Grastveit-Jørgensen algoritmen

No er oppgåva om ”The use of a feed-forward back-propagation artificial
neural network to predict the behavior of steel caged reinforced concrete
columns under the combination of axial load and bending moment” levert og vurdert, og me kan offisielt kalla oss ingeniørar!

Dersom du er interessert i å reise til Valencia, sjekk ut Valenciaguiden nedanfor.

Restaurantar

La Lola (Spansk)
Subida del Toledano, ved Catedral de Valencia
Prøv dagens femretters eller tapas i spanske omgjevnadar.
Halvdyrt.

La Papardella (Italiensk)
Calle de Bordadores 5, ved La Lola
Kjent italiensk restaurant. Ofte fullt, lurt å være tidlig ute.
God mat, forholdsvis billig. Bestill dessert!

La Sardinerìa (Spansk)
Calle de Bordadores 10
God og billig tapas. Anbefalar Croquettes og Calamares

La Pepica (Spansk)
Paseo Neptuno 6-8, strandpromenaden (Las Arenes)
Historisk fiskerestaurant. Fantastisk Paella serverast i lunsjen.
Prøv Paella Pepica eller Paella Marisco med husets kvitvin.
Halvdyrt.

La Devina Comedia (Italiensk)
Strandpromenaden, bortanfor La Pepica (Las Arenes)
Veldig god pizza og papardelle.
Forholdsvis billig.

Neco (Spansk)
Calle de Pascual y Genìs 9, ved handlegatene
Billeg buffetrestaurant med nydelig mat.
Stort utval.

Taberna Gallega Aldara (spansk)
Dr. Romagosa 19
Bra og billig restaurant i shoppingområdet.

 

Uteplassar

Las Animas Puerto
Passeo Neptuno, ved havna.
Åpningstider: 24.00 – 06.30 onsdag – lørdag. Stenger tidlig (05.00) søndag – tirsdag.
Ok nattklubb, men uhygieniske toalettforhold. Om sommaren opnar takterrassen.
”Terraceparty”

Bolserìa
Ved Plaza Tossal, Calle Bolseria
”Vorspielklubb”, stengar kl. 03.00

Caribbean`s
Calle de Belgica 5, like ved Mestalla.
”Vorspielklubb”, stengar kl. 03.00

 

Må sjåast

Bioparc
Av de Pio Baroja 3
Pris: 21 euro per pers.
Stilig ny dyrehage. Bygd slik at gjerdene nesten ikkje viser, det ser ut som dyra går fritt.

Ciudad de las Artes y las Ciecias
Kjende konstruksjonar som ”Harpa”, ”Kvalskjelettet”, ”Darth Vader`s hjelm” , ”Auga”, ”Maurslukaren” og ”Åma”, teikna av blandt anna Santiago Calatrava ligg i enden av elveparken.
Akvariumet Oceanografic er verdt eit besøk.

Mercado central
Plaza del Mercado
Åpent 08.00 – 14.30 måndag – laurdag
Påstått Europas største innandørs ferskvaremarknad.

Catedral de Valencia
Plaza de la Reina
Pris: 4,50 inclusivo audioguido. (Klokketårn 2,50 euro)
Favorittkatedralen vår. Dette er ein gotisk katedral, påbegynt på 1200-talet. Her fin ein blant anna “den heilage gral” og venstrearmen til San Vicente Martyr. Hugs å klatre opp i klokketårnet der ein har utsikt over heile byen.

La Lonja
Plaza del Mercado
Pris: 1 euro (student)
Kjend som den vakraste bygningen i byen.

Torres de Serranos
Plaza de los Fueros
Pris: 1 euro (student)
Byporten.

L`Almoina
Plaza de L` Almoina
Pris: 1 euro (student)
Utgravne ruiner under byen frå romersk tid.

Museo de Bellas artes
Calle de San Pìo V 9
Gratis inngang.
Gigantisk fine arts museum. Inneheld verker av El Greco og Goya, samt mange lokale kunstnarar.

Instituto Valenciano de Arte Moderno (IVAM)
Calle de Guillem de Castro 118
Pris: 2 euro. Gratis på søndagar.
Moderne kunstmuseum.

Casa- Museo Josè Benlliure
Calle de Blanquerias 23
Pris: 1 euro (student)
Heimen til kunstnarfamilien Benlliure. Museum og galleri.

Jardines del Real
Calle de San Pio V
Finaste parken.

Shopping

Gå av på metrostoppet Còlon. I Calle de Juan de Austria finn ein kjedebutikkar som Zara, Mango, Pull and Bear og Sephora. Vår favorittgate er Calle de Jorge Juan der det ligg litt dyrare butikkar som Cos, Bimba & Lola og Sandro. Designbutikkane ligg i Calle del Poeta Quintana.

 

Mødre, roser og bæreposer

Mammaen til Caroline kom på besøk.

Me tok med gjesten på tur i Royal gardens og studerte rosebuskane.

«Livet er ikkje berre ein leik, det er også ein dans på roser.»

Turen vidare gjekk til “Museo de Bellas Artes” som inneheld mellom anna religiøs kunst og kjende verker av til dømes El Greco og Goya. Her inne er det strengt forbode å ta bilete, difor snikfotograferte me berre ein gong.

Etter nok ein tur i Catedral de Valencia for å sjekka ut “The Holy Grail” (Caroline vitja katedralen for fjerde gong), klatra me 206 trappetrinn til toppen av klokketårnet.

Heng utanføre togstasjonen “Estaciòn del Norte”. I fylgje guideboka vår ser utsmykkinga av togstasjonen ut som: “A rich, creamy wedding cake”, med andre ord er det eit særs stileg bygg.

Ekstremshopping på matmerknaden.

Etter innkjøp av ein boks oliven, trengte me ein pust i bakken.

Harpebrua til Calatrava i Turia-parken.

Byggingeniørane sjekkar helningsvinkelen på utsmykkinga, den vart estimert til ca. 42 grader.

Fotoshoot og fjasing under åmekonstruksjonen til Calatrava.

Jordskjelv.

Lunsjen vart innteken på La Pepica. Dette er ein kjent restaurant som vart opna på slutten av 1800-talet, og har gjesta store intellekt som til dømes Ernest Hemingway og dei to forvirra byggingeniørane avbilda ovanfor (+ Mamma).

Litt himmelkunst på strandpromenaden.

Takk for besøket!

Blanda drops og besøk

Øystein kom på besøk.

Me feira med ein tur på italiensk restaurant.

1 stk Øystein og 1 stk pizza.

I Cathedral de Valencia.

Sightseeing i jernvarehandelen.

Femretters middag på “La Lola” for 25 euro per pers. Restauranten er anbefalt av Lonely Planet og serverer “Mediterranean fusion”.

“Mediterranean fusion”=Paella con kanin.

Utforsking av “Museo de las Ciencias Príncipe Felipe” lokalisert i “Ciudad de las Artes y las Ciencias”.

Inne i kvalskjelettet til Santiago Calatrava.

Vitenskapssenteret var ikkje lett å bli klok på, men me fann Hulken.

La Lonja, kjent som det finaste bygget i Valencia.

Caroline prøvde seg som guide, men Øystein var meir oppteken av anleggsarbeidet i vegkanten. Flott kyrkje i bakgrunnen.

Caroline peikar på det me antek er penthousen vår. Bilete er teke fra byporten “Torres de Serranos”.

4 stk cupcakes.

Endeleg 17. mai! Laks og eggerøyre til frukost.

Nokon var særs gira og fekk nytte av dei ymse effektane som Øystein medbrakte frå kjære Noreg.

Me feira dagen på “Casa-museo José Benllure”. Museumet var heimen til kunstnaren José Benllure og familien hans på 1800-talet.

Caroline fann Valencia si styggaste fontene.

 

 

 

 

 

Snart 17. mai!

Me ladar opp til ei heidundrande 17. mai feiring i Valencia i morgon. Både flagg og nasjonalkjensle er i boks. Sidan me ikkje lenger har internett i leilegheita tyr me til alternative løysingar, no sit me på Starbucks.

Hipp hurra og følg med!

Ny veke, nytt besøk

To flotte jenter kom på helgebesøk. Hurra!

Første kveld var me i gamlebyen og smakte på lokale delikatesser.  Den oppkutta, lilla blekkspruten med seige sugekoppar fall ikkje heilt i smak hjå gjestene.

Uheldigvis for kredittkorta til underteikna, ville gjestene tilbringa laurdagen i handlegatene. Til lunsj åt me store mengder paella.

Sletne shopparar vart snikfotografert.

Kosar oss på byen.

Etter to timar med søvn, drog me i dyreparken på søndagen.

Den ivrige fotografen Maria tok ca. 1000 bileter av ymse dyr.

Caroline tok bilete av Maria.

 

Kamuflasje i dyrehagen.

 

Nokon har putta pengar på Caroline.

 

 

 

Sleten i pelsen.

Siste kvelden var me på italiensk restaurant, her er eit fint bilete av noko heilt anna.

Takk for besøket, jenter!

Bustad, besøk og bacheloroppgåve

Spanjolane har informert oss om at me har busett oss i Valencias svar på the Bronx, noko me sjølvsagt er svært nøgde med.

What’s the deal, yo!?
Spansk byggeteknikk hjå naboen.

Eit bilete av stova vår. Me har somregel like klede på oss.

Gangen.

Fredagskos med Anatomiá de Grey y Cinco Hermanos på tv’en. Dei spanske glosene kjem sakte men sikkert v.hj.a lett lesning i spanske Vogue.

Terassen vår.

Her ser dykk butikken ”Europris gone wild” som ligg i kjellaren i blokka vår. Her finn du alt som trengs for å vera streetsmart (oversikt over innkjøp kjem ved ein seinare anledning, følg med!)

Her er eit bilete i ”Jardines del Real.” Ein nydeleg park ca. 15 minuttars gange frå leilegheita.

Kvar er Caroline? (Ragnhild øver seg på fotografering.)

 

Lunsj på Mercado de Colón i shoppingstrøket. Dei fleste handlegatene er samla i området rundt Colón, her finn du alt fra kjedebutikkar til svindyr design.

 

Me gjer ein god innsats i å bruka opp alle sparepengane våre.

Janne Kristin kom på besøk tirsdagskveld. Me feira med tapas og raudvin.

Onsdagen gjekk med til shopping. Her har me ein kunstpause med eit glas raudvin.

Nok eit avbrekk frå ein hard shoppingdag.

Dagens quote frå Janne Kristin: ”Det e ikkje rart dei kalle shopping ein sport!”

På jakt etter engelsk lektyre fann me norsk litteratur på salg.

På kvelden luska me rundt i gatene i gamlebyen.

Me fann til slutt ein plass der me kunne ta eit avbrekk frå luskinga.

Etterpå luska me oss heim.

Sidan gjesten vår er over gjennomsnittet interessert i matlaging, tok vi ho med til Mercado Central. I følgje vår elska guidebok frå Lonely Planet er dette eit av dei største innandørs matmarknadane i Europa. Dei to underteikna byggingeniørane har vore her ein gong før, men då fekk dei prestasjonsangst og snudde i døra.

Dagens innkjøp på marknaden.

Me hadde lunsj på vår favorittrestaurant i gamlebyen. Her ser dykk to vanlige spanske lunsjretter. Caroline har for øvrig Paella i munnen, derav det stive smilet.

Ein buss og eit rådhus.

På kvelden laga me tapas av råvarene frå marknaden. Janne Kristin fann sin favoritt-cava (spansk sprudlevin) til ca 10 kroner på Mercadona’n.

 

Etterpå gjekk turen til Superclub. Ein hip spansk nattklubb.

Morgonen etter stressa Janne Kristin og Caroline avgarde for å utforska ”Ciudad de las Artes y las Ciencias” (The city of arts and science), medan Ragnhild var heime og sov. Parken er Valencias mest kjente turistattraksjon, utforma av byens store son – arkitekten Santiago Calatrava.

I parken finn du Oceanogràfic, Europas største akvarium, som Ragnhild ved ein tidlegare anledning vitja. Her ser dykk litt nervøse Janne Kristin ståande i den 70 meter lange haitunnelen.

Etter nokre dagar i saman med oss var Janne Kristin klar for heimreise.

Me vil med dette nytta anledninga til å takka så hjertelegast for besøket, og for at du lærte oss å regulera varmen på gasskomfyren.

Helga gjekk med til trening og museumsbesøk. Her er Caroline utanfor IVAM, ”Instituto Valenciano de Arte Moderno”. Her fekk me med oss fire ulike utstillingar, nokon betre enn andre.

Ulovleg fotografering av ymse kunstverk.

Til slutt vil me poengtera at me no har byrja å jobba med bacheloroppgåva.

 

 

Sumar, sol og såpedispenser

Hello, Kitty!

 

No har sumaren kome her i Valencia og temperaturen er svært tilfredsstillande. Sidan sist har me kjøpt ny såpedispenser. Me har eit lite samarbeidsvillig mobilt breiband noko som fører til lite aktivitet på bloggen, men me kjem sterkare tilbake når breibandet føler for det.

I dag kjem Janne Kristin på besøk heilt fra Bergen. Me er særs excited!

Sightseeing

Den siste tida har me brukt på å orientera oss i byen.

Me vart begeistra for dei gamle husa i nærleiken av stranda (Playa de las Arenas) utsmykka med baderomsfliser.

 

Ragnhild jobba med tan’en sin.

Caroline framfor ein massiv betongkonstruksjon med namnet «Veles e Vents». Bygget er eit landemerke for hamna Port Americas Cup. I følge guideboka frå Lonely Planet er bygget heilt uten funksjon store deler av året.

Ein dag var me i Carmen-distriktet, «gamlebyen» i Valencia. Her er det mange gamle historiske bygningar samt interessante butikkar (sjå ovanfor).

Me utforska kyrkjer og drakk Vino Tinto.

På ein veldig populær restaurant i gamlebyen fekk me treretters middag + drikke for 12 euro. Ovanfor ser dykk forretten Melón con Jamón, ein personleg favoritt.

Utanfor Catedral de Valencia, også kjent som Iglesia Catedral-Basilica Metropolitana de la Asunción de Nuestra Senora de Valencia. Katedralen vart påbegynt i 1238, stilen er gotisk med innslag av barokk.

Me var skikkelige turistar og fekk utdelt Audioguide.

Det utsmykka alteret.

Ragnhild lærar noko nytt om gotisk kunst.

Stjerneformasjon i kuppelen.

Kulturelt bilete av Caroline på Plaza de la Reina.

uKUlturelt bilete av Ragnhild.

Lørdagskvelden var me ute med eit par Erasmus-studentar. I Spania går dei ut i 12-tida, då gjerne på ein mindre club. Her står dei i sirkelformasjon og drikk alkoholhaldig drikke medan dei svingar seg lett til den høge musikken. I 2-3-tida går ferda vidare til ein litt større club. Då to trøtte nordmenn ville heim i halv 5-tida fekk dei beskjed om at det var alt for tidleg og at festen ikkje var over før klokka 08.00.

På søndag sov me.

Adios amigos!

 

 

Veke nr. 2

Nok ei veke er gått. I Spania har skuleelevane to veker påskeferie, og  Caroline har tilbrakt første veka på eit cruise utanfor Miami. Eg har vore att i Valencia, og dagane har gått med til lesing på stranda, besøk i akvariet Oceanografic, samt seine kveldar og fjellklatring saman med ein herleg gjeng spanjolar frå skulen. Eit tips til andre som ynskjer å reisa som utvekslingsstudent til Valencia, eller andre byar i Spania der det er lite turistar, er å læra seg spansk på førehand. Svært få spanjolar kan nemleg snakka engelsk.

 

 

Den flotte stranda i Valencia

 

Stilige dyr i Oceanografic

 

Tiburón

 

Carmen og Carlos på veg opp fjellsida

 

Ukjent, Alberto og Niko klatrar ein av dei vanskeligaste løypene på led.

 

Eg klatrar ein av dei lettare løypene på topptau.

 

Den første veka i Valencia

Hola!

Me er to stykk byggingeniørstudentar på utveksling til Valencia for å skriva ei spanande bacheloroppgåva om styrking av betongsøyler.

Her kjem ei kort oppsummering v.h.a. bileter.

Det regna når me ankom, og kalde nordmenn følte seg heima.

Kald Ragnhild.

Caroline hadde internettproblem…

…og våte  sokkar.

Me budde på Indigo Youth Hostel dei fyrste dagane, medan me leita etter apartamentos. Det var absolutt til å anbefala, sjølv om tilgangen til internett var noko ustabil.

Me fant seinare ut at det ALDRI regnar i Valencia, dette må vera eit fenomen me tok med oss frå Bergen.

Det var ganske enkelt å finna leiligheit og me flytta inn allereie etter to dagar. Me bur i utkanten av byen, ca 15 min fra Universidaden. I følge huseigar er det ein penthouseleilighet med stor takterasse, og det er me nesten einige i.

Her er eit bilete av eit småfresht, eigenkomponert tapasmåltid som me konsumerte på den ca. 30 kvadratmeter store terassen.

På skulen kan me kjøpa Ensalada for € 2,50.

Her står Ragnhild under eit tre i nabolaget vårt.

Sentrum.

Me avsluttar med eit lite utvalg bileter fra dyrehagen BioParc.

Caroline tar bilde av flodhesten.

 

Løvekoz.

Hasta pronto!