt skeptisk, men tenkte at det måtte vere Trude eller Findus.

Fortsatte litt med å sortere klede medan Opsal skulle dra bagen sin ut på gangen. PLUTSELIG hoppa det eit dyr ut av bagen og bort til skoa våre! Gudvangen kom seg fort på beina og skreik til som om livet gjekk mot slutten. På veg ut døra fann ho ut at ho framleis var utan bukse og måtte få Opsal, som for så vidt forholdt seg ganske roleg, til å skaffe ein shorts. Vel ute på gangen hoppa ho opp på den meterhøge hylla ved døra og sat seg på kne der for å sjå inn på Opsal som starta aksjon-«finne-det-ekle-dyret». Gudvangen klarte ikkje la vere å skrike og jamre litt.. «eg kjem ikkje innatt før du får den ut, serøst, eg DØR! EG ER SÅ REDD»!

Opsal fann seg ein pirkepinne nett som han skulle ha vore Calle frå I kveld med Ylvis. Det var ikkje så lett for dyret var vekke. Violet, care taker-dama vår kom opp trappa. Ho var nok litt nær døden ho også.. men berre på grunn av synet av Gudvangen på kne oppå hylla med eit forskremt uttrykk i ansiktet. Tapper som ho var kom ho til for å hjelpe oss å finne dyret. Plutseleg pilte det over golvet og under sengene våre…og det var…. EI KJEMPESTOR ROTTE!!! Å herreminhattdævendøttefyfaaader Gudvangen skreik! Etter litt pirking med pinnen under senga sprang rotta ut døra…og UNDER HYLLA som Gudvangen søkte tilflukt oppå. DÅ vart det leven..dæææven! Heldigvis klarte vi… eller rettare sagt…dei, Opsal og Violet, å få den ut «vindauget» i gangen og så hoppa den ned i eit stort tre.

Dæven døtte… ståpelsen reiser seg over heile kroppen berre av å skrive om det.. Tenk at vi heilt sikkert har budd med denne rotta heilt sidan TYSDAG!

No words…no words… Så det var altså dagen då Gudvangen døydde… litt…nesten i allefall!

Skumle dyr i Afrika altså..watch out!

– Gudvangen

If you can’t climb it, run it

Den store maratondagen er komt og dæven så vi har gleda oss til det… i allefall Opsal!

Då vekkerklokka ringte klokka 0500 var vi ikkje akkurat heilt klare. I tillegg vakna vi av eit heilt insane lyn etterfult av eit kraftig tordenskrall som skremte ein bil slik at alarmen gjekk!

Til frokost køyrde vi loffskiver med lokal makrell i tomat. Smakte ok, men ikkje akkurat førstevalet så tidleg på morgonen

Fann oss ein taxi og Gudvangen var plutseleg veldig klar..

eller ikkje… det var ein spøk!

Framme på Moshi stadion. Sidan det regnar, vert starten utsett ein halv time. Altså skal Opsal starte klokka 0700 og dei tre andre ivrige får drøye det til 0730

Opsal er klar!

Gudvangen og Storm gjer sitt beste for å vere klar dei også.

Gudvangen med startnummer 2424.

Storm aka 1311

Åsså har vi jo radiografen då

Vaselinen er påsmurd og vi gledar oss.

Litt leik før start er ikkje feil

Lukke til Opsal!

Her skal fullmaraton starte.

Så er vi klare for 21 km med smerte.

Det starta ganske bra

Storm gjorde ein fantastisk innsats med å dra Gudvangen som ikkje var særleg villig til å bli dradd og drog heller imot! Storm prøvde det meste for å få opp motivasjonen, men la oss kalla ein spade for ein spade, det fungerte svært dårleg! Den første mila (!!!) gjekk det oppover, bortover, oppover, oppover,oppover, bortover. Gudvangen syns dette var heilt j@%$»! Det fantes jo ikkje nedoverbakka. Vi fekk vite av ein hyggeleg afrikanar at etter 1 mil skulle vi snu på ein topp og jogge nedover att. Etter å ha jogga cirka 5 kilometer møtte vi dei første som var på veg ned att. Snakk om motivasjon. Stakkar Storm prøvde å få Gudvangen til å jogge istaden for å gå. «Sjå på han gamle mannen der da, sjå kor fort han jogga!». Gudvangen lot seg absolutt ikkje lure med sitt ikkje-eksisterande konkurranseinstinkt og drepte motivasjonstalen med «ja, han er flink..». Eller som då vi såg ein med ein protesefot og Storm prøvde å sjarmere Gudvangen med at då måtte no ho klare det, så kom svaret «jammen han vert jo berre sliten i éin fot». Ikkje så kameratsleg sagt, men it’s a fact og hjernen var litt over middels overloaded!Trur kanskje det vart litt hatforhold ein liten time i dei lange bakkane.

Heldigvis var det drikkestasjonar med jamne mellomrom. Der sto det kjekke folk og ga oss vatn, cola og våte svampar. På ein av stasjonane hadde dei til og med to dusjar over vegen. Der fekk forresten både ipodane og kamera ein smell. Å jogge oppover desse bakkane var faktisk eit reint hel….. For Gudvangen som faktisk hatar å jogge og som ikkje klarer å motivere seg fordi det er så slitsom å bli sliten og fordi det verkar så meiningslaust, så var det langt over middels forferdeleg. Det gjorde det ikkje akkurat betre at det kom så mange spreke folk mot oss som allereie hadde snudd. Både spreke afrikanarar, spretne damer og eldre mzunguar var i kjempeform!

Endeleg på toppen og halvvegs fekk vi oss bollar og bananer i tillegg til cola og vatn. Det var etterlengta med tanke på at Gudvangens energinivå låg på minus 8. No skal det seiast at det ikkje akkurat var veldig lett å ete dette medan eg prøvde å halde fylgje med Storm som starta heimattespurten. Banana glei ikkje akkurat lett ned i magen for å sei det slik. Stakkars Opsal fekk aldri bananer, for vi hadde ete opp alt da han kom så langt. Dei som sprang fullmaraton sprang 21 km før dei starta på halvmaratonløypa som, ifylgje Opsal, var heilt idiotisk j…….

Gudvangen ga opp Storm.. eller omvendt. Usansett så fann Gudvangen seg mange ny vener på turen og endte til slutt opp med ei danskafrikansk dame som var veldig hyggeleg. No er det ikkje til å stikke under ein stol at Gudvangen sin hjerne ikkje er villig til å ta inn det danske språket, men med litt smiling, nikking og latter gjekk det veldig fint. Fekk med meg noko om at ho kom til Danmark for 20 år sidan iallefall.

Her er det berre 2 km att og Gudvangen er døden nær!

Endeleg i mål etter cirka 2 timar og 45 minutt. Er ganske nøgd med tanke på mitt utgangspunkt!

Hadde heldigvis vore oversmart og tatt med ein sjokolade. Fortent!

Vinjerui var ein av vore flotte heiarar.

Heile gjengen! Opsal kom i mål etter 4 timar og 53 minutt sånn cirka. Ikkje heilt nøgd, men med tanke på at løypa ikkje akkurat var flat, så må ein vere nøgd med å ha fullført eit heilt maraton!

Ein velfortent milkshake var ikkje feil.

Glade og stolte tilbake på hotellet!

Fekk oss t-skjorter. Storleiken var heldigvis XL. Trur nesten svigerfar skal få æren av å vaske den når eg kjem heim sidan han er ekspert på å krympe ting.

IF YOU CAN’T RUN IT, DRINK IT!

 

Gudvangen har også funne ut eit par ting ho visste frå før i dag.

– Konkurranseinstinktet = -12, altså ikkje-eksisterande

– Dette var det dummaste ho nokon sinne har gjort

– Dette skal aldri gjerast igjen

– Maraton = DØDEN NÆR!

– Motivasjon er no dritt

– HATAR Å JOGGE!

Bra dag, dette!

-Gudvangen

Cause this is Africa..

Må berre legge inn litt om korleis Afrika er, sånn generelt berre for å setje litt perspektiv på saker og ting.

Du veit du er i Afrika..

..når det første du møter når du går ut døra er ei høne, ei geit, ei ku, eit esel eller ein salamander.

…når du skal ta dagens første skive og det kryper MINST 20 maur på den og du iherdig prøver å spørre kjøkkendama om det er normalt, men ho berre ler og viser korleis du berre skal dunke skiva litt mot bordkanten for å få vekk eit par av dei.

…når du er konstant forstoppa på tross av fysisk aktivitet og overdose av vatn.

…når det berre er av- og påfunksjon i dusjen, ikkje varmt-kaldt.

…når det kjenst som lottotrekning om det er vatn kvar gong du skal trekke ned i doen, dusje eller vaske henda.

…når du som oftast må dusje ved å helle ei heil bøtte over hovudet medan det blæs inn gjennom gitteret over deg fordi det ikkje er noko vindauge der.

…når du må vaske kleda for hand ute med eit vanleg såpestykke i kaldt vatn.

…når du tørkar deg i ansiktet og kluten er meir skitten enn om du hadde tørka deg under skoa heime i Noreg.

…når du sjekkar om du har fått svettemerke i rumpa kvar gong du reiser deg frå ein stol.

…når du syklar rundt på ein sykkel som er heilt lik den du berre har sett på bilete at oldefar brukte i sin ungdom og du i tillegg syns den er DØDSKUL.

…når mannen på dalladallaen (bussen) må løfte av heile døra for at du skal komme deg inn.

…når du sitter feilvendt i dalladallaen og alle dei 30 stk som er trykt inn i den stirrar deg RETT i auga sjølv om dei ser at du ser dei.

…når du joggar i gatene og ikkje treng bekymre deg for beinhinnebetennelse eller andre belastningsskader fordi ingen vegar har asfalt.

…når du joggar rundt omkring og folk ler og hermar av deg fordi du er kvit OG fordi du joggar.

…når du våknar av bønnerop, etterfulgt av hundar, som toppa seg med hanen og dei store, store høgtalarane som finst på kvart hushjørne.

…når du konstant har MINST 15 myggstikk som klør og halvparten av dei er innan ein omkrins på 6 cm.

…når det du lengtar mest etter er å komme tilbake til myggnettingen.

…når du har blitt så vant til dei søte salamandarane på rommet at din einaste reaksjon er: «Åå, nå er Findus her att.»

…når alle vegar fører fram dit du skal, UANSETT!

…når det verka som verdas mest naturlege ting å tisse og spy på seg.

…når folk ler av deg kvar gong du prøver å dukke unna eit enormt, flygande vesen.

…når det er verdas mest festlege ting at du svarar nokon etter at dei har ropt «mzungu», «good morning» eller «mambo».

…når du prøver å leike litt med ball og plutseleg har fått 90 ungar som står og kikkar på deg.

…når to kvitingar som drikk vatn er dagens happening på den lokale skulen.

…når du går i ei viderosjappe og dei har Prison break på DVD og det finst sesong 1 ,2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9 OG 10, sjølv om dei ikkje finst.

…når ein heilt sesong av ein serie kostar 12 NOK.

…når du må putte alt spiseleg i plastposar og knyte godt att for at ikkje mauren skal finne den.

…når svetten ikkje vil slutte å renne uansett om du sit musestille i to timar.

…når du sovnar som ein stein klokka 2100 kvar kveld og er lys vaken klokka 0600 kvar morgon.

…når det næraste du kjem sex er den 10-åringen som stakk handa si i rumpa di og smilte fint medan han spurde etter pengar.

…når du har ete meir bønner iløpet av tre dagar enn du har gjort dei 23 åra du har levd i Noreg.

…når heile lunsj/middagsmenyen består i tre (litt) forskjellige rettar.

…når det er 50-50 om du kjem fram til rett person sjølv om du har ringt riktig telefonnummer.

…når du får gå forbi 40 stk i bankkø, berre fordi du er kvit.

…når du vert behandla som ein kjendis, berre fordi du er kvit.

…når du dusjar deg i myggspray til alle døgnets tider for så å finne ut at det ikkje hjalp.

…når bussystemet fungerar betre enn i Bergen på tross av at sjølve bussane aldri hadde vorte EU-godkjende.

…når du faktisk ikkje bryr deg om du et innsekt.

…når ein kan bade i kva som helst, utan at nokon bryr seg.

…når du må helsar på alle du møter.

..når du alltid blir møtt med «mambo» «habari» (altså spørsmål om korleis det går) og du UANSETT om du er kjempeobstipert, svetten renn, skuldrene er knallraude av sola og du er så trøtt at du såvidt klarer stå på beina må svare at det går strålandes!

…når alle bærer kofferten sin på hovudet istaden for å nytte hjula.

…når du sitter på dalladallaen med ei stor afrikarumpe og ei svett armhole 3 cm frå ansiktet i tillegg til at du har fått eit lite, ukjend born på fanget.

…når du står og har ein seriøs samtale med ein person og han stikker heile fingen opp i nasa, som om det er verdas mest naturlege ting.

…når du bestiller «plane fries», men ender opp med plane RICE!

…når du lengtar etter snø og slaps.

…når det mjuke knekkebrødet tok tok med deg frå Noreg smakar himmelsk berre fordi du veit at du får i deg næring.

…når det du er mest nøgd med etter ein dag på markedet er den knallblå grilldressbuksa du kjøpte for 50 NOK

…når det kulaste diskoteket i byen ser ut som ungdomsklubben du hang på da du var 12 år og du faktisk likar det.

…når du føler at du er med i «der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og du finner ut at du trivst utruleg godt.

Rett og slett, det er fantastisk. YOU GOTTA LOVE IT!

 

-Gudvangen

 

Livet i Morogoro

Tenkte fortelle litt kva vi driv med. Sånn generelt. Får vel starte litt seriøst med noko fagleg (sidan vi tross alt har retningslinjer å gå etter) for så å gå over til det lille sosiale livet vi har her.

Vi er altså i praksis på Amani Centre i Morogoro. Vi bur på eit hostel som høyrer til senteret, det ligg rett over gata, så det er veldig greit sidan det vert ein del dødtid. Det kosta 15000 tsh i døgnet, altså cirka 56 NOK inkludert overnatting og tre måltid. Praksisdagane går med på å vere på day care, med fysioterapeuten, på heimebesøk og diverse anna.

På day care er det kjekt. Der startar vi klokka 9. Vi syng songar på swahili, eller, dei synger og vi klappar takta og smiler, vi drikk te og et brød, leikar, lærer, ser tv og kosar oss. Nokon av dei som jobbar der er lærarar medan andre er rike på erfaringar. Vi har vel ikkje komt 100% inni det enno, men er på god veg. Ein dag hoppa vi paradis og øvde på å telje på swahili. Eg veit faktisk ikkje om det var mest lærerikt for oss eller for ungane, men alle koste seg iallefall.

Mr. Festus er vår fysioterapeut. Han er veldig kjekk og grei og kan faget sitt svært godt. Der får vi lære mykje om ungar med cerebral parese, vi får vere med på heimebesøk og vi får vere med på behandling i fysiorommet. Det er ein del utstyr der, men ikkje som i Noreg. Ein del av det er gamalt, men det funkar fett. Det er heller ikkje spesiallaga til dei ulike pasientane, her delar ein på det ein har.

Heimebesøk finst i to formar her. Nokre gonger reiser vi saman med fysioen for å sjekke om alt står bra til med dei som er for dårlege til å kome seg til Amani, men som likavel treng fysioterapi. Andre gonger syklar vi rundt saman med communityworkeren, Mr. Siljali. Det er veldig kjekt, men vi får sjå mykje som trengst å reflekterast om i ettertid. Med Mr. Siljali har vi også litt språkproblemer så vi treng nok å lære litt meire. Det skal seiast at det ikkje står på viljen i å få kvarandre til å forstå og vi kosar oss stort.

Nokre av dei vi reiser på heimebesøk har det veldig vanskeleg. Nokre av ungane er blitt så tunge at foreldra ikkje lengre klarer å bære dei til senteret. Andre er blitt så vaksne at dei føler dei ikkje treng å kome dit lengre. Likevel held dei fram med å besøke dei for å sjå om dei kan hjelpe med noko og om alt er bra med dei. Vi plar ha med oss såpe, sukker eller mjøl. Då vert dei veldig glad.

Matvanane her i Afrika er noko anna enn dei vi er van med heimefrå. Gudvangen, som har som ein fast regel å ikkje la det gå meir enn 4 timar mellom kvart måltid, MAKS, slit til tider litt. Eg trur eg kan kalle meg ein matmons og då er det hardt når ein plutseleg må klare seg 5 og 6 timar mellom kvar gong ein får noko i skrotten. Frukosten består i omelett, pannekaker eller egg saman med loffskiver. Vi har spandert på oss sjølve litt nutella sjølvsagt og det gjer jo saken betre. Dette et vi klokka 0800, etter morgonbønna. Etter 5 timar utan mat er klokka blitt ett og det er klart for ein etterlengta lunsj. Normalt hadde Gudvangen allereie hatt tre måltid på denne tida, men slik er det ikkje her. Då er det ris, poteter eller/spaghetti saman med salat og bønner i saus. Middagen er ikkje før klokka sju, og då er det igrunn same valga som til lunsj. Så er måltida over for dagen.

På ettermiddagane gjer vi veldig lite. Vi har kjøpt oss syklar som vi er veldig stolte av. Ganske ofte syklar vi til byen for å shoppe ting som solkrem, sjokolade, chips, myggspray, duphalac, klede eller diverse anna. Det er like spanande kvar gong å sjå om vi kjem fram eller ikkje. No skal det seiast at alle vegar fører fram her i Morogoro, uansett.

 

Ihelgene henger vi med våre fysiavener frå Møllendalsvegen.

Dei bur litt langt vekke, men ikkje langt nok til at vi ikkje finn fram med syklane våre. Sidan vi bur i innlandet er det ingen strender her, men det er to hotell her som har badebasseng. Vi foretrekk Oasis hotel. Der kostar det berre 4000tsh  for ein heil dag. Altså cirka 16kr. For 40 kroner får du eit fantastisk godt og STORT måltid som held resten av dagen for min kropp. Ellers har vi funne ei dame som kan massere. Ho heiter kanskje Agnes og jobbar på Acropol hotel.

Vi har også gått opp Uluguru Mountain.Veldig flott tur, anbefalast. Vi slo fylgje med Halida som jobabr på Amani. Fekk sjå nokre små landsbyar oppi fjella, smake på diverse ting og bade i waterfallsa. Det var awesome!

Vi kan vel ikkje kalle oss lommekjende i Morogoro heilt enno, men vi er på god veg.

-Gudvangen

 

 

Introduksjonsveke i Dar Es Salaam

Introduksjonsveka i Dar Es Salaam er for lengst over, men føler kanskje den er vesentleg å fortelje om. Den gjekk føre seg ved Institute of Social Work (ISW) som er ein del av universitet i Dar. Der hadde Miss Leah og vår gode ven og studentguide, Hassan ansvar for oss. Vi hadde ei fantastisk flott veke og vart varta opp som kongar kvar einaste dag. Ting tok ofte laaaang tid og vi fekk verkeleg oppleve korleis det var å leve etter african time. Ganske smooth, men litt i overkant nokre gonger. Tenker eg tek veka dag for dag og kanskje litt i korte trekk slik at innlegget ikkje vert aaaltfor langt.

Før eg startar vil eg berre sei: Framtidige utvekslingsstundentar, gled dykk til denne veka! Den er fantastisk! Vi hadde nok ikkje overlevd i Dar Es Salaam utan den!

Måndag 02.01

Vart henta av Hassan. Han hadde leigd ein dalla-dalla (lokal buss). Reiste til ambassaden for å registrere oss. Der fekk vi helse på bilete av vår kjære Konge og Dronning.

Det første som møtte oss på norsk i Tanzania var utfyllingsskjema på ambassaden… og det var på nynorsk. Hjarte!

Deretter fekk vi fiksa oss simkort før vi reiste til ISW. Der skulle vi møte Miss Leah. Det tok si tid. Vi åt lunsj i kantina medan vi venta. Det var kjempegodt. Venta eit par timar. Her er Opsal og Hassan. Gladlaksar!

Så kom Miss Leah. Hadde ein liten introduksjon. Etterpå tok Hassan oss med for å sjå på solonedgangen og ete god mat.

I Tanzania nyttar dei tanzanianske shilling. Har hatt store innkjøringsproblem i den kursen. 1 NOK=264 TSH. Gratulerer! Tok ut 200,000 tsh, fekk alt i 5000-lappar. Score!

Tysdag 03.01

Forelesing om Tanzanias velferdsordning. Veldig spanande. Etter lunsj, skaffa oss moden slik at vi vart tilgjengelege. Vi gjekk også tur til ein marknad. Fikk sjå korleis dei laga alt dei selgde. Det var varmt og vi var veldig svette, men det var kjekt.

Etterpå reiste vi til ei strand og tilbragte resten av dagen der. Her i Tanzania et dei middag klokka 20.00. Vi spurde på hotellet om vi kunne bestille middag klokka 17.00. Det var greit, men dei sa det ville ta litt tid. Vi følte jo at vi allereie var på african time, så kvifor ikkje berre vente litt. Såå vi venta.. og venta.. og venta.. nokre fekk maten etter 2,5 time, dei siste fekk maten sin akkurat 3 timar etter vi bestilte! Hurra for african time! Vi hadde det jo fint, så kom myggen på besøk.

Onsdag 04.01

Forelesing på ISW. Miss Leah fortalde oss om HIV og AIDS i Tanzania. Dette var veldig interessant og vi lærte mykje. Blant anna at i Tanzania er det vanleg å ha sex 4-5 gonger dagleg!! Etter lunsj lærte vi om korleis det er å leve med disability og kva som vert sett på som impairement, disability og handicap. Dette var veldig nyttig og vi lærte mykje.

Lunsjen var like god denne dagen. Etterpå reiste vi til eit dagsenter for born. Det var ei dame som dreiv senteren og ho fortalde oss mykje spanande. I Tanzania har kvinnene berre tre månadar med permisjon etter dei har fødd. Etter omvisninga og drikkinga av brus i bakgården fekk vi lov til å leike med borna. Dei var veldig søte, nesten til å ete opp! Trur kanskje ikkje det finst ein einaste unge her som ikkje er søt!

Etter endt skuledag reiste nokon på kino medan nokon reiste tilbake til Passionist Father for å slappe av. Bra dag!

Torsdag 05.01

Vi vart henta tidleg. Leigde ein dalla-dalla. Reiste til Mtoni special school. Der var det ferie, så det var ikkje så spanande.

Fann ein del ungar i gata istaden for. Dei vart glade for å sjå oss, så vi ga dei ballongar.

Tok ei ferje. Den var stor og full, ikkje som Lavik-Oppadal-full, men OVERFULL!

Kjørte ganske langt. Fann ein dyrepark. Venta lenge før vi gjekk inn, uvisst kvifor, sikkert berre for å vere sikker på at vi går på african time.

Det var mange fine dyr der! Heldigvis var dei fleste inngjerda. Lurer på kva skade desse ville gjort dersom dei ikkje var i bur…

Denne derimot var visst ikkje så farleg, så den fekk gå fritt.

Gudvangen vart forresten klora av ein apekatt…i bur. Han var klåfingra og angreip heilt utan forvarsel.

Det gjekk ganske fint. Hellte på antibac med ein gong (sidan det var det næraste eg kom pyrisept) og la på eit par plaster sidan vi er så flinke helsearbeidarar. Var eigentleg ganske nøgd heilt til…

hypokonderane Standal og Vika kom med sine bekymringar om rabies og hepatittar og herpes og alt som var… då vart det andre bollar.

Etter å ha leika i dyrehagen reiste vi til eit hotell der vi sola oss.

Fredag 06.01

Vi besøkte ein gamal village for å sjå korleis dei budde før i tida, og for så vidt no også. Deretter måtte Gudvangen krypa til korset og reise til sjukehuset. Heldigvis var Hassan ein engel og fylgde med heile vegen inn til sjukesenga. Der var det nesten som på reklamen over skumle sjukehus der det kjem folk inn og seier uforståelege ting og går att, berre at det var eit flott sjukehus og at dei var flinke. Vart behandla av fire forskjellege personar på den tida eg var der. Ei som tok imot meg og målte blodtrykk, ho gjekk forresten berre, så eg vart sitjande der med pumpa på armen. Kunne for så vidt sjå at blodtrykket var perfekt, så det gjekk bra. Ein lege kom for å høyre kva problemet var. Prøvde så best eg kunne å forklare at eg vart klora av ein ape, men at eg følte meg fin og at såret var lite og såg bra ut, men at eg ville forsikre meg om at ikkje hadde vorte smitta av rabies eller noko anna rart. Han lo litt då han såg såret, men forsto problemet… trur eg. Ei dame kom og tok blodprøve. Ei anna sto og såg på meg… lenge. Spurde ho kva eg venta på. Så kom ei dame med tablettar til meg. Eg spurde kva det var.. «painkillers», men sjølv om eg prøvde å forklare at eg ikkje hadde noko pain, så måtte eg ta imot. Etter å ha venta litt til tok ho fram to sprøyter. Lur som eg var, hadde eg med meg vaksinasjonskortet. Frykta at den eine var stivkrampa (som eg allereie hadde pint meg gjennom i Noreg). Prøvde å forklare at eg hadde tatt den, viste til og med i kortet mitt, men til inge nytte. Godt eg ikkje har sprøyteskrekk (EG HAR DET), men Hassan holdt meg i handa. Fekk også rabiesvaksine. Tenkte at no var eg vel ferdig, men fekk beskjed om å vente. Kva venta vi på? Joda, vi venta på resultatet av blodprøven. Som sjølvsagt viste at eg var frisk som ein fisk. Sååå…då hadde eg ikkje trengt å pine meg gjennom dei to vaksinene. Hurra!

På veg tilbake til dei andre stoppa vi og åt på Subway, NAM! Så såg vi presidenten.

Beklager lite bilete her, men opplasteren på sida her/internetten min er ikkje heilt på mi side i dag!

Om kvelden hadde vi avskjedsfest før vi vart splitta. Her er heile gjengen med vernepleiarar, fysioar og radiografar og Hassan sjølvsagt. Smil.

Laurdag 07.01

Moshi-gjengen reiste dit. Vi andre reiste til Bongoyo. Ei øy. Dit tok vi båt. Så bada vi, sola oss, spelte beach og kosa oss glugg ihjel. Nokre av oss var blitt forstoppa, så vi måtte iherdig prøve å forklare dette på eit apotek. Scora og fekk tak i duphalac. Det funka.

Om kvelden gjekk dei 6 siste vernepleiarane og dei 2 fysioane på ein beachbar for å kose seg. Nokon var litt solbrente og Standal følte seg plutseleg ikkje så ginger lengre.Score.

Gudvangen og Opsal klar for morro i Morogoro.

Gudvangen prøvde å bestille «plane fries». Gjekk ikkje så bra… endte opp med plane RICE! Jaja, mat er mat.. var godt!

 

 

Sundag 08.01

Klar for avreise til Morogoro saman med fysioane Norman og Kjosaas. Turen starta faktisk litt kritisk med eit par tima i solsteiken, utan skugge..

i påvente av ein buss som ALLE skulle presse seg inn på samstundes… sjølv om det var nummererte seter. Det gjekk fint, men vi hra veldig svett og det var ikkje berre svette som sat att på svetteduken etter ÉIN tørk i ansiktet.

Bussturen var kjekk med skrikande barn, selgarar som konstant skulle tilby noko både inne og utanfor vindauget, folk som gjekk fram og tilbake og sola som steikte. sjølvsagt var det ingen air condition, men det gjekk bra og vi koste oss til ein viss grad.

Etter bortimot fire timar var vi endeleg framme! Fann oss ein taxi og kom glade fram til praksisplassen.

Fekk oss eit rom og var godt nøgde. Eg har kaøysenga og Opsal har den fine.

HUH, dette vart langt! Får håpe det var verd å lese.

-Gudvangen

Kom, bli med meg på utveksling til Tanzania!

Hei alle lesarar!

Startar med ein liten introduksjon av meg sjølv og mi utveksling til Tanzania.

Marita er mitt namn. Eg er ei jente frå Sogn som no går tredje og siste år på vernepleie ved HIB. Eg har valt å reise på utveksling til Tanzania, nærare sagt Morogoro. Der skal eg ha min siste praksisperiode, før eg forhåpentlegvis kan kalla meg vernepleiar. Eg skal, saman med Bjarte Opsal, jobbe på ein institusjon for born med psykisk utviklingshemming. Senteret heiter Amani Centre og ligg som sagt i Morogoro, cirka tre timar frå Dar Es Salaam.

Det er nok fleire grunnar til at eg har tatt dette valet med utveksling. Eg syns det er svært spanande med nye utfordringar, ein ny og ukjend kultur, kjekke folk å reise med, ein god erfaring å ta med seg vidare og at det vil vere spanande å prøve noko anna enn Bergen kommune sidan eg først har sjansen.

I starten av søkeprosessen til utvekslinga var det ein del kluss både her og der, og eg hadde eigentleg bestemt meg for å ikkje reise. Prosessen fram mot avreise har vore litt opp og ned, men eg er veldig glad for at eg ikkje trakk meg.

Den 28. desember starta eg mi ferd ut i den store vide verda. Sjølve praksisperioden min starta ikkje før 2. januar, men saman med sju medstudentar fann eg ut at det ville vere lurt å starte turen med nyttårsfeiring på Zanzibar. Der nytta vi tida til å kjenne litt på den afrikanske kulturen, bli van med den intense varmen, prøve oss på swahilien og berre slappe av og lade opp til våre nye eventyr. Vi fekk også selskap av fem radiografstudentar frå HIB, noko vi sat stor pris på. Det har vel igrunn ingen fagleg innhald, men slenger likevel med nokre bileter som viser kor flott vi hadde det (i tilfelle framtidige utvekslingsstudentar treng litt tips og motivasjon for å reise).

Vi budde på Dolphin Bay Resort i ein by som heiter Kizimkazi heilt på sørspissen av øya. Var eit fantastisk hotell der vi budde i ein stor villa. Mannen som eigde hotellet var dansk, så det var mange europearar der. Vil verkeleg anbefal dette hotellet. Det var litt dyrt, men overkommelig for berre nokre få netter og delt på 8 stk. Dette var villaen vår!

Her er heile vernepleiargjengen som reiser (minus to som ikkje landa i Dar Es Salaam før 2. januar.)

Bak f.v.: Cecilie Storm, Rebecka Husvik, Kjersti Skeie Sunde, Nathalie Regin Vika, Ane Vinjerui, Bjarte Opsal, meg sjølv og Ingvill Standal. Fantastisk gjeng!

Etter nokre dagar på Zanzibar reiste vi vidare til Dar Es Salaam for å tilbringe ei veke der ved Institute of Social Work (ISW). Der møtte vi også dei to siste vernepleiarane og to fysiostudentar. Saman var vi altså 17 studentar frå HIB som tilbragte ei veke saman. Trur nesten det må verte eit eige innlegg om den veka, for der er det slutt på tørrpraten og starten på det faglege.

Stay tuned!

– Gudvangen